Kva er retorikk?

Har du nokon gong høyrt om han som klarte å selja sand i Sahara? Eller han som selde is på Nordpolen? I Noreg har vi det reinaste vatnet i springen, likevel kjøper vi millionar av liter med vatn på flaske kvart år. Kva i all verda er det som overtyder oss om at det er ein god idé?

Accessibility icon Kva er retorikk?

Kunsten å overtyda

Orda nokon bruker. Måten nokon seier noko på. Dette er to måtar å påverka deg på. Vi kallar det retorikk. Det er ein 2000 år gammal kunst som alle kan bruka. Du òg!

Kva er retorikk?

Retorikk kjem frå Hellas. Det betyr talekunst. I dag bruker vi det om korleis ein kan overtyda andre. Filosofen Aristoteles sa at det handla om å høyra nokon fortelja om ei sak før ein bestemmer seg for om ein er einig. Det er fem punkt som er viktige for å skriva ein god tale. Og det er tre ulike måtar å prøva å overtyda på.

Form og fasong

For at du skal verka som om du har peiling på det du snakkar om, så er det fem punkt du bør følgja:

1. Samla gode argument. Tenk gjennom kva du vil snakka om, og samla på alle argumenta du kjem på.

2. Rydd opp! Tenk deg at du sorterer sokkane dine, og du kastar alle dei slitne og øydelagde sokkane. Då sit du igjen med dei som er gode. Til slutt må du para opp dei som høyrer saman. No skal du gjera det same med argumenta dine: Behalda dei gode, og kasta dei dårlege.

3. Finn stilen din. Korleis vil du presentera saka di? Ein tale, ein tekst i ei avis? Her må du òg bestemma kva teknikk du vil bruka.

4. Lær det utanåt! Folk trur meir på deg viss du kan det du skal seia. Her er det berre å øva slik at du kan det meste utanåt.

5. Korleis skal du servera det? Korleis skal stemma di vera? Skal du bevega deg eller stå stille?

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt

Tre bevis

For å overtyda nokon må du snakka til hovudet, til hjartet og til hendene. Dette kallar vi etos, patos og logos. Dette kan du bruka i tekstane dine. Du kan òg bruka det for å finna ut korleis andre prøver å overtyda deg om noko.

Etos – å vera truverdig

Det er lett å tru på menneske med makt. På menneske som er ekspertar på noko. På gode kjelder. Aristoteles meinte at etos handlar om kor smart du verkar, om du verkar som ein vi kan stola på, og kor ærleg du verkar. Etos er viktig for lærarar og politikarar.

Denne informasjonsfilmen er eit godt døme på bruk av etos. Legg merke til avsendar av videoen.

Patos – å snakka til hjartet 

Du må verka menneskeleg. Patos handlar om å få dei som høyrer deg, til å føla noko. Viss du klarer dette, så vil dei gjera det du vil at dei skal gjera. Dette er viktig for ein general som skal senda soldatar ut i krig, organisasjonar som vil samla inn pengar, og politikarar som vil at du skal stemma på dei.

 

Her har vi eit reklamedøme som prøver å vekka kjenslene dine.

Logos – aha! Det høyrest lurt ut!

Logos handlar om at det verkar lurt, fornuftig og sannsynleg. Her kan ein bruka tal eller andre ekspertar. Logos er viktig for forskarar, organisasjonar som vil samla inn pengar, og politikarar som vil at du skal stemma på dei.

At alt ein gjer blir betre med musikk – det er vel ein logisk påstand?

Kvifor er det viktig i dag?

Det er kjempesmart å bruka retorikk når ein verkeleg vil overtyda nokon. Dette er ikkje berre noko gamle menn dreiv med for 2000 år sidan. Faktisk er det kanskje endå viktigare i dag.

Kvifor? Jo, for at du ikkje skal bli lurt! For at du skal kunna finna ut om det ein person fortel deg faktisk er sant, eller om hen blendar deg med retorikken sin. Somme er kjempeflinke til å tala, men har dårlege idear eller bodskap. Somme har gode argument for at du skal kjøpa noko, men produktet dei sel er dårleg.

Nokre gongar er det ikkje så farleg, nokre gonger endar du berre opp med ein ny type tannkrem. Men andre gongar kan det få større følgjer å bli blenda av talekunst, til dømes ved eit politisk val.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Ver kritisk 

På Aristoteles si tid såg verda litt annleis ut enn ho gjer i dag. Då kunne ein høyra ein politikar snakka til ei gruppe menneske på eit torg. I dag er det lyd, bilete, menneske overalt som prøver å overtyda oss om noko. Selja oss noko. Påverka oss. Og det er mange som verkar både truverdige og ekte.

Det er ei krevjande øving å vita kva som er riktig, kva som er sant, kva som er viktig, og kva som er smart. Det er stort fokus på å tenka kritisk og å ikkje la seg lura av til dømes falske nyheiter eller reklame. Det vil òg vera lettare for deg å ta kloke og gjennomtenkte avgjerder.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kvar møter ein retorikk i dag?

Når ein politikar fortel oss noko. Eller når ein organisasjon eller ein person verkeleg brenn for ei sak. Desse bruker retorikk for at du skal lytta til dei. Dei vil at du skal tru på dei og støtta dei. Nokre av talane blir hugsa lenge fordi dei var spesielt gode.

Kjelder:

  • Svendsen, Lars Fredrik Händler; Grue, Janretorikk i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 7. oktober 2020 frå https://snl.no/retorikk

 

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images / Sensodyne NO – YouTube
    6. Getty Images / Talkmore – YouTube
    7. Getty Images / Telia Norge – YouTube
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. European Parliament (CC BY 2.0)