Kvifor betaler vi skatt?
Skatt er ei innbetaling frå innbyggjarane i landet til staten. Desse pengane skal brukast til det beste for fellesskapet. Kor lenge har vi betalt skatt i Noreg? Kor mykje skal vi betale, og kven bestemmer beløpet? På kva slags måte kan skatt påverke eit demokrati?
Kva er skatt?
Skatt er ei avgift som stat og kommune krev inn av innbyggjarane. Alle bidreg til dei utgiftene landet har. Pengane gjer at vi mellom anna har gratis grunnskule og gratis behandling på sjukehus.
Dei fleste som har arbeid, må ha eit skattekort. Kvar og ein har ansvar for at vi betaler rett skatt. Skatten blir betalt og avrekna heile året. I april, året etter, får vi vite om vi har betalt for mykje eller for lite skatt. Dette kallar vi skatteoppgjeret. Her får du anten pengar igjen, eller du må betale noko tilbake. Det siste kallar vi restskatt.
Norske sedler
Halfdan Egedius: Illustration for Magnus den godes saga
Kvifor betaler vi skatt?
Det er tre grunnar til det:
- Innbyggjarane bidrar til ei stor felles pengekasse som dekkjer utgiftene til landet.
- Uansett kor mykje eller lite du tener, skal du få din del av denne pengekassa.
- Skatten skal bidra til at landet har ein god og trygg økonomi. Staten sparer også mykje av pengane til dårlege tider, til dømes ein pandemi.
Politikarane har ansvaret for å passe på pengane til landet. Dei skal sjå til at så mange som mogleg har jobb, og at pengane blir brukte lønnsamt, slik at landet blir rikare. Viss vi har god økonomi i landet, kan vi framleis bu i ein trygg og mest mogleg rettferdig velferdsstat.
Kvinne som henter selvangivelsesskjema for Oslo 1958 i en kiosk
Illustrasjon av Skattekort
Direkte skatt
Direkte skatt betaler du av pengar du tener på arbeid eller næring. Næring kan vere fiske eller jordbruk.
Har du stor formue, betaler du ekstra skatt. Formue kan vere at du har mykje pengar i banken, eller har fleire eigedommar. Formuesskatten blir utrekna etter at du har trekt frå gjeld.
Fiskeskøyte
Tollbetjent
Skattekort
I desember kvart år får vi nytt skattekort. Viss tala ikkje stemmer, må du logge deg inn på nettsidene til Skatteetaten. Her finn du all informasjon dei har om økonomien din, og det er ansvaret ditt å sjekke at dette er rett. Viss ikkje det er rett, kan det bety at du betalt for mykje eller for lite i skatt.
Du treng ikkje å sende skattekortet til arbeidsgjevaren. Dei hentar det direkte frå Skatteetaten.
Illustrasjon av Skattekort
Kor mykje skatt betaler vi?
Viss du tener pengar på ein jobb, skal du betale skatt. Kor mykje skatt du skal betale, kjem an på kor mykje du tener. Tener du under 60 000 kroner i året, slepp du å betale skatt.
Skatten blir rekna ut frå det du tener, og kva du har i formue. Anten betaler du eit prosentbeløp per månad, eller så blir skatten berekna frå ein tabell basert på det du tener per månad.
Nærbilde av noen som holder en kalkulator
Kven bestemmer kva skatten blir?
Det er Stortinget som bestemmer skattelovene. Finansdepartementet og Skatteetaten får ansvaret for å setje i verk lovene.
Noregs skattesystem handlar om at vi betaler i forhold til inntekta vår. Di meir du tener, di meir skatt skal du betale.
Bilde av Stortinget i Oslo, Norge
Korleis rekne ut skatt?
Skatteoppgjer og sjølvmelding
I mars/april kvart år får alle som får lønn, ei skattemelding. Det er ei oversikt over inntekter, formue og gjeld i året som var. For å vere sikker på at du ikkje har betalt for mykje eller for lite skatt, må du sjekke at opplysningane i skattemeldinga er rette.
Når Skatteetaten har kontrollert tala, får du vite om du får noko igjen på skatten, eller om du må betale restskatt. Det siste betyr at du har betalt for lite skatt i året som var.
Skattemelding på mobil
Grand Cayman
Halv skatt i desember
I desember betaler vi halv skatt. Då har vi meir pengar å bruke i tida fram mot jul. Dette er likevel ikkje ein «julebonus» frå arbeidsgjevar, for du betaler inn denne skatten i løpet av året.
Vi bruker meir pengar enn elles i året rett før jul. Lommeboka treng derfor litt ekstra pengar denne månaden. Ordninga med halv skatt før jul vart bestemt i 1952. Målet var at arbeidsfolk skulle få betre råd i juletida.
Julegaver
Kjelder:
- Skatteetaten.no (18.03.2021)
- skatt i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 18. mars 2021 frå https://snl.no/skatt
- Andersen, Per Sveaas: leidang i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 18. mars 2021 frå https://snl.no/leidang
- Munthe, Preben: økonomisk politikk i Norge i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 18. mars 2021 frå https://snl.no/%C3%B8konomisk_politikk_i_Norge
- Advokatjustisia.no (18.03.2021)
- Christensen, Johan: formuesskatt i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 18. mars 2021 frå https://snl.no/formuesskatt
- Regjeringen (18.03.2021): Skatter og avgifter
https://www.regjeringen.no/no/tema/okonomi-og-budsjett/skatter-og-avgifter/id1359/
- DNB (18.03.2021): Skal du betale skatt til et annet land?
https://www.dnb.no/dnbnyheter/no/samfunn/skal-du-betale-skatt-til-et-annet-land
- Økokrim (18.03.2021): Skattekriminalitet
https://www.okokrim.no/skattekriminalitet.422274.no.html
- Lendo (18.03.2021): Halv skatt i desember – slik bruker du pengene smart!
https://www.lendo.no/tips-og-rad/halv-skatt/
Bilet- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Halfdan Egedius
-
National Archives of Norway (CC BY-SA 4.0)
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Se og lær realfag – YouTube
-
Skatteetaten
-
Skatteetaten – Vimeo
-
Getty Images
-
Getty Images
-