Norrøn julefeiring

Julefeiringa i Noreg begynte lenge før Jesus vart fødd. Forskarar og historikarar veit ikkje sikkert når ein begynte med julefeiringa. Vi veit at det var ei feiring mellom november og midten av januar. Vikingane kalla denne norrøne jula for jól eller jólablót. Feiringa vart òg kalla midtvinterfest.

For vikingane var jólablót ein stor fest dei gledde seg til. På denne tida av året var det kaldt og mørkt. Hardt fysisk arbeid og trekkfulle hus skulle endeleg påskjønnast med fest. Festen var eit spleiselag for familiar og naboar. Alle bidrog med det dei hadde av mat og øl.

⬅  Håkon den gode i juleblótet på Mære, måla av Peter-Nicolai Arbo.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Håkon den Gode i juleblótet på Mære, malt av Peter-Nicolai Arbo
Håkon den Gode i juleblótet på Mære, malt av Peter-Nicolai Arbo

Dei heilage dyra til Frøy blir ofra 

Jólablót betyr offer. Det vil seie at ein ofra til gudane Odin, Tor og Frøy. Også guden Njord vart ofte heidra. Eit av rituala var å ofre dyr til gudane. Ein smurde inn gudestatuar med blodet til dyret og åt kjøtet. Før ein kunne setje tennene i kjøtet, måtte maten velsignast. Eit av dyra som vart slakta, var svin. Grisen var det heilage dyret til Frøy.

Illustrasjon av ofring

Det var straffbart å ikkje bryggje øl til jul

Eit anna ritual var å heidra og blidgjere gudane ved å drikke øl. Øl vart sett på som ein heilag drikk. I Haraldskvadet frå cirka år 900, står det «Ute (på havet) ville han (kongen) drikke jul …»  Å drikke jul betyr å feire jul. Dette var ein så viktig ting at ein hadde ei eiga lov. I Gulatingslova stod det skrive at det var påbode å bryggje øl til jul. Viss ein braut lova fleire gongar, kunne ein miste garden sin. Då vart garden gitt til kongen. Og bonden sjølv kunne bli landsforvist.

Ved å ofre og drikke til gudane håpa ein på gode avlingar og fred.

Oppbevaring av drikke i tretønner stablet opp på hverandre
Oppbevaring av drikke i tretønner stablet opp på hverandre

Solsnu og forfedrar

Det er òg grunn til å tru at vikingane feira at sola snudde. Dette kallar vi solsnu. Det var ei form for lysfest som vi òg finn igjen i andre kulturar.

Vikingane trudde at ånder kom på besøk på den mørkaste tida av året. Dei trudde at dei døde kom tilbake til verda vår og til der dei ein gong budde. Derfor måtte ein brenne lys heile julenatta. Dette er ein skikk mange framleis har.

Senger stod klare for dei døde, og mat vart sett fram. Nokre vil seie at jula òg var ei feiring av forfedrane. Men dei døde kunne ha med seg eit farleg følgje. Dette følgjet kunne rasere husa, ete opp julematen og drikke opp ølet. Så denne høgtida var ikkje heilt ufarleg…

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Illustrasjon av solverv 1881
Illustrasjon av solverv 1881

Solguden til Romarriket

Kristendommen hadde vore kjend lenge i Romarriket då den romerske keisaren Aurelian innførte ei ny tru, ein ny kult. Kulten Sol den uovervinnelege vart statsreligion i år 274. Keisar Aurelian var ikkje kristen. Han innførte solkulten for å forsterke makta etter ei rekkje kriser. Keisaren var bodbringar for guden. Han var ein slags guddommeleg representant for solguden. Forsøk på å ta makta frå  keisaren ville vere ei forakt for guden Sol.

Dei fleste kulturar har ein solgud. Den romerske solguden har opphavet sitt frå gamle Hellas og Persia, frå antikken.

⬅ Nokre stader fekk denne guden namnet Mitra. 

Romerrikets solgud, Mitra
Romerrikets solgud, Mitra

Vintersolsnu og bursdagsfeiring

Sol den uovervinnelege regjerte over menneska. Solguden var òg over alle andre gudar. Det skapte stor begeistring då søndag vart innført som heilagdag for Sol.

Kvart år feira ein bursdagen til Sol den uovervinnelege. Denne dagen kalla ein Dies Natalis Solis Invicti. Feiringa fann stad 25. desember. Det er på den tida at sola snur. Vi kallar det òg vintersolsnu. Dagen vart feira ved at romarane gav kvarandre gåver og kyssa kvarandre under ein misteltein.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Illustrasjon av Vintersolverv
Illustrasjon av Vintersolverv

Kristendommen blir statsreligion

I dei første hundreåra eksisterte ei mindre gruppe kristne på same tid som Sol-kulten i Roma. Keisarar begynte å bli interesserte i kristendommen tidleg på 300-talet. Frå år 380 vart kristendommen statsreligion i Romarriket. Andre religionar vart då forbodne.

Illustrasjon av Julekrybben
Illustrasjon av Julekrybben

Dei tre vise menn

For dei kristne var Jesu oppstode i påska den største høgtida. Jesu fødsel vart ikkje feira. Men ein feira dei tre vise menn som kom med gåver til det nyfødde Jesusbarnet. Denne feiringa gjekk føre seg 6. januar.

Illustrasjon av De tre vise menn
Illustrasjon av De tre vise menn

Når vart Jesus fødd?

Etter kvart som kristendommen vaks, bestemte kyrkja at også Jesu fødsel skulle vere høgtid. Jesu fødsel skulle feirast. Det var berre eit lite problem – Bibelen seier ikkje noko om når Jesus vart fødd.

Nokre teologar meinte at våren kunne vere rett tidspunkt. Det vil seie mars, april eller mai. Det meinte dei fordi juleevangeliet fortel om gjetarar og lam på markene. Lamming skjer på våren. Gjetarane søv vel ikkje ute i desember? September kunne òg vere rett tidspunkt, sa nokon. Andre meinte at det rettaste var å ta utgangspunkt i bodskapsdagen til Maria. Det var dagen då erkeengelen Gabriel kom til jomfru Maria og fortalde henne at ho venta barn. Ein trur at dette skjedde 25. mars. Frå 25. mars til 25. desember er det ni månader.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Illustrasjon av Den hellige familien i stall
Illustrasjon av Den hellige familien i stall

25. desember blir kristen høgtidsdag

Rundt år 350 bestemte pave Julius I at 25. desember skulle feirast som Jesu fødselsdag. Altså same dato som den tidlegare populære feiringa av Solguden. Slik fekk ei gammal heidensk høgtid eit kristent innhald.

Det gjekk fleire hundre år frå Romarriket starta julefeiringa til høgtida nådde Noreg og Norden. Det kan du lesa meir om i artikkelen Jula kjem til Noreg.

Bilde av figurer som skal forestille Julekrybben
Bilde av figurer som skal forestille Julekrybben

Opphavet til jula – ein teikneserie (engelsk)

 

Kjelder:

  • Historien om Jesus og hans samtid (2020)
    Orage Forlag AS

Bilet- og videorettar:

    1. Peter-Nicolai Arbo
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images / Dynamosquito (CC BY-SA 2.0)
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Getty Images
    11. truTV – YouTube