Fargane til sollyset

Kvifor er himmelen blå?

Accessibility icon Fargane til sollyset

Fargane til sollyset

Sollyset har fargane til regnbogen. Når lyset går i rett linje, bevegar alle desse fargane seg saman. Vi får ein enkelt stråle som vi ser som kvitt lys.

Men viss noko kjem i vegen for denne strålen, så går han ikkje rett fram lenger. Dei forskjellige fargestrålane blir sende tilbake, bøygde eller spreidde. Då blir dei forskjellige fargane synlege.

Kvifor er himmelen blå? 

Når lyset treffer lufta over oss (atmosfæren), blir den blå fargen fanga opp og blir spreidd utover himmelen. Resten av fargane ser vi ikkje, for resten av lyset går rett ned mot jorda.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Sollys

Det er farleg å sjå direkte på sola, også i korte periodar. Det skarpe lyset kan føre til store skadar på auget. I verste fall kan ein bli blind. Sidan det ikkje gjer vondt, merkar ein det ikkje med ein gong.

Kvifor er skyene kvite?

Skyer består av vassdropar. Når lyset treffer desse dropane, tek alle fargane like stor plass. Blandinga av alle desse fargane oppfattar vi som kvitt. Regnskyer har fleire av desse dropane og verkar derfor mørkare.

Kva farge har universet?

Astronomar har brukt superkraftig programvare for å måle lyset som kjem frå 200 000 ulike galaksar. Dei fann ut at universet har ein beige farge. Denne fargen har fått namnet «kosmisk latte».

Planeten Jorda og Sola sett fra verdensrommet
Planeten Jorda og Sola sett fra verdensrommet

Kva farge har stjerner?

Fargen på ei stjerne vert avgjort av masse og temperatur. Små stjerner med lågare temperatur er som oftest raude. Store stjerner med veldig høg temperatur er blå. Sola er noko midt imellom (cirka 6000 °C) og heilt kvit. Men fordi sollyset reagerer med atmosfæren vår, ser sola gul ut frå jorda.

Melkeveien danner et tykt, glitrende bånd på en mørk og klar himmel
Melkeveien danner et tykt, glitrende bånd på en mørk og klar himmel

Kvifor er havet blått?

Havet ser blått ut fordi vassdropane syg til seg alle dei raude strålane i lyset, og sender dei blå mot auga våre. Jo djupare vatnet er, dess meir lys kan sugast inn. Dette gjer at vatnet ser mørkare ut.

Korleis veit vi dette?

Då Sir Isaac Newton oppdaga korleis lyset var, kunne vi menneske forstå verda rundt oss på ein ny måte.
Etter dette har vi kunna bruke denne informasjonen til å finne ut blant anna kvifor himmelen er blå.
 
 

Kjelder:

  • Junior vitenskap (2018)
    Orage Forlag AS 

Bilde- og videorettar:

  1. Ukjent
  2. Ukjent
  3. Ukjent
  4. Ukjent
  5. Ukjent
  6. Ukjent