Kvifor heiter det lussekattar?

Natta til 13. desember blir kalla  lussinatt. For lenge sidan meinte folk at dette var ei skummel natt der lys og mørke kjempa mot kvarandre. Den julianske kalenderen rekna lussinatta som årets lengste natt. Vi kallar det vintersolsnu. Lussinatta starta jula, og akkurat då var visstnok vesenet Lussi ute og herja.

Lussi skulle sjekke at alt var klart før jul. Ho vart veldig sint viss det ikkje var klart. Ein trudde at vettet Lussi hadde ein svart katt i hælane.

Same datoen, 13. desember, feirar vi luciadagen. Det er til minne om den heilage Lucia frå katolsk tru. Lussinatta og luciadagen har vorte blanda litt saman i moderne tid.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Lussekatter i en kurv på et bord.
Lussekatter i en kurv på et bord.

Katten til Lussi

Namnet Lucia kjem frå det latinske ordet «lucius». Det betyr ‘lysande’. Namnet Lussi kjem frå gammal, nordisk folketru. Den gongen åt folk ein «lussebit» for å beskytte seg. Det kunne nemleg vere vonde krefter ute i lussinatta. Historia sa at ein skulle ete det vonde for å bli kvitt det.

Når vi et katten til Lussi, blir vi kanskje kvitt Lussi samtidig. Men katten er då svart! Kvifor er lussekattane gule? Det gule er eit symbol på lyset som jagar bort mørkret. Lussekattar blir laga med det gule krydderet safran, og dei blir etne på luciadagen.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En svart katt ligger på en grå sofaen og ser inn i kamera.
En svart katt ligger på en grå sofaen og ser inn i kamera.

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!