Propaganda – Kva kan vi stole på?

Det seiest at sanninga er det første offeret i ein krig. For kven snakkar eigentleg sant – den som angrip eller dei som forsvarer seg? I alle krigar blir det brukt propaganda. Men kva er det egentlig?

Accessibility icon Propaganda – Kva kan vi stole på?

Det første offeret i krig er sanninga

Det seiest at sanninga er det første offeret i ein krig. For kven snakkar eigentleg sant – den som angrip eller dei som forsvarer seg? Kan vi tru på noko i det heile, og korleis skal vi kunne vite kva det er? I alle krigar blir det brukt propaganda. Men kva er eigentleg propaganda?

En mann står med en ropert og leder en demonstrasjon.
En mann står med en ropert og leder en demonstrasjon.

Kva er propaganda?

Parallelt med den fysiske krigen pågår det ofte ein propagandakrig. Propaganda er medviten påverknad av folk sine kjensler og tankar med hjelp av sterke visuelle virkemiddel, nyheiter eller retoriske taler. Det er ofte einvegskommunikasjon, og det vert ikkje lagt opp til dialog mellom avsendar og mottakar. Hensikta kan vere å spreie dei ideologiske, politiske eller religiøse oppfatningane til ein statsleiar, ei gruppe eller eit land, for å få  mottakarane til å tru på bodskapen. 

Kvar finn vi propaganda?

Propaganda blir spreidd gjennom massemedium som TV og radio, sosiale medium, nettaviser, plakatar, reklame, film eller flygeblad.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En skygge av en person står bak et TV-apparat og holder fiktive seere fast med tråder.
En skygge av en person står bak et TV-apparat og holder fiktive seere fast med tråder.

Er propaganda berre negativt?

Nazistane brukte propaganda før og under 2. verdenskrigen for å overtyde den tyske befolkninga og andre, om at deira verdssyn var det rette. Nazi-Tyskland hadde til og med ein propagandaminister, Joseph Goebbels. Jobben hans var å dyrke fram Adolf Hitler som den ufeilbarlege føraren og fremje nazismen og hatet mot jødane. Før 2. verdenskrigen hadde ikkje ordet «propaganda» så negativ klang. I dag assosierer nok dei fleste propaganda med noko negativt.

📷  Nazistane sin propagandaminister, Joseph Goebbels, held tale.

Eit destruktivt verkemiddel

Ordet «propaganda» er i seg sjølv ikkje negativt, for det betyr ‘utbreiing’ eller ‘spreiing’. Men når det fører til ei fordreidd verkelegheit, løgn, manipulasjon og i verste fall tap av menneskeliv, er det eit destruktivt verkemiddel.

Eit positivt verkemiddel

Propaganda kan også brukast positivt. Mange artistar bruker musikken til å spreie bodskapar om noko dei er opptekne av. Blant anna kampen mot fordommar og rasisme. I 2021 vart den store TV-konserten kalt «Hev stemma» arrangert. Her brukte mange norske artistar stemma si mot rasisme. Musikk kan nå ut til mange og skape endringar i samfunnet.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Nazistenes propagandaminister, Joseph Goebbels, holder tale.
Nazistenes propagandaminister, Joseph Goebbels, holder tale.

Hkeems «Ghettoparasitt»

Låten «Ghettoparasitt» handlar om fordommar mange møter i kvardagen. Artisten Hkeem skreiv denne låten i frustrasjon og i håp om at vi skal slutte å setje kvarandre i bås basert på etnisitet.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Ansikter laget av papir i ulike farger.
Ansikter laget av papir i ulike farger.

Korleis bruker folk  propaganda?

Formålet med propaganda er altså å nå ut til flest mogleg med ein bodskap. I samband med koronapandemien brukte statsminister Jonas Gahr Støre nyttårstala si til å påverke befolkninga til å ta vaksine. Dette var meint som ei positiv form for propaganda. Vaksinemotstandarar kunne oppleve dette som ei negativ form for propaganda. Vi som høyrde på tala, måtte sjølve vurdere på kva måte propagandaen påverka oss.

Ulike teknikkar

Korleis kan ein påverke menneske mest effektivt? Det finst ulike teknikkar for å nå ut med ein bodskap. Her er nokre av dei: 

  • Bodskapen baserer seg på noko «alle» veit:
    Det er farleg å bruke mobil når ein køyrer.
  • Omtale motstandarane sine som for eksempel rasistar:
    Du er jo akkurat som Hitler.
  • Einsidig framstilling av ei sak:
    Vi har absolutt ikkje bruk for ulv i Noreg.
  • Lage falske nyheiter – «Fake News»:
    Nettsida ser ut som NRK, så då er det vel sant det som står der.
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Portrett av Jonas Gahr Støre
Portrett av Jonas Gahr Støre

Å spele på kjensler

DØME 1

Propaganda appellerer ofte til kjenslene våre. Vi lar oss påverke av folk som gjer narr av andre, har raseriutbrot eller bruker sterke kjensler. Då Adolf Hitler heldt taler, var han ofte sint, og mange vart redde for å meine noko anna enn han gjorde. 

📷  Adolf Hitler i Weimar i 1933.
Adolf Hitler i Weimar 1933.
Adolf Hitler i Weimar 1933.

Å spele på  kjensler

DØME 2

Då Gretha Thunberg streika for miljøet i 2018, skapte ho eit sterkt engasjement. Under fleire av talene sine viste ho sterke kjensler. Mange vart begeistra for måten ho kjempa for miljøet på, mens andre vart provoserte. På neste side ser du eit klipp frå tala hennar under FNs klimatoppmøte i New York den 23. september 2019.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Tillit og truverd

Har vi tillit til nokon, trur vi på det meste vedkommende seier og gjer. Kven har du tillit til? Dei fleste i Noreg har tillit til kong Harald. Når han uttaler seg om noko, stiller mange seg bak det han seier. Ein annan mange har tillit til, er NATOs generalsekretær Jens Stoltenberg. Han opptrer sakleg, truverdig og er grundig førebudd når han held taler. Han driv med ei form for propaganda når han appellerer til NATOs medlemsland om å stå saman.

Natos generalsekretær Jens Stoltenberg (2022).
Natos generalsekretær Jens Stoltenberg (2022).

Propaganda som politisk verktøy

I krig vert propaganda brukt for å påverke både støttespelarar og motstandarar. Det seiest at det første offeret i ein krig er sanninga. Det er nærmast umogleg å vite kva som er sanninga i ein krig. Kvar part ønskjer å få fram sin bodskap. Hensikta kan vere å motivere til å kjempe hardare, eller å få motstandarane til å kapitulere.

DØME 1

Allereie dagen etter angrepet på Noreg i 1940, hengde tyskerne opp eit stort banner på Stortinget der det stod Deutschland siegt an allen Fronten. «Tyskland vinn på alle frontar.» Banneret hekk der under store delar av krigen. Målet var å påverke folk i Oslo til å tru at Tyskland kom til å vinne krigen, sjølv om det utover på 1940-talet viste seg å ikkje stemme.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Stortinget i Oslo i 1940 med hakekorsflagg og stort banner med tysk tekst.
Stortinget i Oslo i 1940 med hakekorsflagg og stort banner med tysk tekst.
DØME 2

Under krigen mellom Russland og Ukraina vart denne falske videoen spreidd på sosiale medium. Dei som kjenner presidenten, ser at ansiktet er manipulert, og dei høyrer at det ikkje er stemma til presidenten. Avsendaren er ukjend, og videoen skaper forvirring blant folk i Ukraina. Er det sant eller løgn? Er det ein del av den russiske propagandaen?

Bombet skolebygning i Ukraina
Bombet skolebygning i Ukraina

Sensur

I ein krig har myndigheitene ofte behov for å kontrollere og fjerne uønskt informasjon. Fridomen til å skrive og seie kva ein vil, kan bli svært avgrensa. Myndigheitene kan bestemme kva for nyheiter som skal spreiast i aviser, TV og radio. Dette kallar vi pressesensur.

I krigen mellom Russland og Ukraina vart dei russiske media pålagde å bruke berre offisielle, russiske kjelder for å spreie informasjon i Russland. Det russiske medietilsynet sensurerte også all informasjon som kom utanfrå og inn i landet. Kva gjer ein slik sensur med sanninga?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Hånd med rød blyant bundet sammen med tau.
Hånd med rød blyant bundet sammen med tau.

Kjelder:

  • Svendsen, Lars Fredrik Händler; Grue, Jan: retorikk i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 21. mars 2022 frå https://snl.no/retorikk
  • Elden, John Christian; Mæhlum, Lars: sensur i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 21. mars 2022 frå https://snl.no/sensur

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Deutsches Bundesarchiv
    4. Getty Images / HkeemVEVO – YouTube
    5. NTB / Statsministerens kontor
    6. Deutsches Bundesarchiv
    7. European Parliament (CC BY 2.0) / Guardian News YouTube
    8. NATO
    9. Stortingsarkivet
    10. Getty Images / The Telegraph – YouTube
    11. Getty Images