Neandertalarane

Denne utdøydde menneskeslekta vert ofte omtala som barbarisk og vill. Men det dukkar stadig opp nye bevis for at dei var smarte og omtenksame folk. Blant anna likte dei å pynte seg med smykke.

Neandertalere i et grønt og frodig landskap
Neandertalere i et grønt og frodig landskap

Neandertalarane hadde det vanskeleg. I over 150 000 år levde dei i enkle bustader og jakta mammut. Dei kjempa mot den brutale naturen mens dei var kledde i enkle klede av skinn. Fordi livet var så hardt, var det få neandertalarar som vart eldre enn 30 år.

Men så, for rundt 30 000 år sidan, døydde dei ut. Dette var ganske kort tid etter at det moderne mennesket kom til  Europa. Mange har lurt på om det er vår skuld at dei forsvann. Men det er meir sannsynleg at det var klimaendringar som førte til at dei vart utrydda. 

Tropisk regnskog
Tropisk regnskog

I dag bruker vi neandertalar som eit skjellsord. Viss du kallar nokon ein neandertalar, seier du eigentlig at dei er mindre smarte. Ordet neandertalar får oss til å tenkje på holemenn med bustete hår og meir musklar enn vett.

Men det dukkar stadig opp fleire fakta som gir oss eit litt anna inntrykk av dei. Kanskje vi har misforstått denne menneskearten. 

Fekk neandertalararane og det moderne mennesket barn saman?  

DNA-analysar viser at mange av oss har litt neandertalarblod i oss. Dette beviser at det moderne mennesket fekk barn med neandertalarar. Rundt 20 prosent av gena til neandertalarane og det moderne mennesket er like. 

Dei interessante spørsmåla er: Kor like oss var dei eigentleg? Samarbeidde dei? Snakka dei saman? Hadde dei kultur? 

Huleboer tegner på veggen
Huleboer tegner på veggen

Skinnet kan bedra

Neandertalarane vart funne i Neandertal i Tyskland for meir enn 150 år sidan. Heilt sidan då har ein vore ueinige om korleis neandertalarane eigentleg var.

Sidan dei såg ut som ein mellomting mellom ape og menneske, vart dei kalla «primitive». Men sjølv om neandertalarane likna på apar, betyr det ikkje at dei var meir like dyr enn menneske. 

Neandertalere jakter mammut
Neandertalere jakter mammut

Forskarar har studert fossilane etter meir enn 100 forskjellige individ frå forskjellige tidsperiodar og verdsdelar. Fossilane av neandertalarane avslører at desse menneska var langt ifrå ville. Forsking har vist at dei kunne snakke. 

Neandertalarane levde i små grupper. Dei pleidde sine sjuke og tok vare på kvarandre. Ein har funne leivningane av ein vaksen neandertalar i ei hole i Irak. Denne personen ser ut til å ha levd i fleire år etter at ein hovudskade gjorde han nesten blind. Desse folka tok altså vare på dei svake. Vi veit også at dei samarbeidde om å jakte på store dyr.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Neandertalere i et grønt og frodig landskap
Neandertalere i et grønt og frodig landskap

Teknologien til neandertalarane

Neandertalarane hadde teknologi som var ganske avansert for si tid 

På buplassane deira er det funne flintknivar som er gjorde sløve på den eine sida. Dette er gjort så ein kan halde dei i hendene. Det er også funne 30 centimeter lange pilspissar av elfenbein. Desse hadde små hakk som gjorde pilspissane lettare å feste til eit skaft.

Huleboer ser på utsikten
Huleboer ser på utsikten

1. Lim
Neandertalarane varma og behandla bjørkebork for å lage eit klissete lim. Vi trur at limet vart brukt når dei skulle feste steinknivar til trehandtak. Limet må ha blitt varma i fleire timar ved ein bestemt temperatur. Dette betyr at neandertalarane hadde lært seg å kontrollere elden.

2. Smykke
Det er funne fleire gjenstandar som beviser at neandertalarane likte å pynte seg. Vi har blant annet funne smykke av tenner, knoklar og skjell. Fjører har kanskje blitt brukte når ein skulle kle seg ekstra fint.

3. Verktøy
Det er ikkje tvil om at neandertalarane forma stein og laga handøkser. Dei kan også ha produsert spesialverktøy som dei spesielle flintknivane og lissoirs, også kalla glattarar. Glattarane vart laga av ribbein frå rådyr. Dei vart brukte til å glatte ut dyreskinn, slik at dei vart mjukare.

4. Kosmetikk
Det er nyleg oppdaga fine skjel som inneheld restar av fargepigment. Derfor meiner nokre at neandertalarane laga og brukte sminke på kroppen. Men fargepigment kan også ha blitt brukt til andre ting. Til dømes til å farge dyreskinn.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Funn etter neandertalerne
Funn etter neandertalerne

Dei hadde gravferder

Men det finst eit enda meir rørande teikn på at desse menneska hadde ein kultur. Leivningar etter neandertalarar er funne fleire stader i Europa. Nokre stader er dei lagde så forsiktig ned i jorda at nokre meiner det er bevis for at dei har hatt ei gravferd.

I 2013 fann forskarar ein neandertalargravplass i Frankrike. Der fann dei både ekstra knoklar og dyreknoklar. Forskarane som jobba på staden, sa at knoklane måtte ha blitt dekte raskt til. Dette fordi knoklane ikkje var prega av vêr og vind.  

Menneskebein i en kiste
Menneskebein i en kiste

Éin ting er sikkert: Neandertalarane klarte å overleve gjennom tusenvis av krevjande år utan å øydeleggje planeten. Dette beviser at dei var tilpassingsdyktige og smarte. Vi moderne menneske liker kanskje å tenkje på oss sjølve som smarte, men i løpet av den tida vi har levd, har vi laga litt av eit rot. Kanskje det er på høg tid at uttrykket «neandertalar» går av moten som ei fornærming, og heller blir brukt som ein kompliment?

Huleboer tegner på veggen
Huleboer tegner på veggen

Kjelder:

  • Historien om mennesket (2020)
    Orage Forlag AS 

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Ukjent
    9. Getty Images
    10. Getty Images