Kva er geografi?

Visste du at det er foreslått å kalle den tida vi lever i nå for Antropocen, som betyr «menneskets tid»? Det er fordi spor etter menneske påverkar jordkloden på linje med dei naturlege prosessane, og spora våre vil vere synlege i kanskje fleire millionar år framover. I geografi prøver vi nettopp å forstå kvifor det ser ut slik akkurat her, og korleis naturen og mennesket gjensidig har påverka kvarandre.

Accessibility icon Kva er geografi?

Omgrepet geografi

Ein introduksjon

Geografi er ein vitskap som har røter i oldtida.. Ordet «geografi» kan omsetjast med l «jordbeskriving» ved å analysere opphavet til ordet: «geo» betyr jord, og «grafein» betyr å teikne eller beskrive. Men geografi er mykje meir enn berre kart og beskrivingar.

Geografi handlar om å forstå både dei fysiske systema, som atmosfære, landformer og vatn, og korleis menneskeleg aktivitet påverkar dei. Til dømes, geografar studerer korleis menneske påverkar miljøet gjennom bygging av byar, jordbruk og industri.

Jordkloden med en mørk og en lys side.
Jordkloden med en mørk og en lys side.

Geografi er meir enn berre kart

Geografi er ei bru mellom naturvitskap og samfunnsvitskap. For å forstå geografi treng vi kunnskap om mange andre område, som til dømes biologi, meteorologi, historie, økonomi, antropologi, arkitektur, sosiologi og statsvitskap. I geografi ser vi på ting frå eit unikt perspektiv.

Medan andre fag ser på enkeltplantar, ser geografi på korleis heile vegetasjonen i eit område blir påverka av faktorar som klima og menneskeleg aktivitet. Medan andre fag fokuserer på dag-til-dag-ver, ser geografi på den llangsiktige påverknaden klimaet har på eit område. Geografi ser også på korleis ulike stader har ulike styreformer og ulik maktfordeling, og kvifor det er slik.

I geografi er det viktigare å spørje kvifor Oslo er Noregs hovudstad, enn berre å vite kva Noregs hovudstad heiter og kor han ligg.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Kart over Skandinavia
Kart over Skandinavia

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!