Kva vil det seie å argumentere?

Nokre gongar må vi argumentere for noko, men kva betyr det eigentleg å argumentere?

For å gjere noko klart, eller overtyde om noko, må du ha gode argument. Elles blir det berre ein påstand eller ei meining.

Open eller skjult argumentasjon

Argumentasjon der du bruker fakta, blir kalla for open argumentasjon. I retorikken heiter dette bruk av logos.

Argumentasjon der du spelar på kjenslene til andre, blir kalla for skjult argumentasjon. I retorikken heiter dette bruk av patos.

Argumentasjon der vi bruker ekspertar for å overtyde om  noko, blir kalla bruk av etos.

Kva vil det då seie å argumentere?

  • Du må ha ein påstand eller ei meining du vil argumentere for.
  • Du må ha eit argument du vil argumentere med.
  • Du må seie noko som inneheld både påstanden, meininga og argumentet.
Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Ung gutt står på en stol og roper i en megafon.
Ung gutt står på en stol og roper i en megafon.

Toulmins argumentasjonsmodell

For å finne argument i ein tekst må vi stille oss sjølve nokre spørsmål.

Spørsmål 1: Hovudpåstand

Kva er påstanden i teksten? Kva er det forfatteren meiner? Kva er det forfattaren argumenterer for?

Døme på ein påstand: Du kjem til å bli sjuk.

Styrkemarkørar

Når ein argumenterer, blir det ofte brukt det vi kallar styrkemarkørar. Det er ord som viser kor sterkt personen meiner påstanden sin. Du bør ikkje bruke ord som «kanskje» og «truleg».

Spørsmål 2: Argument

Kva er argumenta i teksten? Bruker forfattaren styrkemarkørar?

Eit argument som forsterkar ein påstand, kallar vi  òg …

  • … belegg: Kva slags belegg har forfattaren for å meine dette?
  • … dokumentasjon: Korleis dokumenterer forfattaren påstanden sin?

Døme på eit argument: Du åt bederva fisk. 

Ein kan forsterke dette ved å seie: Eg veit fisken var bederva fordi han lukta rotent.

 

Spørsmål 3: Relevans

Kva er det som gjer at argumenta er relevante i samanhengen?

Det du seier, må derfor ha ein klar relevans. Det må ha samanheng med det du seier. Det kallar vi heimel.

Døme på heimel: Du blir sjuk av å ete bederva fisk. Du åt bederva fisk, og du vil bli sjuk.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Irritert mann kommuniserer på et møte med hevet finger.
Irritert mann kommuniserer på et møte med hevet finger.

Kvalitet på argument

For å vurdere kvaliteten på argument kan vi spørje oss sjølve:

  • Er påstanden sann? Verkar han sannsynleg?
  • Har argumentet betydning for saka?
  • Kor sterkt står argumentet ditt i forhold til argumenta til dei andre?
  • Har du sagt alt som trengst?
En person bruker en ekstra stor megafon for å snakke med en annen person.
En person bruker en ekstra stor megafon for å snakke med en annen person.

For det første, for det andre, for det tredje …

For å overtale eller overtyde andre blir det kravd gode argument. Det løner seg å ha fleire argument som peikar på det same.

Det er lurt å gjenta det ein seier. Får du òg andre til å gjenta argumenta dine, verkar det endå meir overtydande.

Forretningsmann peker på den han diskuterer med.
Forretningsmann peker på den han diskuterer med.

Kjelder:

  • Alnes, Jan Harald: argument i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 10. november 2021 frå  https://snl.no/argument

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images