Kva skjer med bilar når dei døyr?

Sjå deg rundt i klasserommet. Ser du noko som er laga av metall? Kanskje beina på pulten? Kanskje handtaket på døra inn til klasserommet? Det metallet kan vere frå ein gammal bil. No skal vi vise deg korleis metall frå gamle bilar kan gjenvinnast til nye ting.

Et klasserom der vi ser bena til n oen elever og stolene de sitter på.
Et klasserom der vi ser bena til n oen elever og stolene de sitter på.

Når bilane blir ubrukelege

I Noreg har vi reglar som seier at alle gamle og øydelagde bilar skal bli gjenvunne. Dette har EU og styresmaktene i Noreg bestemt. Dei som lagar bilar, må følgje desse reglane. Elles får dei ikkje selje bilane sine i Noreg. 

Parkeringsplass med veldig mange biler sett ovenfra.
Parkeringsplass med veldig mange biler sett ovenfra.

Kvifor gjenvinn vi bilar?

Tenkjer du at gamle bilar berre kan ruste bort? Det er i alle fall ein dårleg ide. Det er mykje betre å bruke ting om igjen. Mykje i naturen kan nemleg brukast opp. Til dømes metall. Vi kallar det derfor avgrensa ressursar.

Sirkulærøkonomi

Sirkulærøkonomi betyr at tinga våre bør vare lenge før vi lagar noko nytt. Når ting blir øydelagde, bør vi derfor reparere dei eller bruke dei til noko anna.

Berekraftsmåla til FN

FN har sett seg mange mål for å passe på jordkloden. Dei kallar det berekraftsmål. Nesten 200 land er medlem av FN. Desse landa samarbeider om å stanse fattigdom, forureining og utrydding av dyr. Når vi brukar metall om igjen, er vi med og bidrar til at FN kan nå måla sine. 

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Bil som står og ruster bort i skogen.
Bil som står og ruster bort i skogen.

Litt som å pante flasker

I Noreg har vi vrakpant på bilar. Det har vi hatt sidan 1978. Det er litt som å pante flasker. Du får noko igjen viss du leverer noko til gjenvinning. I 2022 får alle 3000 kroner for å levere bilen til gjenvinning.

Millionar av bilar

Kvart år blir det samla inn nesten 140 000 bilar til gjenvinning i Noreg. Vi er verdsmeistrar i å pante flasker. Kanskje vi kan bli best i verda til å pante gamle bilar òg?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Bilbransjen tok ansvar!

Det var bilbransjen sjølv som tok ansvar for å gjenvinne gamle bilar. Dei starta opp Autoretur AS i 2007. Der kan vi levere bilane våre til gjenvinning. Autoretur klarer å gjenvinne over 97 prosent av kvar bil! 

Bilopphoggeriet plukkar bilene frå kvarandre

Det er meir enn 140 stader i Noreg som tek i mot vrakbilar. Desse stadene blir ofte kalla eit bilopphoggeri. Dei som jobbar her, er mekanikarar, lastebilsjåførar og gravemaskinførarar.

Her blir alt farleg avfall fjerna

Bilopphoggeria fjernar alt farleg avfall frå bilane: batteri, olje, bremsevæske, bensin, diesel og airconditionvæske. Alt dette kan skade naturen viss det berre renn ut.

Frå bildekk til sprengingsmatter

Bilopphoggeria fjernar batteri frå elbilar. Dei tek òg av gummidekka på alle bilar. Noko av gummien blir brukt til å lage sprengingsmatter. Desse blir brukte når ein skal sprengje bort fjell. Mattene gjer at dei lause steinane ikkje fyk i alle retningar. Kva anna kan gamle bildekk brukast til?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Store mengder bildekk som ses ovenfra.
Store mengder bildekk som ses ovenfra.

Bilane blir knuste!

Etter at dei farlege og giftige tinga i bilen er fjerna, blir bilen pressa flat. Deretter blir dei flattrykte bilane sende til ein fabrikk der bilane blir rivne frå kvarandre. Desse fabrikkane blir kalla fragmenteringsverk.

Frå bil til metallstøv!

I denne filmen følgjer du ein bil heile vegen gjennom eit fragmenteringsverk. Inne i fragmenteringsverket blir bilen knekt og rive i mindre og mindre bitar. Til slutt er det smådelar og metallstøv igjen.

Lagar nye ting av brukt metall

Metall er noko vi finn i gruver djupt under jorda, eller inne i fjellet. Slike gruver er ofte skadelege for miljøet. For å kunne bruke metalla slik vi ønskjer, må vi ofte blande dei med noko. Dette blir kalla legering.

Vrakmetall er allereie legert

Vrakmetall er allereie legert. Derfor er det best å bruke dette til nye ting. Då slepp vi å utvinne nytt metall heile tida.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Oversiktsbilde av en gruve i goldt landskap.
Oversiktsbilde av en gruve i goldt landskap.

Flytande metall gir nytt liv

Sjå ein gong til under pulten din. Beina til pulten er sikkert laga på eit støyperi. I eit støyperi lagar ein ting av smelta og flytande metall. Vi har mange støyperi i Noreg.

Nokre støyperi brukar aluminium frå vrakbilar til å lage nye ting. Mellom anna nye bildelar og stolbein. Nokre støyperi brukar skrapmetall for å lage armeringsjern. Dette blir brukt når ein skal støype noko i betong. Til dømes om ein skal byggje ein terrasse. Då blir det lagt armeringsjern ned i betongen for å gjere han meir haldbar.

På Ulefos i Telemark brukar dei jern og stål frå vrakbilar til å lage kumlokk. Andre jernstøyperi brukar vrakmetall til å lage omnar, gryter, lyktestolpar, handlekorger, vindmøller, teltstenger, grillar og syklar.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Nesten heile bilen blir brukt om igjen

Minst 95 prosent av kvar vrakbil skal bli gjenvunnen. Dette talet kallar vi gjenvinningsgrad. I 2021 var gjenvinningsgraden i Noreg på 97,8 prosent.

📷   Graf som viser gjenvinningsgraden. Autoretur AS.
Graf som viser gjenvinningsgraden fra 2007 til 2021.
Graf som viser gjenvinningsgraden fra 2007 til 2021.

Elbiler må òg bli gjenvunne

Elbilar er veldig populært, og fleire og fleire kjøper det. Ingen land i verda har fleire elbilar per innbyggjar enn Noreg. Ein av ti bilar er elbilar. Men desse bilane må òg bli gjenvunne, men på ein litt annan måte enn andre bilar.

Gjenvinning av batteri

Batteria på elbilar må gjenvinnast på ein spesiell måte. I Noreg er det Batteriretur som tar seg av det. Metall og plast blir sortert og gjenvunne på vanleg måte. Battericellene der straumen blir lagra, blir sende til spesialfabrikkar.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Rød el-bil som står til lading.
Rød el-bil som står til lading.

Karantene

Når elbilen blir levert inn til gjenvinning, må batteria bli sjekka med ein gong. Elbilen blir plassert ute i nokre dagar for å sjå at batteria ikkje er skada. Vi kallar dette karantene.

Spesiell utdanning

Viss batteria ikkje er skadde, blir dei tømde for straum. Batteria har så mykje straum i seg at dei kan drepe eit menneske. Derfor trengst det spesiell utdanning for å jobbe med dette.

Sjeldne metall

Batteria inneheld sjeldne metall som kostar veldig mykje. I mange land er det fabrikkar som gjenvinn dei sjeldne metalla, slik at dei kan brukast om igjen.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Medarbeider jobber med å demontere elbilbatterier.
Medarbeider jobber med å demontere elbilbatterier.

Tenk på alt som er laga av returmetall!

Det er jo heilt fantastisk at vi kan gjenbruke nesten 100 prosent av dei gamle bilane våre. Med det blir gjort ein stor innsats for miljøet. Og det kan alle som har bil, vere med på.

EIt samarbeid mellom:

Kjelder:

  • LOOP – Stiftelsen for Kildesortering og Gjenvinning; Lystad, Henrik; Nordal, Ola: gjenvinning i Store norske leksikon på snl.no. Henta 14. juni 2022 frå https://snl.no/gjenvinning

Bilde- og videorettar:

    1. Autoretur Skolerom
    2. Autoretur Skolerom
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. NG-metall
    9. Getty Images
    10. Getty Images
    11. Autoretur AS
    12. Autoretur Skolerom
    13. Autoretur Skolerom
    14. Autoretur Skolerom