Neandertalarane

Denne utdøydde menneskeslekta vert ofte omtala som barbarisk, vill og primitiv. Men det dukkar stadig opp nye bevis for at neandertalarane var smarte og omtenksame folk, som blant anna likte å pynte seg med smykke.

Neandertalere i et grønt og frodig landskap
Neandertalere i et grønt og frodig landskap

Neandertalerne hadde det vanskeleg. I over 150 000 år levde dei i enkle bustader, jakta mammut og kjempa mot den brutale naturen mens dei var kledde i enkle klede av skinn. Fordi livet var så hardt, var det få neandertalarar som vart eldre enn tretti år.

Men så, for rundt 30 000 år sidan, døydde dei ut. Dette var ganske kort tid etter at det moderne mennesket kom til Europa for 40 000 år sidan. Mange har lurt på om det er vår skuld at dei forsvann. Men det er meir sannsynleg at det var klimaendringar og det at dei var så få, som førte til at dei vart utrydda. 

Tropisk regnskog
Tropisk regnskog

I dag brukar vi neandertalar som eit skjellsord. Kallar du nokon ein neandertalar, seier du eigentlig at dei er mindre smarte. Uttrykket får oss til å tenke på holemenn med bustete hår og meir musklar enn vett.

Men det dukkar stadig opp fleire fakta som gir oss eit litt anna inntrykk av dei. Kanskje har vi rett og slett misforstått denne menneskearten. 

Fekk neandertalarar og det moderne mennesket barn saman?  

DNA-analysar viser at mange av oss har litt neandertalerblod i oss. Dette beviser at det moderne mennesket fekk barn med neandertalarar. Rundt 20 prosent av gena til neandertalarane og det moderne mennesket er like. Mengda neandertalar-DNA som er funne hos europeiske og asiatiske personar, stammar frå rundt 300 romantiske møte mellom dei to artane.

Dei interessante spørsmåla er: Kor like oss var dei eigentleg? Samarbeidde dei? Snakka dei saman? Hadde dei kultur? 

Huleboer tegner på veggen
Huleboer tegner på veggen

Skinnet kan bedra

Heilt sidan neandertalarane vart funne i Neandertal i Tyskland for meir enn 150 år sidan, har ein vore ueinige om korleis dei eigentleg var. Sidan dei såg ut som ein mellomting mellom ape og menneske med utstikkande panne og nase, vart dei omtalte som «det manglande, primitive bindeleddet». Men sjølv om neandertalarane såg apeaktige og primitive ut, betyr det ikkje at  dei var meir like dyr enn menneske.  

Neandertalere jakter mammut
Neandertalere jakter mammut

Sidan ein oppdaga neandertalarane, har forskarane studert leivningane etter meir enn 100 forskjellige individ frå forskjellige tidsperiodar og verdensdelar. Fossilane avslører at desse menneska var langt ifrå ville. Datasimuleringar av tungebeinet til ein neandertalar viser at dei kunne snakke. 

Neandertalarane levde i små grupper der dei pleidde sine sjuke og tok vare på kvarandre. Ein har funne leivningane av ein vaksen neandertalar i ei hole i Irak, og denne personen ser ut til å ha levd i fleire år etter at ein hovudskade gjorde han nesten blind. Desse folka tok altså vare på dei svake. Vi veit også at dei samarbeidde om å jakte på store dyr.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Neandertalere i et grønt og frodig landskap
Neandertalere i et grønt og frodig landskap

Teknologien til neandertalarane

Vi har funn som viser at neandertalarane hadde teknologi som var ganske avansert for si tid 

På andre neandertalarbuplassar er det funne spesielle, bogeforma flintknivar som er gjorde sløve på den eine sida. Dette er gjort så ein kan halde dei i hendene. Det er også funne 30 centimeter lange pilspissar av elfenbein. Desse hadde små hakk som gjorde dei lettare å feste til eit skaft.

Huleboer ser på utsikten
Huleboer ser på utsikten

1. Lim
Neandertalarane varma og behandla bjørkebork for å lage eit klissete, kvaeliknande lim. Truleg vart limet brukt når dei skulle feste steinknivar til trehandtak. Limet må ha lege og ulma i fleire timar ved jamn varme, noko som tyder på at neandertalarane hadde lært seg å kontrollere elden.

2. Smykke
Det er funne fleire ting som beviser at neandertalarane likte å pynte seg. Til dømes smykke av tenner, knoklar og skjel. Analysar av godt utført slakting av vengeknoklar, tyder på at fjørene vart fjerna. Desse har kanskje blitt brukte når ein skulle kle seg ekstra fint.

3. Verktøy
Det er ikkje tvil om at neandertalarane forma stein og laga handøkser, men dei kan også ha laga spesialverktøy som dei spesielle, bogeforma flintknivane og såkalla glattarar. Glattarane vart laga av rådyrribbein og vart brukte til å glatte ut dyreskinn, slik at dei vart mjukare og kunne tole tøffare vêr.

4. Sminke
Det er nyleg oppdaga skjel som inneheld restar av fargepigment. Derfor meiner nokre at neandertalarane laga og brukte sminke på kroppen. Men fargepigment kan også ha blitt brukt til andre ting, som å farge dyreskinn.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Funn etter neandertalerne
Funn etter neandertalerne

Dei hadde gravferder

Men det finst enda meir rørande teikn på at desse menneska hadde ein kultur. Leivningar etter neandertalarar er funne fleire stader i Europa. Nokre stader er dei lagde så varsomt ned i jorda at nokre meiner det er bevis for at dei har hatt ei gravferd. I 2013 gjorde ei gruppe forskarar ferdig ei utgravning av ein neandertalargravplass i Frankrike. Der fann dei både ekstra knoklar og dyreknoklar. Forskarane som jobba på staden, sa at knoklane måtte ha blitt dekte raskt til, for dei var ikkje prega av vêr og vind.  

Menneskebein i en kiste
Menneskebein i en kiste

Éin ting er sikkert: Neandertalarane klarte å overleve gjennom tusenvis av krevjande år utan å øydeleggje planeten, noko som beviser at dei var robuste, tilpassingsdyktige og smarte. Vi moderne menneske liker kanskje å tenkje på oss sjølve som smarte, men i løpet av den tida vi har levd, har vi laga litt av eit rot. Kanskje det er på høg tid at uttrykket «neandertalar» går av moten som ei fornærming, og heller blir brukt som ein kompliment?

Huleboer tegner på veggen
Huleboer tegner på veggen

Kjelder:

  • Historien om mennesket (2020)
    Orage Forlag AS 

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Ukjent
    9. Getty Images
    10. Getty Images