Kva er retorikk?
Har du nokon gong høyrt om han som klarte å selja sand i Sahara? Eller han som selde is på Nordpolen? I Noreg har vi det reinaste vatnet i springen, likevel kjøper vi millionar av liter med vatn på flaske kvart år. Kva i all verda er det som overtyder oss om at det er ein god idé?
Kunsten å overtyda
Det er mange grunnar til at du blir overtydd om at noko er riktig eller viktig. Det viktigaste er språket. Det er ikkje noko du tenkjer over, men orda og korleis dei blir sagt, påverkar deg. Dette kallar vi retorikk. Det er ein 2000 år gammal kunst som alle kan læra seg. Du òg!
Kva er retorikk?
Retorikk kjem frå gresk. Det betyr «talekunst», eller korleis ein kan overtyda. Filosofen Aristoteles sa at retorikk handlar om å få fram kva ei sak handlar om før ein bestemmer seg for om ein er einig eller ueinig. Det handlar om å overtyda mottakaren om at det du seier er riktig og bra. Aristoteles delte inn retorikken i fem ulike delar for å laga ein god tale, og tre ulike måtar å argumentera på.
Tre bevis
Når du skal bruka retorikk i din eigen tekst, eller finna ut korleis det blir brukt i andre tekstar, så er det tre ting du skal leita etter. Det er tre måtar å overtyda på: etos, patos og logos. Skal du verkeleg klara å overtyda nokon, så må du snakka til heile mennesket: hovudet, hjartet og hendene.
Etos – å vera truverdig
Det er lett å tru på menneske med makt, eller menneske som er ekspertar på noko. Ein kan òg verka truverdig viss ein bruker gode kjelder. Aristoteles meinte at det som styrkar etos, er kor smart du verkar, om du verkar som ein vi kan stola på, og kor ærleg du verkar. Etos er viktig for lærarar, politikarar og for Sensodyne, som vil selja deg tannkremen sin.
Denne informasjonsfilmen er eit godt døme på bruk av etos. Legg merke til avsendar av videoen.
Patos – å snakka til hjartet
Du må verka menneskeleg. Patos handlar om å vekka kjensler hos mottakaren. Viss du klarer dette, så vil mottakaren gjera det du vil at hen skal gjera. Dette er viktig for ein general som skal senda soldatar ut i krig, organisasjonar som vil samla inn pengar, politikarar som vil at du skal stemma på dei, og for Talkmore, som vil selja mobilabonnement.
Her har vi eit reklamedøme som prøver å vekka kjenslene dine.
Logos – aha! Det høyrest lurt ut!
Logos handlar om at du skal tenkja at det avsendaren seier er lurt, fornuftig og sannsynleg. Her kan ein bruka tal eller andre ekspertar. Logos er viktig for forskarar som skal presentera funna sine, organisasjonar som vil samla inn pengar, og politikarar som vil at du skal stemma på dei.
At alt ein gjer blir betre med musikk – det er vel ein logisk påstand?
Kvar møter vi retorikk i dag?
Når ein politikar fortel oss noko. Eller når ein organisasjon eller ein person verkeleg brenn for ei sak. Desse bruker retorikk for at du skal lytta til dei, tru på dei og støtta dei. Nokre av talane blir ståande igjen som spesielt gode og effektive.
Kjelder:
- Svendsen, Lars Fredrik Händler; Grue, Jan: retorikk i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 7. oktober 2020 frå https://snl.no/retorikk
- Kidcourses (07.10.2020): Aristotle & Rhetoric
https://kidcourses.com/aristotle-rhetoric/
- Literary terms (07.10.2020): Rhetoric
https://literaryterms.net/rhetoric/ - Forskning.no (07.10.2020): Rhetoric
https://forskning.no/skole-og-utdanning-sprak-universitetet-i-oslo/derfor-bor-elever-mestre-retorikk/350768
Bilde- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images / Sensodyne NO – YouTube
-
Getty Images / Talkmore – YouTube
-
Getty Images / Telia Norge – YouTube
-
Getty Images
-
Getty Images
-
European Parliament (CC BY 2.0)
-