Kva er eit ekkokammer?

Tenk deg at du ropar i ein tunnel. Kva skjer då? Jo, veggane kastar ordet tilbake. Det vi kallar eit ekkokammer, fungerer òg  slik. I eit ekkokammer høyrer du berre det du forventar å høyre, utan diskusjon med dei som har andre synspunkt. Men er det farleg, då?

Person står med armene strukket i været ved åpningen av en tunnel med grønne trær på utsiden.
Person står med armene strukket i været ved åpningen av en tunnel med grønne trær på utsiden.

Internett hugsar deg

Når du søkjer på internett, blir søketreffa personaliserte. Internett lærer deg å kjenne, på ein måte. Det blir nesten som eit ekko, fordi søkemotoren viser deg innhald han meiner passar til deg.

Pop-up-annonsar

Visste du at den reklamen du får når du er på nettet, ofte passar perfekt til deg?  Det er fordi internett «hugsar» tidlegare søk og varer du har kjøpt der. Målet med den skreddersydde reklamen er å få deg til å kjøpe meir.

Cookies

Cookies er kapslar med informasjon om deg. Dei lagrar opplysningar om kvar du har logga deg inn, om kvar du er. og om sider du søkjer på. Tenk deg ekkoet igjen. Her blir informasjonen «kasta»  tilbake. Kvifor heiter det cookies, trur du?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Tegning av en hånd som klikker på accept cookies på en datamaskin.
Tegning av en hånd som klikker på accept cookies på en datamaskin.

Ekkokammer

Det du seier og gjer i sosiale medium, blir òg lagra. På nettet finst det mange grupper der medlemmane ofte meiner det same. I desse gruppene blir verdiar og haldningar gjentekne igjen og igjen – akkurat som eit ekko.

Når du er på nett, vil alle søka dine bekrefte det du allereie meiner. Det blir kalla «ekkokammer». Det kan verke som «alle» er samde. Og då er det lett å tru at verda er slik som alle seier og meiner ho er. Er det riktig?

Har du andre meiningar, vil du ofte bli møtt med motstand. I verste fall vil du bli ekskludert frå gruppa.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
En person står i en boble med flere andre bobler rundt seg.
En person står i en boble med flere andre bobler rundt seg.

Ver kritisk til det du les

Å vere i eit ekkokammer kan likne på det å bli utsett for propaganda eller sensur. Det som er skummelt, er at det ikkje er sikkert at du  merkar at du er i eit ekkokammer! 

DØME på eIt ekkokammer

I USA finst det eigne våpenlover. Mange amerikanarar meiner dei treng våpen til forsvar. Andre meiner våpen er for farlege til at alle skal kunne ha eit eige. Dei to gruppene leitar begge etter kjelder som støttar synet deira.

Begge sider meiner dei har rett. Og begge sider kan vise til informasjon som stadfestar det dei meiner. 

Er du ein kritisk lesar? Det er viktig. Det kan hende du ikkje har høyrt meir enn éi side. Kanskje du faktisk er med i eit ekkokammer? 

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Det amerikanske flagget formet av ammunisjon
Det amerikanske flagget formet av ammunisjon

Slik oppstår ekstremisme

Mange miljø dyrkar andre verdiar og haldningar enn fleirtalet. Dei kan til dømes ha sterk forakt for demokrati og politiske system. Dei blir ekstreme ekkokammer som blir styrte i éi retning. Kvifor hamnar ein i eit slikt miljø, trur du?

Tredukke står på kanten av et bord og trykker en annen tredukke ned fra kanten.
Tredukke står på kanten av et bord og trykker en annen tredukke ned fra kanten.

Kjelder:

 

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images