Kvifor betaler vi skatt?

Skatt er ei innbetaling frå innbyggjarane i landet til staten. Desse pengane skal brukast til det beste for fellesskapet. Kor lenge har vi betalt skatt i Noreg? Kor mykje skal vi betale, og kven bestemmer beløpet? På kva slags måte kan skatt påverke eit demokrati?

Accessibility icon Kvifor betaler vi skatt?

Kva er skatt?

Skatt er ei avgift som stat og kommune krev inn av innbyggjarane. Alle bidreg til dei utgiftene landet har. Pengane gjer at vi mellom anna har gratis grunnskule og gratis behandling på sjukehus.

Dei fleste som har arbeid, må ha eit skattekort. Kvar og ein har ansvar for at vi betaler rett skatt. Skatten blir betalt og avrekna heile året. I april, året etter, får vi vite om vi har betalt for mykje eller for lite skatt. Dette kallar vi skatteoppgjeret. Her får du anten pengar igjen, eller du må betale noko tilbake. Det siste kallar vi restskatt.

Norske sedler
Norske sedler

Leidang og veitsle 

På 1100-talet vart Noreg inndelt i område for å forsvare landet mot fiendar. Heile befolkninga måtte bidra til desse utgiftene. Kvart område hadde plikt til å bidra med skip, mannskap, mat og anna utstyr. Leidang er derfor det eldste skattesystemet vi har i Noreg.

Veitsle var at kongen hadde rett til mat, drikke og overnatting når han reiste rundt i landet.

Tiend

På 1100-talet måtte alle betale 10 prosent av inntekta si til kyrkja. Folk kunne anten gi pengar eller råvarer som korn eller fisk. Kyrkja meinte at det stod om denne skatten i Bibelen. Tienda vart delt mellom kyrkjene, prestane, biskopen og dei fattige.

Etter reformasjonen på 1500-talet var det kongen som fekk heile tienda. Han skulle fordele skatten til dei som trong det, men tok truleg det meste sjølv.

Koppskatt

Utover på 1600-talet fekk vi koppskatt. Ordet kjem frå tysk Kopfschatz. Kopf er hovud, og schatz er skatt. Kvar person, eller kvart hovud, skulle betale skatt.

Alle over 12 år skulle betale lik sum. Dette gjaldt ikkje dei som var i militæret. På 1700-talet vart det delvis frivillig å betale koppskatt. Kvar og ein skulle betale etter evne.

Skattar og avgifter

Frå vikingtida og fram til i dag har den norske staten kravd inn mange ulike skattar. Mange av skattane har blitt gitt til militæret og kyrkja.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Halfdan Egedius: Illustration for Magnus den godes saga
Halfdan Egedius: Illustration for Magnus den godes saga

Kvifor betaler vi skatt? 

Det er tre grunnar til det: 

  • Innbyggjarane bidrar til ei stor felles pengekasse som dekkjer utgiftene til landet.
  • Uansett kor mykje eller lite du tener, skal du få din del av denne pengekassa.
  • Skatten skal bidra til at landet har ein god og trygg økonomi. Staten sparer også mykje av pengane til dårlege tider, til dømes ein pandemi.

Politikarane har ansvaret for å passe på pengane til landet. Dei skal sjå til at så mange som mogleg har jobb, og at pengane blir brukte lønnsamt, slik at landet blir rikare. Viss vi har god økonomi i landet, kan vi framleis bu i ein trygg og mest mogleg rettferdig velferdsstat.

Kvinne som henter selvangivelsesskjema for Oslo 1958 i en kiosk
Kvinne som henter selvangivelsesskjema for Oslo 1958 i en kiosk

Frå du fyller 13 år, betaler du skatt 

Frå og med det året du fyller 13 år, skal du ha skattekort eller frikort viss du tener eigne pengar.

Alle som tener pengar i ein jobb, skal betale skatt. Kor mykje skatt du skal betale, kjem an på kor mykje du tener. Tener du under eit visst beløp i året, betaler du ikkje skatt. Då har du frikort.

Frikortgrensa er på 60 000 kroner. Du kan tene inntil dette beløpet utan å betale skatt. Viss du tener over frikortgrensa, skal du betale skatt av alle pengane du har tent.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Illustrasjon av Skattekort
Illustrasjon av Skattekort

Direkte skatt

Direkte skatt betaler du av pengar du tener på arbeid eller næring. Næring kan vere fiske eller jordbruk.

Har du stor formue, betaler du ekstra skatt. Formue kan vere at du har mykje pengar i banken, eller har fleire eigedommar. Formuesskatten blir utrekna etter at du har trekt frå gjeld.

Fiskeskøyte
Fiskeskøyte

Indirekte skatt 

Indirekte skatt er meirverdiavgift, særavgifter, toll og gebyr. 

Meirverdiavgift 

Når du kjøper ei vare, står det som regel at du har betalt mva. (meirverdiavgift) eller moms. Dette er ein skatt som butikken må betale til staten. Viss dei ikkje betaler denne skatten, gjer dei noko ulovleg og straffbart.

Særavgifter,  toll og avgifter

Staten vil avgrense bruken av enkelte varer. Derfor legg dei på særavgifter på mellom anna alkohol og tobakk. Vi må òg betale avgifter på kjøp av bil. Utanlandske varer som skal seljast i Noreg, får ei tollavgift. Det er ikkje lov å ta med masse varer inn i landet.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Tollbetjent
Tollbetjent

Skattekort

I desember kvart år får vi nytt skattekort. Viss tala ikkje stemmer, må du logge deg inn på nettsidene til Skatteetaten. Her finn du all informasjon dei har om økonomien din, og det er ansvaret ditt å sjekke at dette er rett. Viss ikkje det er rett, kan det bety at du betalt for mykje eller for lite i skatt.

Du treng ikkje å sende skattekortet til arbeidsgjevaren. Dei hentar det direkte frå Skatteetaten.

Illustrasjon av Skattekort
Illustrasjon av Skattekort

Kor mykje skatt betaler vi?

Viss du tener pengar på ein jobb, skal du betale skatt. Kor mykje skatt du skal betale, kjem an på kor mykje du tener. Tener du under 60 000 kroner i året, slepp du å betale skatt.

Skatten blir rekna ut frå det du tener, og kva du har i formue. Anten betaler du eit prosentbeløp per månad, eller så blir skatten berekna frå ein tabell basert på det du tener per månad.

Nærbilde av noen som holder en kalkulator
Nærbilde av noen som holder en kalkulator

Kven bestemmer kva skatten blir?

Det er Stortinget som bestemmer skattelovene. Finansdepartementet og Skatteetaten får ansvaret for å setje i verk lovene.

Noregs skattesystem handlar om at vi betaler i forhold til inntekta vår. Di meir du tener, di meir skatt skal du betale.

Bilde av Stortinget i Oslo, Norge
Bilde av Stortinget i Oslo, Norge

Korleis rekne ut skatt? 

Skatteoppgjer og sjølvmelding

I mars/april kvart år får alle som får lønn, ei skattemelding. Det er ei oversikt over inntekter, formue og gjeld i året som var. For å vere sikker på at du ikkje har betalt for mykje eller for lite skatt, må du sjekke at opplysningane i skattemeldinga er rette.

Når Skatteetaten har kontrollert tala, får du vite om du får noko igjen på skatten, eller om du må betale restskatt. Det siste betyr at du har betalt for lite skatt i året som var.

Skattemelding på mobil
Skattemelding på mobil

Betale skatt til eit anna land enn Noreg? 

Alle som er busette og jobbar i Noreg, skal betale skatt til staten. Viss du bur og jobbar i utlandet, betaler du skatt til det landet du bur i.

Internasjonalt samarbeid

Noreg samarbeider med mange land for å passe på at alle betaler skatt til rett stad, og at dei betaler det dei skal. Det er Skatteetaten som har kontroll på kor mykje skatt personar og firma skal betale. Landa gir kvarandre informasjon om dette.

Skattesnyting

Det er straffbart å gi galne opplysningar om skatten din. Somme prøver å lure seg unna. Dette kallar vi  skattesvik eller skattesnyteri.

Nokre menneske og firma flyttar formuen sin til eit anna land utan å melde frå om dette til Skatteetaten. Hensikta kan vere å ikkje betale skatt til Noreg. Gjer du noko ulovleg med skatten, kan du få opp til 6 års fengsel.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Grand Cayman
Grand Cayman

Halv skatt i desember 

I desember betaler vi halv skatt. Då har vi meir pengar å bruke i tida fram mot jul. Dette er likevel ikkje ein «julebonus» frå arbeidsgjevar, for du betaler inn denne skatten i løpet av året.

Vi bruker meir pengar enn elles i året rett før jul. Lommeboka treng derfor litt ekstra pengar denne månaden. Ordninga med halv skatt før jul vart bestemt i 1952. Målet var at arbeidsfolk skulle få betre råd i juletida.

Julegaver
Julegaver

Kjelder:

  • Skatteetaten.no (18.03.2021)
  • Andersen, Per Sveaas: leidang i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 18. mars 2021 frå https://snl.no/leidang
  • Advokatjustisia.no (18.03.2021)

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Halfdan Egedius
    3. National Archives of Norway (CC BY-SA 4.0)
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Se og lær realfag – YouTube
    11. Skatteetaten
    12. Skatteetaten – Vimeo
    13. Getty Images
    14. Getty Images