Norrøn julefeiring

Julefeiringa i Noreg begynte lenge før Jesus vart fødd. Forskarar og historikarar veit ikkje akkurat når ein begynte med julefeiringa. Det vi veit, er at det var ei feiring mellom november og midten av januar. Den norrøne jula vart kalla  jól eller jólablót av vikingane. Feiringa vart òg kalla midtvinterfest.

For vikingane var jólablót ein fest dei gledde seg til. På denne tida av året var det mørkt og kaldt. Hardt fysisk arbeid og trekkfulle hus skulle endeleg feirast med fest. Då laga dei eit spleiselag. Familiar og naboar delte mat og øl.

⬅  Håkon den gode i juleblótet på Mære, måla av Peter-Nicolai Arbo.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Håkon den Gode i juleblótet på Mære, malt av Peter-Nicolai Arbo
Håkon den Gode i juleblótet på Mære, malt av Peter-Nicolai Arbo

Dei heilage dyra til Frøy blir ofra 

Jólablót betyr offer. Det vil seie at ein ofra til gudane Odin, Tor og Frøy. Også guden Njord vart ofte heidra. Eit av rituala var å ofre dyr til gudane. Ein smurde inn gudestatuar med blodet til dyret og åt kjøtet. Før ein kunne setje tennene i kjøtet, måtte maten velsignast. Eit av dyra som vart slakta, var gris. Grisen var det heilage dyret til Frøy.

Illustrasjon av ofring

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!