Kvifor kan ikkje politikarane berre gi oss billigare bensin? 

Alt blir dyrare! Vi kan lese i avisene om folk som slit med høge straumrekningar. Samtidig stig prisane på mat, tømmer og bensin, og dei held fram med å stige. Prisen på bensin og diesel har auka frå rundt 15 kroner per liter til nærare 30 kroner per liter!

Kva kjem dette av, og kvifor i alle dagar gjer ikkje politikarane meir for å hjelpe innbyggjarane i Noreg? Kva styrer eigentleg prisane, og kven bestemmer deretter kva varene må koste?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Politiker med bensinpumpe
Politiker med bensinpumpe

Korleis er økonomien
i Noreg organisert?

Offentleg sektor blir finansiert gjennom skattar og avgifter og noko av overskotet frå oljefondet. Dei som jobbar, må derfor betale noko av lønna si som skatt, og vi betaler avgifter når vi kjøper ei vare eller teneste. I statsbudsjettet blir pengane fordelte til mellom anna skule, helsetenester og vegar.

Politikarane undersøkjer og vurderer kva samfunnet treng og korleis det skal betalast. Dei bestemmer kva staten skal dekkje og kva innbyggjarane, heilt eller delvis, må betale sjølve.

Illustrasjon av en krone som er delt som en pizza og hender som tar en bit

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!