Kva skjer med bilar når dei døyr?

Sjå deg rundt i klasserommet. Ser du noko som er laga av metall? Kanskje beina på pulten? Eller stolbeina? Er dørklinka på døra inn til klasserommet laga av metall? Det metallet kan vere frå ein gammal bil. No skal vi vise deg korleis metall frå gamle bilar kan bli til nye ting, og kvifor det er viktig å gjenvinne kasserte bilar.

Et klasserom der vi ser bena til n oen elever og stolene de sitter på.
Et klasserom der vi ser bena til n oen elever og stolene de sitter på.

Når bilane blir ubrukelege

Når bilane våre er øydelagde, skal dei gjenvinnast. I Noreg har vi reglar om at alle kasserte bilar skal gjenvinnast. Det er EU og Klima- og miljødepartementet som bestemmer reglane. Dei som lagar bilar, bilprodusentane, må følgje desse reglane for å få lov til å selje bilane sine i Noreg.

Parkeringsplass med veldig mange biler sett ovenfra.
Parkeringsplass med veldig mange biler sett ovenfra.

Kvifor gjenvinn vi bilar?

Kan ikkje bilane berre ruste bort, då? Så enkelt er det ikkje. Jordas ressursar er nemleg begrensa, så derfor må materialane vi brukar, bli brukte om igjen. I ein bil er det mykje jern, stål og aluminium. Det er metall som enkelt kan brukast på nytt. I dag blir nesten alt metallet frå norske vrakbilar brukte til noko nytt. Når gamle materialar blir brukte til noko nytt, seier vi at dei blir ein del av sirkulærøkonomien.

Sirkulærøkonomi

Sirkulærøkonomi betyr at tinga vi lagar, må vare lenge, at vi reparerer dei eller brukar dei om igjen. Når bilane ikkje kan køyrast på vegen lenger, kan vi bruke materialane til nye ting. Då sparer vi ressursane på jorda. Heilt motsett av at bilane berre rustar bort.

Berekraftsmåla til FN

Når vi brukar materialane om igjen, sparer vi dei naturlege ressursane til kommande generasjonar. Det blir mindre forureining som gjer at naturen beheld eit mangfold av artar. Sirkulærøkonomi er derfor viktig for å klare berekraftsmåla til FN.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Bil som står og ruster bort i skogen.
Bil som står og ruster bort i skogen.

Litt som å pante flasker

I 1978 bestemte Noreg at alle gamle bilvrak skulle bli samla inn. Mange av bilane sto ute i naturen og rusta. Derfor innførte Noreg vrakpant. Dette er litt som å pante flasker. Ein får igjen pengar for å levere noko til gjenvinning. Vrakpanten, som var på 450 kroner, gjorde at fleire leverte bilen til gjenvinning. I 2022 får alle 3000 kroner for å levere inn den utslitne bilen sin til gjenvinning.

Millionar av bilar

Kvart år blir det samla  inn cirka 140 000 vrakbilar. I Noreg har vi samla inn over 3 millionar rustne, gamle vrakbilar sidan 1996! Vi er verdsmeistrar i å pante flasker. Kanskje vi kan bli best i verda til å gjenvinne bilar òg?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Bilbransjen tok ansvar!

For at vi skulle bli skikkeleg gode på å gjenvinne bilar, måtte den norske bilbransjen gjere noko smart. Dei etablerte Autoretur AS i 2007, og der kan vi levere bilane våre til gjenvinning. Bilbransjen er pålagt å gjenvinne minst 95 prosent av kvar enkelt bil. Autoretur har klart å gjenvinne over 97 prosent! Dei sørgjer dermed for ei klimavennleg handtering av miljøfarlig avfall. Råvarene blir brukte i nye produkt og vernar om jordas naturressursar.

Bilopphoggeriet plukkar bilane frå kvarandre

Over heile landet finst det stader som tek i mot dei utslitne bilane. Desse stadene blir gjerne kalla bilopphoggeri eller biloppsamlingsplassar (BOP). Det er meir enn 140 BOPar i Noreg. Dei som jobbar her, er mekanikarar, lastebilsjåførar og gravemaskinførarar.

Her blir alt av farleg avfall fjerna

BOPene fjernar alt farleg avfall frå bilane: batteri, olje, bremsevæske, bensin, diesel, spylevæske og airconditionvæske. Alt dette kan skade naturen viss det berre renn ut i skogen. Nokre stader blir brukbare delar frå bilene demonterte og selde som brukte bildelar.

Frå bildekk til sprengingsmatter

BOPene fjernar òg batteri frå elbilar og hybridbilar. Dei tek òg av dekka på alle bilar. Gummidekka går til eiga gjenvinning. Noko av gummien blir brukt til å lage sprengingsmatter. Dei blir mellom anna brukte når ein byggjer vegar, når delar av eit fjell må sprengjast bort. Då blir det lagt slike matter over den staden som skal sprengjast, for å unngå spreiing av lause steinar. Kva anna kan gamle bildekk brukast til?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Store mengder bildekk som ses ovenfra.
Store mengder bildekk som ses ovenfra.

Bilane blir knuste!

Når alle dei farlege og giftige tinga i bilen er fjerna, blir bilen pressa flat og send med lastebil til eit fragmenteringsverk. Her blir den flatklemte bilen lagt på eit samleband. Undervegs på samlebandet blir bilen riven frå kvarandre i mindre og mindre delar – fragment. Delane blir sorterte og kan brukast til mange nye ting. Nokre fragment er berre nokre millimeter store.

Frå bil til metallstøv!

I denne filmen vil du følgje ein bil heile vegen gjennom eit fragmenteringsverk. Inne i fragmenteringsverket er det mange kverner som knekkjer og riv bilen i mindre og mindre bitar. Til slutt er det smådelar og metallstøv igjen.

Lagar nye ting av brukt metall

Alle metall blir utvunne frå gruver djupt under jorda eller inne i fjellet. Slike gruver krev mykje energi og har stort utslepp av farlege miljøgassar. Metalla vi brukar til å lage noko, må som oftast blandast med andre stoff. Dette blir kalla legering. Vi legerer metalla slik at dei skal verke slik vi ønskjer. Det kallar vi å gi metalla dei rette eigenskapane.

Vrakmetall er allereie legert

Sidan vi uansett må legere metall for å kunne bruke det, er det betre for miljøet at vi brukar vrakmetall. Slikt metall er allereie legert. Då slepp vi å utvinne nytt metall heile tida. Dei fleste som støyper ting i metall, kjøper brukt metall for å produsere noko nytt.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Oversiktsbilde av en gruve i goldt landskap.
Oversiktsbilde av en gruve i goldt landskap.

Flytande metall gir nytt liv

Sjå ein gang til under pulten din. Sjå på beina til skrivebordet eller på metallet under stolen din. Dei er støypte på eit støyperi og heilt sikkert laga av vrakmetall. I eit støperi lagar ein ting av smelta og flytande metall. Slike støyperi finst over heile verda, og vi har mange av dei i Noreg.

Aluminiumsstøyperi brukar aluminiumsfelgar frå vrakbilar til å lage nye ting. Dei lagar mellom anna motorar til elbilar, nye bildelar, påhengsmotorar til båtar, stolbein og skrivebordsunderstell. Nokre støyperi brukar skrapmetall for å lage betongarmering som blir brukte for å byggje ting i betong. Til dømes viss du støyper ein ny terrasse heime. Då blir det lagt armeringsjern ned i betongen for å gjere han meir haldbar.

På Ulefos i Telemark brukar dei jern og stål frå vrakbilar til å lage kumlokk. Andre jernstøyperi brukar vrakmetall til å lage omnar, vaskar, gryter, maskindelar, lyktestolpar, handlekorger, vindmøller, teltstenger, grillar og syklar.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Nesten heile bilen blir brukt om igjen

Vi blir flinkare og flinkare til å gjenvinne vrakbilar. EU har bestemt at minst 95 prosent av kvar kasserte bil skal bli gjenvunnen. Dette talet kallar vi gjenvinningsgrad. I 2021 var gjenvinningsgraden i Noreg på 97,8 prosent.

📷   Graf som viser gjenvinningsgraden. Autoretur AS.
Graf som viser gjenvinningsgraden fra 2007 til 2021.
Graf som viser gjenvinningsgraden fra 2007 til 2021.

Elbilar må òg gjenvinnast

Ingen land i verda har fleire elbilar per innbyggjar enn Noreg. I starten av mai 2021 var det registrert i underkant av 370 000 elbilar, noko som tilsvarer omkring 13 prosent av den totale norske bilparken. Elbilar er veldig populære, og fleire og fleire kjøper det. Desse bilane må òg gjenvinnast, men på ein litt annan måte enn andre bilar.

Gjenvinning av batteri

Elbilar går på batteri, og desse må gjenvinnast på ein spesiell måte. I Noreg er det Batteriretur som tar seg av det. Her blir batteria sjekka og plukka frå kvarandre. Metalldelar og plastikkdelar blir sorterte og gjenvunne på vanleg måte. Det innerste i batteria, battericellene der straumen blir lagra, blir pakka og sendt til spesialfabrikkar.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Rød el-bil som står til lading.
Rød el-bil som står til lading.

Karantene

Viss eit elbilbatteri er øydelagt, kan det begynne å brenne. Når elbilen kjem til biloppsamlarane, må batteria sjekkast med ein gong. Elbilen blir plassert ute i nokre dagar for å sjå at batteria ikkje er skadd. Vi kallar dette karantene.

Spesiell utdanning

Viss batteria ikkje er skada, blir dei tømde for straum. Så tar ein dei forsiktig ut av bilen og sender dei av garde med ekstra sikker transport. Elbilbatteria har så mykje straum i seg at dei kan drepe eit menneske. Derfor er det berre dei med spesiell utdanning som får lov til å gjere noko med batteriet. 

Sjeldne metall

Battericellene inneheld metall som mellom anna litium og kobolt. Metalla er ganske sjeldne på jorda og kostar veldig mykje. I framtida blir det nok meir og meir vanleg at alt i elbilbatteria blir gjenvunne. Også dei sjeldne og dyre metalla. I mange land er det fabrikkar som gjenvinn dei sjeldne metalla så dei kan brukast om igjen.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Medarbeider jobber med å demontere elbilbatterier.
Medarbeider jobber med å demontere elbilbatterier.

Tenk på alt som er laga av returmetall!

Det er jo heilt fantastisk at vi kan gjenbruke nesten 100 prosent av dei gamle bilane våre. Med det blir kan vi gjere ein stor innsats for miljøet. Og det kan alle som har bil, vere med på.

Eit samarbeid mellom:

Kjelder:

  • LOOP – Stiftelsen for Kildesortering og Gjenvinning; Lystad, Henrik; Nordal, Ola: gjenvinning i Store norske leksikon på snl.no. Henta 14. juni 2022 frå https://snl.no/gjenvinning

Bilde- og videorettar:

    1. Autoretur Skolerom
    2. Autoretur Skolerom
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. NG-metall
    9. Getty Images
    10. Getty Images
    11. Autoretur AS
    12. Autoretur Skolerom
    13. Autoretur Skolerom
    14. Autoretur Skolerom