Kva er kjærleik?
Kjærleiken er blind, han har ingen grenser, han er ei kraft som overvinn alt. Det er bandet som knyter oss saman og held oss i live.
Ved første blikk
Då du opna auga for første gong, såg du inn i to andre auge som lyste av mors kjærleik. Du var fullstendig avhengig av han for å overleva. Bandet mellom mor og barn er ei av dei sterkaste kjenslene vi kjenner til.
Nybakt mamma med babyen hennes på sykehuset
Underleg
Kjærleik er ei deilig kjensle, og ein tilstand som plutseleg fyller deg i møte med andre. Kjærleik er når du gir bestevennen din ein god klem etter å ha vore borte lenge. Eller når hunden din kjem springande mot deg i ekte gjensynsglede.
Border collie løper på en gresslette
Vedunderleg
Når vi blir fylte av kjærleik, føler vi tryggleik og aksept. Du er ein del av fellesskapet. Vi knyter oss til andre ved blikk og smil, og då kjenner vi oss kanskje elska – eller i alle fall at nokon tar vare på oss.
To personer som holder hender under solnedgang
Viktig
Alt mennesket treng, er andre menneske. Det er ikkje langt frå sanninga. Forskarar er einige om at kjærleik er ein viktig suksessfaktor for at barn skal utvikla seg best mogleg. Det gir dei tryggleik og ro, noko kroppen og sinnet faktisk treng for å utvikla seg normalt. Vi er avhengige av kvarandre. Tenk på det neste gong nokon smiler til deg.
En person som holder et hjerte i hendene
Gutt som sitter i et vindu og er lei seg
Heftig
Så er det kanskje derfor kjærleiken er ei så sterk kraft. Han får tida til å stå stille og jorda til å snurra. Kanskje har du allereie kjent på forelsking. Det er faktisk som ein rus for hjernen. Det er svimlande godt og samtidig nesten vondt å vera forelska. Og har du ikkje opplevd det enno – berre vent.
Godteri formet som hjerter
Pinleg
Kjærleik frå foreldra dine kan kanskje opplevast som ufatteleg urettferdig og kleint. Som når du ikkje får lov til å dra på den festen, eller mamma dukkar opp framfor deg og vennene for å flossa litt. Hugs at dei meiner det som ei kjærleikserklæring!
Far og datter danser sammen i stua
All You Need is Love
To karar ved namn John og Paul sa det slik i ein gammal popsong: All You Need is Love – alt du treng er kjærleik. Men er det så enkelt? Vi får det vi gir, blir det sagt. Så for kjærleikens skuld – gi eit lite smil til nokon.
Love is Love!
Fotballkompisane og venninnene dine kan forelska seg i kven dei vil, akkurat som du kan. For no veit vi at «kjærleiken utheld alt, trur alt, håpar alt, toler alt». Det er henta frå Bibelen. Kva betre superkraft enn kjærleik finst det for å møta verda?
Pride flag i en Pride parade
Kjelder:
- Historie og vitenskap – 3 (2020):
Orage Forlag AS
- Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (07.01.2021): Gi barnet trygghet og vis kjærlighet
https://bufdir.no/Foreldrehverdag/ Gi_barnet_trygghet_og_vis_kjarlighet/
- Bibelen: 1 Kor 13.7. https://bibel.no/Nettbibelen?query=yYAOW1g5DEgYQbwhVIg0iib6AwAbtZVNk0W3rBGqsVQhi4LIdY1tJAn9w+mPo3i4EdrXb/5HL14=
- psykologisk.no (07.01.2021): Hva kjærlighet er
https://psykologisk.no/2014/05/hva-kjaerlighet-er/
- psykiskhelse.no (07.01.2021): Ceausescus barn
https://psykiskhelse.no/bladet/2016/finn-skarderud-ceasescus-barn
- Vold, Jan Erik (2002): «Ta vare»
I kykelipi. Gyldendal Norsk Forlag.
- Nettavisen (14.01.2021): Hva er forelskelse?
https://www.nettavisen.no/livsstil/hva-er-forelskelse-psykologer-avliver-fire-myter/s/12-95-3423577386
Bilet- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images / LyndenDavidHall4ever – YouTube
-
Getty Images
-