Sollys
Det er farleg å sjå direkte på sola med berre auget, også i korte periodar. Det skarpe lyset vil varme opp netthinna og kan føre til varige skadar, som blindheit eller blinde flekkar i synsfeltet. Sidan det ikkje gjer vondt, merkar ein det ikkje med ein gong.
Kvifor er skyene kvite?
Skyer består av vassdropar. Når lyset treffer desse dropane, blir bølgjelengdene som blir spreidde, omtrent like lange, og dermed tek alle fargane like stor plass. Blandinga av alle desse fargane oppfattar vi som kvitt. Regnskyer har fleire av desse dropane og verkar derfor mørkare. Tettare skyer speglar meir lys, slik at det kjem mindre lys gjennom som treffer auga våre.
Kva farge har universet?
Astronomar har brukt superkraftig programvare for å kome fram til den gjennomsnittlege bølgjelengda til lyset som vert sendt ut frå 200 000 ulike galaksar. Dei fann ut at universet har ein beige farge. Denne fargen har blitt karakterisert som «kosmisk latte».
Planeten Jorda og Sola sett fra verdensrommet
Kva farge har stjerner?
Fargen til ei stjerne vert avgjort av masse og temperatur. Små stjerner har ein temperatur på overflata på mindre enn 3500 °C og er som regel raude. Store stjerner med temperaturar på over 10 000 °C er blå. Sola er noko midt imellom (cirka 6000 °C) og heilt kvit. Ho ser likevel gul ut frå jorda på grunn av måten sollyset reagerer med atmosfæren vår på.
Melkeveien danner et tykt, glitrende bånd på en mørk og klar himmel
Kvifor er havet blått?
Havet ser blått ut fordi vassdropane syg til seg dei lange, raude bølgjelengdene og sender dei kortare, blå mot auga våre. Jo djupare vatnet er, dess meir lys syg det til seg, slik at mindre lys vert sendt mot oss. Dette gjer at vatnet ser mørkare ut.
Korleis veit vi dette?
Då Sir Isaac Newton oppdaga eigenskapane til lyset, fekk menneska ei heilt ny forståing for svært mykje.
Etter dette har vi kunna bruke denne informasjonen til å finne ut blant anna kvifor himmelen er blå.
Kjelder:
- Forskning.no (20.08.2020) Hvorfor er himmelen blå?
https://forskning.no/spor-en-forsker-vaer-og-vind/hvorfor-er-himmelen-bla/753460
- Junior vitenskap (2018)
Orage Forlag AS
Bilde og videorettar:
-
Ukjent
-
Ukjent
-
Ukjent
-
Ukjent
-
Ukjent
-
Ukjent