Kvifor feirar vi påske?

Opphavet til påska finn vi i historia om israelsfolket og flukta frå Egypt. I kristendommen har påske blitt ei høgtid der ein feirar oppstoda til Jesus. Men påske handlar også om påskeegg, hyttetur, krimbøker og ferie.

Påskebakgrunn med påskeegg
Påskebakgrunn med påskeegg

Fasta

Fasta er tida før påske. Å faste betyr å unnvere alt som ikkje er strengt nødvendig. I tidlegare tider la ein større vekt på fasta enn ein gjer i  vår tid, sjølv om mange framleis fastar. Fasta varte frå oskeonsdag til langfredag. Det er førtito dagar; like lenge som Jesus fasta i ørkenen, ifølgje Det nye testamentet.

I fasta skulle folk ete lite og tenkje over påskebodskapen, men veka før fasta tok til kunne ein fråtse og feste. Då var det karneval og fastelavn. Denne tradisjonen er det framleis mange som feirar.

Fastelavn kjem frå tysk – fastelabend – og betyr fasteaftan. Det starta med fleskesøndag der skikken var å fråtse. I vår tid et vi fastelavnsbollar på denne søndagen. Blåmåndag er «dagen derpå», og feitetysdag forklarer seg nesten sjølv. Så kom oskeonsdag, og fasta starta. Då strødde folk oske i håret, og dei vaska seg ikkje før skjærtorsdag i påskeveka.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Fastelavnsris
Fastelavnsris

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!