Krigføring gjennom tidene

Dei første menneska utvikla reiskapar til bruk i jakt. Dei trong skarpe og spisse reiskapar for å drepe dyr. Med befolkningsvekst fekk mennesket behov for å forsvare seg mot konkurrerande stammar. Jaktreiskapane vart til våpen. Frå dei første knivane vart laga, har våpenproduksjonen utvikla seg enormt. Men sjølve bakgrunnen for krig er framleis den same: Hensikta er å nedkjempe ein fiende.

Skotsk kavaleri
Skotsk kavaleri

Jeger- og sankarkulturar

Dei første menneska var jegerar og sankarar. Dei jakta på dyr og samla etande plantar. Menneska levde i mindre grupper og hadde dei geografiske områda sine der dei jakta og budde. Dei var nomadar, og var stadig på flyttefot. Dei måtte vere der dyra var å finne. Fast busetjing vart det ikkje før jordbruket utvikla seg for 14 000 år sidan.

Jakt i steinalderen

Frå jaktreiskap til våpen

For å nedkjempe dyr måtte mennesket lage jaktreiskapar. Reiskapane vart laga av stein, tre eller dyreknoklar. Vanlege reiskapar var knivar, spyd, steinslyngje, blåserøyr eller pil og boge. Det var mykje mat å få tak i, så befolkninga auka. Då jordbruket vart oppfunne, begynte folk å busetje seg på faste stader. Då oppstod behovet for å forsvare og kontrollere landområdet sitt. Dei første væpna konfliktane oppstod, og jaktreiskapane vart brukte som våpen.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Verktøy fra steinalderen
Verktøy fra steinalderen

Krigarstaten Sparta

Frå 550 f.Kr. og framover voks bystaten Sparta og vart ei sterk og effektiv militærmakt. Sparta hadde ei form for demokrati og hadde den mektigaste hæren i Hellas i antikken. Dei var den mektigaste staten før Athen overtok den rolla.

Athen var ofte i krig med Sparta. Mennene var gode krigarar, for dei hadde fått militær opplæring frå dei var 7 år gamle. Fram til dei var 30 år, budde dei i militærleirar med hard trening og streng disiplin. Spartanarane meinte at gutane vart betre krigarar viss dei hadde det fælt.

Militærtenesta i Sparta heldt fram til ein vart 60 år. Krigarane hadde langt hår, hjelmar og raude kapper. Dersom soldatane ikkje kunne vinne eit slag, måtte dei kjempe til alle var døde.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Romarriket

Romarriket er eit av dei mektigaste imperia i historia. Vi reknar Romarrikets stordom frå 240 f.Kr. til 400 e.Kr. Romarane utvikla ei taktisk krigføring som gjorde dei nærast uslåelege. Dei romerske legionane bestod av fleire tusen soldatar. Dei brukte store skjold, spyd og sverd for å nedkjempe fienden. Dei utvikla òg store katapultar og rambukkar. Med desse kunne dei knuse festningar og slå inn portar.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Vikingtida

I Skandinavia utvikla det seg eit krigarfolk på 700-talet. Det første kjende vikingangrepet kom i år 793 på øya Lindisfarne i Nord-England. Med dei fantastiske skipa sine, sverd, økser og skjold herja vikingane rundt i Europa i eit par hundre år.

Vikingane var ikkje berre krigarar, sjølv om det ofte er det vi lærer. Dei fleste i Skandinavia var bønder. Nokre dreiv med handel, og andre oppdaga nye landområde. For mange var drivkrafta likevel rikdom, og derfor plyndra dei svake motstandarar som prestar og munkar. Etter kvart møtte dei større og større motstand, og vikingtida vart avslutta på 1050-talet.

Vikingane har blitt skildra gjennom ei rekkje sesongar av TV-serien «Vikings». 

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Korstoga

På 1100- og 1200-talet vart krigføringa i Europa i stor grad retta mot den muslimske delen av verda. Den katolske verda ønskte å spreie kristendommen og omvende muslimar. Namnet kjem frå dei raude korsa som dei måla på skjold og klede.

Dei som trudde noko anna enn paven i Roma, skulle drepast. Religionar har nesten alltid stått mot kvarandre, og det gjer dei framleis.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Krut og kanonar

Med innføringa av krut og kanonar på 1500-talet vart krigane heilt annleis. Det var lite som kunne stå imot den eksplosive krafta til krutet. Oppfinninga frå Kina gav dei krigførande heilt nye moglegheiter.

Gjennom 1600-talet og 1700-talet vart krig og våpenbruk meir systematisk, og millionar av soldatar vart drilla med jerndisiplin og kledde i like uniformer. På 1800-talet voks omgrepet om total krig fram som ei moglegheit.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Terrorbalanse

Andre halvdelen av 1900-talet var prega av ein «terrorbalanse» basert på atomvåpen. Krigane på 2000-talet er prega av stor forskjell mellom dei krigførande partane. Ei side har gjerne stor tilgang på moderne teknologi, som datateknologi og dronar, medan den andre parten nesten ikkje har noko. Dei stridande partane allierer seg ofte med andre land for å få tilgang til våpen, men også politisk støtte.

Frå borgarkrig til internasjonal konflikt

Krigen i Jemen starta som ein borgarkrig. Houthi-folket gjorde væpna opprør mot dei som styrte landet. Dei meinte at dei hadde blitt urettferdig behandla. Med åra fekk kvar side av krigen sine støttespelarar, og det utvikla seg etter kvart til ein internasjonal krig.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kjelder:

  • Iddeng, Jon Wikene; Steen, Tone; Tvedt, Knut AreRomerriket i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 8. desember 2020 frå https://snl.no/Romerriket
  • Bandlien, Bjørn; Solberg, Bergljot; Røvik, Sisselvikingtiden i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 8. desember 2020 frå https://snl.no/vikingtiden
  • Holmboe, Haakonkorstog i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 8. desember 2020 frå https://snl.no/korstog

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images / Nasjonal digital læringsarena – YouTube
    4. Getty Images
    5. Getty Images / Naked Science – YouTube
    6. HBO Nordic
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Almigdad Mojalli (VOA) / FN-sambandet Norge – YouTube