Kvifor betaler vi skatt?
Skatt er ei innbetaling frå innbyggjarane i landet til staten. Desse pengane skal brukast til det beste for fellesskapet. Kor lenge har vi betalt skatt i Noreg? Kor mykje skal vi betale, og kven bestemmer beløpet? På kva slags måte kan skatt påverke eit demokrati?
Kva er skatt?
Alle som jobbar, betaler skatt til staten og kommunen. Pengane gjer at vi mellom anna har gratis grunnskule og gratis behandling på sjukehus.
Dei fleste som jobbar, må ha eit skattekort. Skatten blir betalt gjennom heile året. Alle må betale rett skatt. I april året etter får vi vite om vi har betalt for mykje eller for lite skatt. Dette kallar vi skatteoppgjeret.
Norske sedler
Halfdan Egedius: Illustration for Magnus den godes saga
Kvifor betaler vi skatt?
Det er tre grunnar til det:
- Alle gir til ein stor felles pengekasse som dekkjer utgiftene til landet.
- Uansett kor mykje eller lite du tener, skal du få din del av denne pengekassa.
- Skatten skal bidra til at landet har ein god og trygg økonomi. Staten sparer også pengar til dårlege tider, som til dømes ein pandemi.
Kvinne som henter selvangivelsesskjema for Oslo 1958 i en kiosk
Illustrasjon av Skattekort
Direkte skatt
Direkte skatt betaler du av pengar du tener på jobben din. Det er det same om du er bonde, fiskar eller advokat.
Er ein veldig rik, har ein ofte det vi kallar formue. Då har ein mykje pengar i banken eller eig fleire hus. Då må du betale skatt av det du eig.
Fiskeskøyte
Tollbetjent
Skattekort
På slutten av året får vi nytt skattekort. Du må sjekke at informasjonen er riktig. Dette gjer du på nettsida til Skatteetaten. Viss du finn feil, kan det bety at du har betalt for mykje eller for lite skatt.
Illustrasjon av Skattekort
Kor mykje skatt betaler vi?
Kor mykje skatt du skal betale, kjem an på kor mykje du tener. Tener du under 60 000 kroner i året, betaler du ikkje skatt.
Viss du vil finne ut kva skatten din blir, kan du bruke ein skattekalkulator på nettet.
Nærbilde av noen som holder en kalkulator
Kven bestemmer kva skatten blir?
Det er Stortinget som bestemmer skattelovene. Finansdepartementet og Skatteetaten passar på at lovene blir følgde.
Bilde av Stortinget i Oslo, Norge
Korleis rekne ut skatt?
Skattemelding og skatteoppgjer
I mars/april kvart år får alle som tener pengar ei skattemelding. Den viser kva du tente året før. Du må sjekke at informasjonen i skattemeldinga er korrekt. Så får du vite om du får noko igjen på skatten eller ikkje.
Skattemelding på mobil
Grand Cayman
Halv skatt i desember
I desember betaler vi halv skatt. Då har vi meir pengar å bruke i tida fram mot jul. Dette er ikkje pengar du får gratis. Du betaler rett og slett berre meir skatt dei andre månadene i året. Ordninga med halv skatt før jul vart bestemt i 1952.
Julegaver
Kjelder:
- Skatteetaten.no (18.03.2021)
- skatt i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 18. mars 2021 frå https://snl.no/skatt
- Andersen, Per Sveaas: leidang i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 18. mars 2021 frå https://snl.no/leidang
- Munthe, Preben: økonomisk politikk i Norge i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 18. mars 2021 frå https://snl.no/%C3%B8konomisk_politikk_i_Norge
- Advokatjustisia.no (18.03.2021)
- Christensen, Johan: formuesskatt i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 18. mars 2021 frå https://snl.no/formuesskatt
- Regjeringen (18.03.2021): Skatter og avgifter
https://www.regjeringen.no/no/tema/okonomi-og-budsjett/skatter-og-avgifter/id1359/
- DNB (18.03.2021): Skal du betale skatt til et annet land?
https://www.dnb.no/dnbnyheter/no/samfunn/skal-du-betale-skatt-til-et-annet-land
- Økokrim (18.03.2021): Skattekriminalitet
https://www.okokrim.no/skattekriminalitet.422274.no.html
- Lendo (18.03.2021): Halv skatt i desember – slik bruker du pengene smart!
https://www.lendo.no/tips-og-rad/halv-skatt/
Bilet- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Halfdan Egedius
-
National Archives of Norway (CC BY-SA 4.0)
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Se og lær realfag – YouTube
-
Skatteetaten
-
Skatteetaten – Vimeo
-
Getty Images
-
Getty Images
-