Kvifor græt vi?

Tårene våre har hjelpt til med å verna oss heilt frå det fyrste mennesket vart til. Korleis, trur du?

Accessibility icon Kvifor græt vi?

Mennesket har alltid gråte

Vi menneske har kunna gråta sidan urtida. Når auga vart fylte av tårer, var det eit signal til fienden vår. Tårene var eit teikn om at vi ikkje ville gå til angrep.

Baby som gråter
Baby som gråter

Tårer som vern

Røyk i auga eller kutting av lauk irriterer auga våre. Det gjer at auga byrjar å renna. Då kjem tårene sjølv om du ikkje er trist. Tårene passar på auga våre. Dei lagar ei hinne som vernar.

Person som kutter opp løk
Person som kutter opp løk

Når kjensler utløyser tårer

Den vanlegaste grunnen til at vi græt, er kjenslene våre. Vi kan oppleva både lykke, sorg og smerte. Når vi opplever sterke kjensler, vil hjernen reagera sterkt. Då vil det endokrine systemet senda hormon til tårekjertelen. Tårekjertelen lagar då ei væske som renn ned til auget.

Tårekanalen forsyner auget med vernande tårevæske heile tida. Gråt er når desse kanalane fløymer over. Då renn tårene nedover kinnet. Det som ikkje flyt over, går ned i nasen. Det gjer at vi blir snufsete.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Infografik om øye
Infografik om øye

Lindrande tårer

Tårene vi græt på grunn av kjensler, inneheld mange kjemikal. Desse kjemikala gjer smerta mindre. Tårene vi græt av lauk, inneheld ikkje så mange kjemikal. Kanskje det er ein grunn til at vi føler oss betre etter å ha gråte litt?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Nærbilde av en kvinne med en tåre som renner ned ansiktet
Nærbilde av en kvinne med en tåre som renner ned ansiktet

Jenter græt meir enn gutar

Det er bevist at jenter græt cirka fire gongar så ofte som gutar. Testosteron-nivået hos gutar aukar i ungdomsåra. Det gjer at dei blir meir sinte i staden for lei seg. Samtidig aukar østrogen-nivået hos jenter. Det gjer at jenter kan bli meir kjenslevare.

Trist kvinne som skjuler ansiktet med hendene
Trist kvinne som skjuler ansiktet med hendene

Å gråta av glede

Det er bra å la tårene renna når dei sterke kjenslene kjem. Å gråta er heilt naturleg!

Et sportlag feirer en seier
Et sportlag feirer en seier

Kjelder:

  • Kropp og helse (2020)
    Orage Forlag AS

Bilde- og videorettar:

  1. Getty Images
  2. Getty Images
  3. Getty Images
  4. Getty Images / Life Noggin – YouTube
  5. Getty Images
  6. Getty Images