Kva skal eg bli når eg blir stor?
Kva skal du bli når du blir stor? Det er for mange eit vanskeleg spørsmål å svare på. Andre veit nøyaktig kva dei skal bli. Vi blir påverka av foreldre og familie, vennar og miljøet rundt oss. Kva er det som bestemmer kva du blir når du blir stor?
Kva skal eg bli
når eg blir stor?
Kva drøymer du om å bli? Astronaut? Fotballspelar? Kokk? Vil du tene mest mogleg pengar sjølv, eller vil du gjere ein innsats for andre?
Det finst utruleg mange yrke, og du skal velje eitt av dei. Eller kanskje du vil prøve ut mange forskjellige jobbar? Uansett kva du vel, skal du jobbe i mange år. Då er det viktig at du trivst i jobben!
Det er ditt val, men søk hjelp og råd fra nokon som har erfaring. Dei nærmaste du har, er familien din.
Astronaut ser ned på jorda
Barn som jobber med reinsdyr
En norsk bygd i en fjord
Korleis veit ein
kva ein skal bli?
Foreldre, venner, lokalmiljøet og reklame kan påverke oss. Men personlegdom, eigenskapar og draumar styrer deg også i ei viss retning. Og desse er det svært viktig at du lyttar til og lærer å kjenne.
Kva slags type er du? Er du ambisiøs, uredd, kreativ, sporty eller praktisk? Likar du å sove lenge om morgonen? Trivst du med å jobbe saman med andre? Har du ein indre glød for å hjelpe andre?
Kor godt kjenner du deg sjølv, eigentleg?
Bilde av to sko som står forran 3 piler tegnet med kritt
Kvinne sliper et trebord
Yrkeslivet har ikkje berre eitt mål
Ikkje stress med kva du skal bli når du går på ungdomsskulen. Du har tida framfor deg, men det kan vere lurt å velje ein utdanningsveg som gir deg fleire moglegheiter seinare.
Bli eit ansvarleg, kunnskapsrikt, godt, klokt, snilt og rettferdig menneske. Då er det mange som ønskjer å tilsetje deg.
Yrkeslivet er ei reise med mange ulike retningar. Vel dei vegane og svingane som du kjenner er best for deg. Du treng ikkje å vite alt som skal skje. Snakk med kjentfolk undervegs. Ikkje planlegg alle detaljar den første arbeidsdagen. Det er lov til å ha draumar, men hugs at livet er fullt av tilfeldigheiter.
Mann holder et kompass
Ung jente samtaler med en rådgiver
Val av utdanning
Bibliotek
Kjelder
- Talent Media (21.05.2021): «Hva skal du bli når du blir stor» er et elendig spørsmål
https://talentmedia.no/hva-skal-du-bli-nar-du-blir-stor-er-et-elendig-sporsmal/
- NRK (21.05.2021): – Barna skal mestre kniv
https://www.nrk.no/sapmi/_-barna-skal-mestre-kniv-1.7952061
- Utdanning.no (21.05.2021):
https://utdanning.no/
Bilet- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images / NRK Skole
-