Kvifor heiter det lussekattar?

Natta til 13. desember blir kalla lussinatta. Ifølgje gammal folketru var det ei skummel natt der lys og mørke kjempa mot kvarandre. Den julianske kalenderen rekna lussinatta som årets lengste natt, altså det som blir kalla vintersolsnu. Lussinatta innleidde juleperioden, og då var det mogleg at det overnaturlege vesenet Lussi var ute og herja.

Ho skulle sjekke at alt var klart til julefeiringa. Ho vart veldig sint viss det var uorden. Ein trudde at vettet Lussi hadde ein svart katt i hælane.

På same datoen, 13. desember, feirar vi luciadagen. Dette er til minne om den heilage Lucia frå katolsk tru. Lussinatta og luciadagen er to ulike tradisjonar som har vorte blanda saman i moderne tid.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Lussekatter i en kurv på et bord.
Lussekatter i en kurv på et bord.

Katten til Lussi

Namnet Lucia kjem frå det latinske ordet «lucius», og det betyr ‘lysande’. Namnet Lussi har røter i gammal, nordisk folketru. Då åt folk ein «lussebit» for å beskytte seg mot vonde krefter som var ute i lussinatta. Ifølgje gammal overtru skal du ete det vonde for å bli kvitt det.

Når vi et katten til Lussi, blir vi kanskje kvitt Lussi samtidig. Men kvifor er ikkje då lussekattane svarte? Det er fordi det gule er eit symbol på lyset og sola som jagar bort mørkret. Lussekattar blir laga med det gule krydderet safran, og dei blir etne på luciadagen.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En svart katt ligger på en grå sofaen og ser inn i kamera.
En svart katt ligger på en grå sofaen og ser inn i kamera.

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!