Kva er retorikk?

Har du nokon gong høyrt om han som klarte å selja sand i Sahara? Eller han som selde is på Nordpolen? I Noreg har vi det reinaste vatnet i springen, likevel kjøper vi millionar av liter med vatn på flaske kvart år. Kva i all verda er det som overtyder oss om at det er ein god idé?

Accessibility icon Kva er retorikk?

Kunsten å overtyda

Det er mange grunnar til at du blir overtydd om at noko er riktig eller viktig. Den viktigaste grunnen er kanskje språket. Det er ikkje noko du tenkjer over, men språket – både orda, og måten det blir snakka på – påverkar deg. Denne måten bevisst å bruka språket på for å overtyda, kallar vi retorikk. Det er ein gammal kunst, men er kanskje endå viktigare i dag enn det var for 2000 år sidan. Det geniale er at gjennom enkle grep så kan alle bli gode retorikarar – du òg.

Kva er retorikk?

Ordet retorikk kjem frå gresk og betyr «talekunst». I dag blir det brukt om kunsten å overtyda. Retorikken oppstod i Hellas for meir enn 2000 år sidan, og ein av dei første som skreiv om retorikk, var filosofen Aristoteles. For han var retorikk om å få fram kva ei sak handla om, før ein bestemte seg for om ein var einig eller ikkje. Det handla om å presentera, grunngi og argumentera for å overtyda mottakarane. Aristoteles delte retorikk i fem ulike delar for å laga ein god tale, og tre ulike måtar å overtyda på.

Form og fasong

For at du skal verka som om du har peiling på det du snakkar eller skriv om, så er det fem punkt du bør følgja.

1. Samla på argument. Her må du finna alle dei gode sidene ved di sak, og kanskje òg kva som er dårleg med andre si sak. Tenk deg at du er på jakt, og akkurat no er målet berre å komma heim med så mange argument som mogleg.

2. Rydd opp! No har du forhåpentlegvis ein god haug med argument, så no må du rydda og sortera. Tenk deg at  du ryddar i sokkeskuffen din; du må kasta dei slitne sokkane og dei sokkane som er for små. Du må gi tilbake dei sokkane som ikkje er dine, og du må para opp dei sokkane som høyrer saman. Det same må du gjera med argumenta dine: Behald dei beste, set dei som høyrer saman ved sida av kvarandre, og kast dei dårlege argumenta.

3. Finn stilen din. Finn ut korleis du vil formidla bodskapen din: Ein tale? Ein rap? Ein artikkel? Her må du òg bestemma deg for kva for ein retorisk teknikk du vil bruka.

4. Lær det utanåt. Trur du mest på ein person som les noko høgt for deg, eller på ein som fortel deg noko? Dei aller fleste trur meir på ein person som eig det hen seier, som kan det utanåt. Her er det berre å øva.

5. Korleis skal du servera det? Om du skal halda ein tale eller ein appell, så er framføring viktig. I antikken putta ein småstein i munnen for å øva på å snakka tydeleg, eller ein øvde på å snakka høgt gjennom å ropa til bølgjer på ei strand. Det er ikkje sikkert det er nødvendig for deg, men det er uansett sikkert at det er viktig å øva på framføringa av ein tale: Korleis skal toneleiet ditt vera? Korleis skal du bevega deg?

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt

Tre bevis

Når du skal bruka retorikk i din eigen tekst, eller når du skal finna ut korleis andre prøver å overtyda deg, skal du leita etter desse tre bevisa: etos, patos og logos. Desse tre prøver på kvar sin måte å appellera eller treffa målgruppa. Skal du verkeleg klara å påverka nokon, så må du snakka til heile mennesket: til hovudet, hjartet og hendene.

Etos – å vera truverdig

Somme menneske er naturleg truverdige fordi dei er personar med makt, eller fordi dei er ekspertar på noko.  Ein kan òg verka truverdig viss ein har brukt gode kjelder. Aristoteles meinte at det som styrkar etos, er kor smart du verkar, kor truverdig du er, og kor ærleg du verkar. Etos er viktig for forskarar, for politikarar, for lærarar og for Sensodyne, som vil selja deg tannkrem.

Denne informasjonsfilmen er eit godt døme på bruk av etos. Legg merke til avsendar av videoen.

Patos – å snakka til hjartet 

Ja, du skal vera truverdig, men du skal òg vera menneskeleg. Patos handlar om å vekka kjensler hos mottakaren, slik at mottakaren gjer det du vil at dei skal gjera. Dette er viktig både for ein general som skal senda soldatar ut i krig, organisasjonar som samlar inn pengar, politikarar som vil samla stemmer, og for Freia, som vil selja deg sjokolade.

 

Her har vi eit reklamedøme som prøver å vekka kjenslene dine.

Logos – aha, det er fornuftig!

Logos snakkar til hovudet til mottakaren og vil at dei skal tenka at argumenta er fornuftige, logiske og sannsynlege. Her kan ein bruka statistikk, forskingsresultat eller appellera til sunn fornuft. Logos er viktig for forskarar som skal presentera nye funn, organisasjonar som treng pengar, eller politikarar som sankar stemmer.

At alt ein gjer blir betre med musikk – det er vel ein logisk påstand?

Kvifor er det viktig i dag?

Retorikk er fleire ulike teknikkar som, når dei blir sette saman, er ei genial oppskrift for å overtyda nokon. Er dette viktig i dag? Er ikkje dette berre noko gamle menn heldt på med for fleire tusen år sidan? Jo da, det var viktig for 2000 år sidan, det var viktig for 100 år sidan, og det er framleis viktig i dag.

Kvifor? Jo, for at du ikkje skal bli lurt! For at du skal kunna finna ut om det ein person fortel deg faktisk er sant, eller om hen blendar deg med retorikken sin. Somme er kjempeflinke til å tala, men har dårlege idear eller bodskap. Somme har gode argument for at du skal kjøpa noko, men produktet dei sel er dårleg.

Nokre gongar er det ikkje så farleg, nokre gongar endar du berre opp med ein ny type tannkrem. Men andre gongar kan det få større følgjer å bli blenda av talekunst, til dømes ved eit politisk val.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Ver kritisk 

Då Aristoteles og gjengen gjekk rundt og tenkte lure tankar, såg verda litt annleis ut enn det ho gjer i dag. På den tida kunne ein til dømes bli overtydd eller lurt av ein som stod på torget og heldt gode talar. I dag er vi omringa av tekst og lyd overalt, frå overalt. Det er mange stemmer som roper om merksemda vår, og det er mange som verkar både truverdige og ekte.

Det er ei krevjande øving å vita kva som er riktig, kva som er sant, kva som er viktig, og kva som er smart. Det er stort fokus på å tenka kritisk og å ikkje la seg lura av til dømes falske nyheiter eller reklame. Gjennom å kunna kjenna igjen kva verktøy marknadsførarar og politikarar bruker for å få deg på kroken, vil det òg vera lettare for deg å ta kloke og gjennomtenkte avgjerder.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kvar møter ein retorikk i dag?

Det viktigaste er kanskje dei politiske talane. For å samla veljarar så er det utruleg viktig at folket trur på deg, stoler på deg og føler for sakene dine. For ein organisasjon eller ein person som brenn for ei sak, er dette òg viktig. Nokre talar blir ståande igjen som spesielt gode.

Kjelder:

  • Svendsen, Lars Fredrik Händler; Grue, Janretorikk i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 7. oktober 2020 frå https://snl.no/retorikk

 

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images / Sensodyne NO – YouTube
    6. Getty Images / Talkmore – YouTube
    7. Getty Images / Telia Norge – YouTube
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. European Parliament (CC BY 2.0)