Kva er ideologi? 

Det å styre eit samfunn er som å styre ein maskin med mange tannhjul. Kvart tannhjul er viktig. Viss eitt tannhjul står fast, kan heile maskinen stanse.

Ein ideologi er politiske idear for korleis eit samfunn bør organiserast. Kvar ideologi meiner at dei har dei beste løysingane. Nokre er villige til å starte krig for å få fram sin ideologi. Andre vil at folket skal bestemme gjennom eit demokrati.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Mennesket i tilværet 

Det som har skjedd før, verkar inn på notida – og framtida. Ideologiane prøver å forklare korleis mennesket kan leve best mogleg i samfunnet – gjennom å lære av historia.

Det er derfor viktig å finne løysingar på korleis vi fordeler makt, gode og byrder. Goda er dei fordelane ein har i eit samfunn. Byrdene er det som kan vere vanskeleg.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Har alle menneske like stor verdi? 

Ideologiane kan skape store endringar i eit menneskeliv og i samfunnet vi bur i. Det handlar ofte om synet på kor stor verdi eit menneske har.

📷  Auschwitz var den største tyske konsentrasjonsleiren under den andre verdskrigen. Han ligg i Polen.

Her er nokre viktige spørsmål  å reflektere over: 

  • Har alle menneske like stor verdi? 
  • Kven har rett til å bestemme over andre? 
  • Kva slags forhold har ein til demokratiet? 
  • Skal staten eller privatpersonar styre samfunnet? 
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Moderne ideologiar 

På 1700-talet levde vi i opplysningstida. Mange meinte at samfunnet måtte organiserast med hjelp av kunnskap og fornuft. Ikkje med hjelp av trua på ein Gud.

Industri og fabrikkar tok over samfunnet på slutten av 1700-talet. Då flytta mange inn til byane, og skilnadene på rike og fattige vart enorme. Ideologiane prøvde å skape eit mest mogleg rettferdig samfunn – etter deira meining.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Ulike gruppeinteresser 

I Europa på 1700-talet var det fleire revolusjonar. Fleire meinte at samfunnet måtte endrast med hjelp av krig. Revolusjonane endra livet til det betre for nokre, og til det verre for andre.

📷  Gatekampar under den franske revolusjonen.

Dei rike ønskte ikkje store endringar. Deira liv i luksus var heilt fortent, meinte dei. Kvifor skulle dei miste alt dei hadde jobba for? Eller arva?

Den fattige arbeidarklassen ønskte store endringar. Dei som eigde fabrikkane, tente mykje pengar. Dei som jobba der, tente veldig lite. Arbeidarane kravde eit rettferdig og trygt arbeidsmiljø.

For at kvar av desse skulle få behova sine dekte, vart det etablert ulike ideologiar. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Kampene under den Franske revolusjonen

Dei vanlegaste ideologiane:

En knyttet neve malt på en rødmalt vegg

Andre ideologiar 

  • Anarkismen ønskjer ikkje å ha ein sterk stat. Dei meiner at samfunnet er i stand til å styre seg sjølv utan politikarar.
  • Grøn ideologi ønskjer å forvalte natur og klima på best mogleg måte.
  • Feminismen jobbar for likestilling og rettferd for kvinner.
Vindmøller

Fundamentalisme 

Fundamentalisme er religiøse ideologiar som vil styre samfunnet etter heilage skrifter. Jødane har Tanakh, kristne har Bibelen, og muslimar har Koranen.

Fundamentalistiske grupper bruker sosiale medium og TV for å spreie bodskapen sin. Dei som trugar ideologien deira, vert rekna som fiendar, og det kan oppstå krig.

Mann peker og holder opp en bibel

Politiske ideologiar i Noreg 

Vi har mange politiske parti i Noreg. Desse byggjer på ein ideologi.

HøGresidA

Høgresida legg vekt på: 

  • fridom for det enkelte mennesket
  • vern om det samfunnet vi har opparbeidd oss 
  • privat næringsliv 
  • at staten ikkje skal styre for mykje med økonomien

Parti på høgresida i norsk politikk er Høgre (H) og Framstegspartiet (FrP). 

Venstresida 

Venstresida legg vekt på at: 

  • staten styrer økonomien i samfunnet 
  • tilbodet av velferdsgode som skule, sjukehus og aldersheim skal vere eit offentleg ansvar 

Parti på venstresida i norsk politikk er Arbeidarpartiet (Ap), Sosialistisk Venstreparti (SV) og Raudt (R). 

Sentrumsparti 

Mellom høgresida og venstresida finn vi sentrumspartia Kristeleg Folkeparti (KrF), Venstre (V) og Senterpartiet (Sp). Desse set familie, kristne verdiar og ei levedyktig landsbygd høgt.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Stortinget

Stortingsval

Kvart fjerde år er det stortingsval i Noreg. Då kan alle norske statsborgarar over 18 år stemme på det partiet dei meiner vil gjere ein best mogleg jobb for Noreg.

En som stemmer på stortingsvalget med det norske flagget i bakgrunnen

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images / Arkikon (CC BY-SA 4.0)
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Getty Images
    11. Getty Images