Kva er eit ekkokammer?

Ropar du inne i ein tunnel, høyrer du ekko. Tunnelveggane kastar ordet tilbake til deg. Eit ekkokammer er òg slik. Du høyrer berre det du forventar å høyre utan diskusjon med dei som har andre synspunkt. Men er det farleg, då?

Person står med armene strukket i været ved åpningen av en tunnel med grønne trær på utsiden.
Person står med armene strukket i været ved åpningen av en tunnel med grønne trær på utsiden.

Internett hugsar deg

Når du søkjer på internett, er det litt som ekkoet. Alle opplysningar du gir frå deg, kjem tilbake i form av personaliserte søketreff. Søkjemotoren viser deg ofte innhald han trur matchar deg, og ikkje ting som påverkar deg til å tru noko anna.

Pop-up- annonsar

Internett er fullt av reklame. Det «poppar» opp når du søkjer. Det matchar interessene dine og kjøpsvanar på nettet. Internett «hugsar» tidlegare kjøp, og det prøver å lokke deg til å kjøpe meir.

Cookies

Cookies er informasjonskapslar. Dei lagrar detaljane når du loggar inn. Staden du er på, og nettsider du søkjer, blir registrerte. Når du surfar på nettet neste gong, blir på ein måte informasjonen kasta tilbake til deg. Kvifor heiter det cookies, trur du?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Tegning av en hånd som klikker på accept cookies på en datamaskin.
Tegning av en hånd som klikker på accept cookies på en datamaskin.

Ekkokammer

Det same skjer òg i sosiale medium. Der finst det mange ulike digitale rom der medlemmane ofte er ganske samde om mykje. Dei har ofte dei same verdiane og haldningane. Synspunkt blir  gjentekne igjen og igjen – akkurat som eit ekko.

I desse ulike gruppene får du mykje informasjon som stemmer godt med oppfatningane dine, fordi sider som dukkar opp, stadfestar dei. Dette blir kalla eit «ekkokammer». Viss ein er med i eit slikt, vil ein òg tru at verda er slik. Inntrykket er jo at «alle» er samde, men er det slik?

Andre meiningar vil bli møtte med motstand, og ofte kan kan ein bli ekskludert frå gruppa.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
En person står i en boble med flere andre bobler rundt seg.
En person står i en boble med flere andre bobler rundt seg.

Ver kritisk til det du les

Å vere i eit ekkokammer kan eigentleg samanliknast med det å bli utsett for propaganda eller sensur. Det kan likevel vere meir farleg fordi det kan vere vanskeleg å merke at ein er i eit ekkokammer. Propaganda og sensur er heilt bevisst manipulering av sanninga. 

Døme på  ekkokammer

I USA er det mange som har sterke meningar for eller i mot våpenlovene. Amerikanarar som er for våpen til å forsvare seg med, søkjer kjelder som stadfestar det. Dei som er imot våpenlovene, søkjer kjelder som fortel kor farlege våpen er. 

Begge sider meiner dei har rett. Dei peiker på informasjon som stadfestar meiningane sine. Det blir vanskeleg å bli samde fordi begge partar er steile.

Det er viktig å vere ein kritisk lesar. Tenk deg godt om! Har du eigentleg høyrt heile sanninga? Kan du ha høyrt berre éi side? Kan det vere at du faktisk er i eit ekkokammer? 

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Det amerikanske flagget formet av ammunisjon
Det amerikanske flagget formet av ammunisjon

Slik oppstår ekstremisme

Mange miljø bevegar seg bort frå meininga til fleirtalet. Dei dyrkar eigne verdiar og haldningar. Nokre er sterkt imot demokrati, enkelte er rasistiske eller har nazistiske synspunkt. Dei ulike miljøa er i ekstreme ekkokammer der ein blir styrt i éi retning – forakt for politiske system, rasar eller ulike mennesketypar. Kvifor hamnar ein i eit slikt miljø, trur du?

Tredukke står på kanten av et bord og trykker en annen tredukke ned fra kanten.
Tredukke står på kanten av et bord og trykker en annen tredukke ned fra kanten.

Kjelder:

 

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images