Kva er “godt vêr”?

Korleis påverkar vêret naturen og oss menneske?

Accessibility icon Kva er “godt vêr”?

Vêr og klima

Når vi snakker om vêret, meiner vi gjerne korleis temperatur, vind og nedbør er akkurat no. Viss vi tenkjer oss korleis vêret har vore over ein lang tidsperiode, snakkar vi om klima.

Men kva er eigentleg godt og tenleg vêr? Det kjem an på kvar enkelt av oss. Nokon liker regn, medan andre liker sol. Nokon elskar snø og minusgrader, medan andre føretrekkjer sol og varme på ei badestrand. Uansett kva slags vêr vi liker eller ikkje, så er det ikkje så mykje vi får gjort med vêret. Det kjem i den forma det sjølv vil.

Temperatur

Kanskje har du opplevd at nokon seier det er varmt, samtidig som du synest det er kaldt? Vi oppfattar temperatur ulikt, men for å kunne fortelje kor varmt eller kaldt det faktisk er, bruker vi eit termometer for å måle temperaturen.

Temperaturen varierer veldig på jorda. I enkelte område er det veldig varmt, medan det i andre område er veldig kaldt. Temperaturen varierer òg mellom årstidene; det er varmare om sommaren og kaldare om vinteren.

Dei som bur i områda rundt ekvator, har det varmare enn dei som bur andre stader på jorda. Ekvator er ei tenkt linje som går rundt midten av jordkloden.

I Noreg er det varmare om sommaren enn om vinteren. Det er fordi vår del av jordkloden er nærmare sola om sommaren enn om vinteren.

Det er ikkje berre sola som avgjer temperaturen på jorda. Skyer held betre på varmen. Du kan tenkje deg at dei fungerer omtrent som eit lokk over ein kjele med kokande vatn.

Havstraumar

Havstraumar fører med seg varmt vatn mot kaldare område. Ein slik havstraum er Golfstraumen. Han fører med seg varmt vatn frå Mexicogolfen opp mot Noreg, og gjer klimaet vårt mildare enn det ville ha vore utan.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!