Kva skjer når samfunnet stenger?

Kva er konsekvensen for natur, miljø og dyreliv når vi har hatt «lockdown» i fleire månader?

Accessibility icon Kva skjer når samfunnet stenger?

Korona-lockdown

I mars 2020 begynte land over heile verda å stengje grensene. Alle hadde heimeskule, og folk fekk beskjed om halde seg heime. Etter det har vi levd i ei usikker tid der samfunnet er blitt opna på nytt og så stengt igjen. Mange opplever mykje uvisse og uroar seg for framtida. Men kan denne sjølvisoleringa ha hatt ein positiv effekt på miljøet?

Mindre utslepp av karbondioksid

Vi slepper ut over 36 milliardar tonn av ein av dei farlegaste miljøgassane i verda kvart år. For 100 år sidan var dette talet 2 milliardar tonn. Resultatet av denne enorme auken er at temperaturen på jorda har stige. Vi ser at isbreane smeltar, og at verda opplever store klimaendringar.

Menneskeleg aktivitet har vore blant hovudårsakene til klimaendringane. Forbrenning av fossilt brennstoff og auka forureining frå reiseverksemd har vore nokre av hovudårsakene til klimaendringane.

Den industrielle og private produksjonen av drivhusgassar er ein av dei største syndebukkane når det gjeld klimakrisa. Karbondioksid er eit døme på ein drivhusgass. Utsleppa av drivhusgassar har auka med omtrent ein prosent kvart år. Karbondioksidet er med på å auka det som blir kalla drivhuseffekten. Gassen blir fanga i atmosfæren og «låser inne» meir av varmen frå sola.

I april 2020 fall det daglege utsleppet av karbondioksid med 17 prosent samanlikna med det same tidsrommet i 2019. Så låge tal har verda ikkje sett sidan 2006.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!