Kunsten å overtyda

Det er mange grunnar til at du blir overtydd om at noko er riktig eller viktig. Det viktigaste er språket. Det er ikkje noko du tenker over, men orda og korleis dei blir sagt, påverkar deg. Dette kallar vi retorikk. Det er ein 2000 år gammal kunst som alle kan læra seg. Du òg!

Kva er retorikk?

Retorikk kjem frå gresk. Det betyr «talekunst», eller korleis ein kan overtyda. Filosofen Aristoteles sa at retorikk handlar om å få fram kva ei sak handlar om før ein bestemmer seg for om ein er einig eller ueinig. Det handlar om å overtyda mottakaren om at det du seier er riktig og bra. Aristoteles delte inn retorikken i fem ulike delar for å laga ein god tale, og tre ulike måtar å argumentera på.

Form og fasong

For at det skal verka som om du har peiling på det du snakkar om, så er det fem punkt du bør følgja:

1. Samla gode argument. Tenk gjennom kva du vil snakka om, og samla på alle argumenta du kjem på.

2. Rydd opp! Tenk deg at du sorterer sokkane dine, og du kastar alle dei slitne og øydelagde sokkane. Då sit du igjen med dei som er gode. Til slutt må du para opp dei som høyrer saman. No skal du gjera det same med argumenta dine: Behald dei gode, og kast dei dårlege.

3. Finn stilen din. Korleis vil du presentera saka di? Ein tale, ein tekst i ei avis? Her må du òg bestemma kva teknikk du vil bruka.

4. Lær det utanåt! Folk trur meir på deg viss du kan det du skal seia. Her er det berre å øva slik at du kan det meste utanåt.

5. Korleis skal du servera det? Korleis skal stemma di vera? Skal du høyrast sint eller glad ut? Skal du snakka høgt eller lågt? Skal du bevega deg eller stå stille? Alt dette er viktig for korleis mottakaren opplever det du serverer.

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt

Tre bevis

Når du skal bruka retorikk i din eigen tekst, eller finna ut korleis det blir brukt i andre tekstar, så er det tre ting du skal leita etter. Det er tre måtar å overtyda på: etos, patos og logos. Skal du verkeleg klara å overtyda nokon, så må du snakka til heile mennesket: hovudet, hjartet og hendene.

Etos – å vera truverdig

Det er lett å tru på menneske med makt, eller menneske som er ekspertar på noko. Ein kan òg verka truverdig viss ein bruker gode kjelder. Aristoteles meinte at det som styrkar etos, er kor smart du verkar, om du verkar som ein vi kan stola på, og kor ærleg du verkar. Etos er viktig for lærarar, politikarar og for Sensodyne, som vil selja deg tannkremen sin.

 

Denne reklamen er eit godt døme på bruk av etos.

Patos – å snakka til hjartet 

Du må verka menneskeleg. Patos handlar om å vekka kjensler hos mottakaren. Viss du klarer dette, så vil mottakaren gjera det du vil at hen skal gjera. Dette er viktig for ein general som skal senda soldatar ut i krig, organisasjonar som vil samla inn pengar, politikarar som vil at du skal stemma på dei, og for Talkmore, som vil selja mobilabonnement.

 

Her har vi eit reklamedøme som prøver å vekka kjenslene dine.

Logos – aha! Det høyrest lurt ut!

Logos handlar om at du skal tenka at det avsendaren seier er lurt, fornuftig og sannsynleg. Her kan ein bruka tal eller andre ekspertar. Logos er viktig for forskarar som skal presentera funna sine, organisasjonar som vil samla inn pengar, og politikarar som vil at du skal stemma på dei.

At alt ein gjer blir betre med musikk – det er vel ein logisk påstand?

Kvifor er det viktig i dag?

Det er kjempesmart å bruka retorikk når ein verkeleg vil overtyda nokon. Dette er ikkje berre noko gamle menn dreiv med for 2000 år sidan. Faktisk er det kanskje endå viktigare i dag.

Kvifor? Jo, for at du ikkje skal bli lurt! For at du skal kunna finna ut om det ein person fortel deg faktisk er sant, eller om hen blendar deg med retorikken sin. Nokon er kjempeflinke til å tala, men har dårlege idear eller bodskap. Nokon har gode argument for at du skal kjøpa noko, men produktet dei sel er dårleg.

Nokre gonger er det ikkje så farleg, nokre gonger endar du berre opp med ein ny type tannkrem. Men andre gonger kan det få større følgjer å bli blenda av talekunst, til dømes ved eit politisk val.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Ver kritisk 

Då Aristoteles og gjengen gjekk rundt og tenkte lure tankar, såg verda litt annleis ut enn ho gjer i dag. Då kunne ein høyra ein politikar snakka til ei gruppe menneske på eit torg. I dag er det lyd, bilete, menneske overalt som prøver å overtyda oss om noko. Selja oss noko. Påverka oss. Og det er mange som verkar både truverdige og ekte.

Det er ei krevjande øving å vita kva som er riktig, kva som er sant, kva som er viktig, og kva som er smart. Det er stort fokus på å tenka kritisk og å ikkje la seg lura av til dømes falske nyheiter eller reklame. Gjennom å kunna kjenna igjen kva verktøy marknadsførarar og politikarar bruker for å få deg på kroken, vil det òg vera lettare for deg å ta kloke og gjennomtenkte avgjerder.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kvar møter ein retorikk i dag?

Når ein politikar fortel oss noko. Eller når ein organisasjon eller ein person verkeleg brenn for ei sak. Desse bruker retorikk for at du skal lytta til dei, tru på dei og støtta dei. Nokre av talane blir ståande igjen som spesielt gode og effektive.

Kjelder:

  • Svendsen, Lars Fredrik Händler; Grue, Janretorikk i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 7. oktober 2020 frå https://snl.no/retorikk

 

Bilet- og videorettigheter:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images / Sensodyne NO – YouTube
    6. Getty Images / Talkmore – YouTube
    7. Getty Images / Telia Norge – YouTube
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. European Parliament (CC BY 2.0)