Moral

Moral handlar om korleis vi tenkjer når vi tek avgjerder. Kvar og ein av oss tenkjer nok ulikt før vi tek ulike val. Kvifor tenkjer vi slik vi gjer? Er det noko vi har lært oss til, eller er det berre ein tanke som dukkar opp der og då?

Kva den enkelte oppfattar som moralsk eller ikkje, er svært ulikt. Kva slags grunnleggjande haldningar har vi?

Moralske valg
Moralske valg

Grunnleggjande haldningar

Grunnleggjande haldninger kan handle om kva vi meiner er skadeleg, eller hva det betyr å vise omsorg. Det handlar om medkjensle, og om kva vi tenkjer om dei  som skadar andre.

Ei anna grunnleggjande haldning kan vere kva vi oppfattar som rettferd. Å bli behandla rettferdig handlar om retten vår til å tenkje og arbeide sjølvstendig i full fridom.

Lojalitet er òg ei grunnleggjande haldning. Det kan handle om å vere snill og hjelpsam, eller om å vere lojal mot dei næraste du har rundt deg. Vi kan òg vere lojale mot eit fotballag uansett om laget vinn eller ikkje. Dette er ei form for patriotisme.

Vi kan òg ha ei grunnleggjande haldning til legitime autoritetar. I Noreg meiner vi nok stort sett at politiet og regjeringa er legitime autoritetar. Slik er det ikkje i alle andre land. Der det er krig, kan befolkninga ha mista trua på dei som bestemmer i landet.

Vi kan òg ha ei grunnleggjande haldning til legitime autoritetar. I Noreg meiner vi nok stort sett at politiet og regjeringa er legitime autoritetar. Slik er det ikkje i alle andre land. Der det er krig, kan befolkninga ha mista trua på dei som bestemmer i landet.

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt
Grunnleggende holdninger
Grunnleggende holdninger

Så kvifor har vi ulik moral?

Tek vi utgangspunkt i ei grunnleggjande haldning som omsorg, så er nok alle samde om at ein må ha omsorg for barna sine. Vi bør òg ha omsorg for våre eldre. I nokre kulturar meiner dei at det er ansvaret til familien å ta seg av dei eldre. I andre kulturar overlèt ein ansvaret til staten, eller ein betaler private for å gjere dette.

Rettferd har ulik betydning i ulike kulturar. I vestlege land bestemmer unge mykje sjølve, mens i andre delar av verda er det ofte foreldra som bestemmer.

Ein type lojalitet er å samle seg rundt ein religion eller eit politisk parti. For nokre kan dette verke uforståeleg, medan for andre er det heilt naturleg.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Eldreomsorg
Eldreomsorg

Autoritetar

Kven ein reknar som autoritetar, er ulikt i ulike kulturar. Nokre heidrar «dei eldste», medan andre respekterer religiøse leiarar. Vi i Noreg viser nok først og fremst respekt for Stortinget, regjeringa og lovene i landet.

Stortinget
Stortinget

Andre problemstillingar

Det finst mange andre område der menneske oppfattar moral veldig ulikt. Døme på dette kan vere fattigdom, aktiv dødshjelp, og dei moglegheitene som teknologien gir oss. Det at vi i dag kan samle mykje data om kvarandre, byr på mange moralske utfordringar. Har vi rett til eit privatliv? Må alt vi gjer, bli registrert i ein datamaskin?

Aktiv dødshjelp
Aktiv dødshjelp

Kjelder:

  • Sagdahl, Mathea Slåttholm: moral i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 2. november 2021 frå https://snl.no/moral

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images