Kva skjer når samfunnet stenger?

Kva er konsekvensen for natur, miljø og dyreliv når vi har hatt «lockdown» i over eit år?

Accessibility icon Kva skjer når samfunnet stenger?

Korona-lockdown

I mars 2020 begynte land over heile verda å stengje grensene. Alle hadde heimeskule, og folk fekk beskjed om halde seg heime. Etter det har vi levd i ei usikker tid der samfunnet er blitt opna på nytt og så stengt igjen. Mange opplever mykje uvisse og uroar seg for framtida. Men kan denne sjølvisoleringa ha hatt ein positiv effekt på miljøet?

Mindre utslepp av karbondioksid

I gjennomsnitt slepper vi ut over 36 milliardar tonn av karbondioksid, ein av dei farlegaste miljøgassane i verda, kvart år. For 100 år sidan var dette talet 2 milliardar tonn, og resultatet av denne enorme auken er at den globale temperaturen har auka, isbreane smeltar og verda opplever store klimaendringar.

Menneskeleg aktivitet, som forbrenning av fossilt brennstoff for å skaffa energi og auka forureining frå reiseverksemd, har vore blant hovudårsakene til klimaendringane.

Ein av dei største syndebukkane når det gjeld klimakrisa, er den industrielle og private produksjonen av drivhusgassar, til dømes karbondioksid, der utsleppa har auka med omtrent ein prosent kvart år. På grunn av den kjemiske samansetninga er karbondioksid med på å auka det som blir kalla drivhuseffekten, altså at termisk energi blir fanga i atmosfæren og varmar opp jordkloden vår.

I april 2020 fall det daglege utsleppet av karbondioksid med 17 prosent samanlikna med det same tidsrommet i 2019. Så låge tal har verda ikkje sett sidan 2006.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!