Kva vil det seie å argumentere?

Det hender at vi må argumentere for noko, men kva betyr det eigentleg å argumentere?

I argumentasjon blir det brukt argument for å klarleggje eller overtyde om noko. Viss ein ikkje kan klarleggje eller overtyde om noko, vil det ikkje vere eit argument. Då vil det berre vere ein påstand.

Open eller skjult argumentasjon

Argumentasjon som er basert på fakta, blir kalla for open argumentasjon. I retorikken heiter dette bruk av logos.

Argumentasjon som rører ved kjenslene, kallar vi gjerne for skjult argumentasjon. I retorikken heiter dette bruk av patos.

I tillegg kan vi finne argumentasjon som vi kan kjenne igjen som etos. Det er argumentasjon der vi bruker autoritetar (ein ekspert) for å overtyde andre om meininga vår.

Kva vil det då seie å argumentere?

Argumentasjonen består av tre delar:

  • Du må ha ein påstand du vil argumentere for.
  • Du må ha eit argument du vil argumentere med.
  • Du må seie noko som inneheld både påstand og argument.
Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Ung gutt står på en stol og roper i en megafon.
Ung gutt står på en stol og roper i en megafon.

Toulmins argumentasjonsmodell

Når vi ser etter argumentasjon i ein tekst, må vi stille nokre spørsmål til teksten.

Spørsmål 1: Hovudpåstand

Kva er påstanden i teksten? Kva er det forfattaren meiner? Kva er det forfattaren argumenterer for?

Synspunktet kan bli kalla ein påstand. Forfattaren forklarer sin påstand og konkluderer til slutt.

Døme på ein påstand: Du kjem til å bli sjuk.

Styrkemarkørar

Når ein argumenterer, bruker ein ofte det vi kallar styrkemarkørar. Det er ord som viser kor sterkt personen meiner påstanden sin.

Viss argumenta inneheld svake uttrykk som «truleg», «kanskje» og «i dei fleste tilfelle», så står ikkje påstanden veldig sterkt. Men det er også viktig å ikkje vere for skråsikker når ein uttaler seg.

Spørsmål 2: Argument

Kva er argumenta i teksten? Korleis gjer forfattaren synspunkta sine sterke? Kva er det forfattaren argumenterer med?

Eit argument som forsterkar ein påstand, blir òg kalla …

  • … belegg: Kva slags belegg har forfattaren for å hevde dette?
  • … dokumentasjon: Korleis dokumenterer forfattaren synspunktet sitt?

Døme på eit argument: Du åt bederva fisk. 

Ein kan forsterke dette ved å seie: Eg veit fisken var bederva fordi han lukta rotent.

Spørsmål 3: Relevans

Kva er det som gjer at eit argument kan bli brukt til å støtte ein påstand? Kva er det som gjer at argumenta er relevante i samanhengen?

Det som knyter eit argument og ein påstand saman, blir kalla for heimelen til argumentet.

Døme på heimel: Du blir sjuk av å ete bederva fisk. Du åt bederva fisk, og du vil bli sjuk.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Irritert mann kommuniserer på et møte med hevet finger.
Irritert mann kommuniserer på et møte med hevet finger.

Kvalitet på argument

For å vurdere kvaliteten på argument kan vi spørje oss sjølve:

  • Er påstanden sann? Verkar han sannsynleg?
  • Har argumentet betydning for saka?
  • Kor sterkt står argumentet ditt i høve til andre sine  argument?
  • Er alle viktige sider ved saka belyste?
En person bruker en ekstra stor megafon for å snakke med en annen person.
En person bruker en ekstra stor megafon for å snakke med en annen person.

For det første, for det andre, for det tredje …

For å overtale eller overtyde andre blir det kravd gode og saklege argument.

Når du skal argumentere, vil det løne seg å ha fleire argument som peikar på det same.

Når du argumenterer, vil det også vere nyttig å gjenta det du seier. Får du også andre til å gjenta argumenta dine, verkar det enda meir overtydande.

Forretningsmann peker på den han diskuterer med.
Forretningsmann peker på den han diskuterer med.

Kjelder:

  • Alnes, Jan Harald: argument i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 10. november 2021 frå  https://snl.no/argument

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images