Kvifor legg påskeharen egg?

Kvifor har haren og kyllingen blitt symbol for påske? Korleis feira ein påske i tidligare tider? Hvilke tradisjonar har vi nå? Kva skjer utanfor Det kvite hus kvar påske?

Accessibility icon Kvifor legg påskeharen egg?

Påskeharen

Harepusen har for mange blitt eit symbol på påske. Han legg egga sine i alle regnbogens fargar og gøymer dei rundt i hus og hage. På påskeaftan er det om å gjere å finne så mange egg som mogleg. 

I tidlegare tidar leita barna etter dekorerte hønseegg. Med tida vart desse bytte ut med pappegg fylte med godteri.

Vi høyrer første gongen om påskeharen i ein tysk tekst frå 1682. Han er også med i ein barnesong frå 1789. Tradisjonen om påskeharen er sannsynlegvis eldre enn dette. Borgarskapet i fleire europeiske byar leita etter påskeegg tidleg på 1700-talet. 

Men kvifor legg påskeharen egg?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kvifor legg påskeharen egg?

Det er fleire teoriar om kvifor haren legg egg til påske, så vi veit ikkje heilt kvar påskeharen kjem frå.

Frå fugl til hare 

På tysk heiter påske «Ostern», og på engelsk «easter». Desse namna kjem frå den greske gudinna Ostara. Ho vart forbunden med egg og harar.

I ein gresk myte høyrer vi om fuglen Lepus som får hjelp av Ostara til å omskapa seg til hare. Jegerguden Orion hadde knust alle egga til Lepus, og ho bad om hjelp så ho kunne sleppa unna den farlege jegeren. Ostara gjorde henne derfor om til ein hare. 

Men Lepus sakna å kunne leggje egg. Derfor fekk ho lov til å gjere det ein gong i året: Til påske!

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Altfor mange egg

Protestantiske byar i Europa starta ein tradisjon tidleg på  1700-talet. Tidleg påskemorgon skulle barna leite etter påskeegg i hagen. Mange av barna spurde kor alle egga kom frå.

Høna legg vanlegvis ikkje meir enn eitt egg om dagen, men haren er kjend for å få mange ungar. Derfor får påskeharen «skulda» for alle egga.

Dette var ei dårlig bortforklaring, for barn på den tida visste godt forskjell på høner og harar. Sanninga var at katolikkane ikkje åt egg under fasta

Dermed hopa det seg opp med egg. Protestantane ønskte ikkje å lære barna sine om den katolske fasta, og dei fann på forklaringa om påskeharen.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Påskeharen i Norden

Mange trur at tradisjonen med påskehare kjem frå USA, på linje med julenissen som drikk Coca-Cola. Amerikanske leiketøys- og godterifabrikkar fann opp «Easter Bunny» utover på 1900-talet, og dei tente mykje pengar på det.    

Men ei norsk kvinne fortel at dei leika med påskeharar allereie på slutten av 1800-talet. Barna var heilt sikre på at påskeharen fanst.

Eggrulling utanfor Det kvite huset

I USA og andre land er det tradisjon for å «rulle» egg 2. påskedag. Dette er symbolsk for å minnast at steinen framfor Jesu grav vart rulla bort.  

Eggrulling utanfor Det kvite huset i 1929.  ⮕

Fleire tusen barn blir inviterte til Det kvite huset for å delta på dette saman med presidentfamilien og Easter Bunny. Her rullar dei egg på graset med hjelp av ei stor skei. 

Første gongen ein president inviterte til dette, var i 1878. Sidan har dette vore ein fast tradisjon som berre blir avlyst når det er ekstremt dårlig ver.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Påskekyllingen 

I Norden er påskekyllingen veldig populær. I USA og Europa elles er påskeharen meir vanlig.

Kyllingen og egget er symbol på nytt liv. I mørketida legg høna færre egg, men når våren nærmar seg, begynner verpinga for fullt. Derfor har vi mykje egg i påska. Den vesle kyllingen som bryt seg ut av skalet, er også eit symbol på Jesus som braut seg ut av grava 1. påskedag.

Vi pyntar mykje med kyllingar til påske. Me finn dei på pappegg, serviettar og som figurar i alle storleikar.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Påskekylling
Påskekylling

Offerlam

I 1. Mosebok kan vi lese om då israelsfolket var slavar i Egypt. Moses klarte, med hjelp frå Gud, å redde dei ut, men ikkje utan dramatikk. Farao ville ikkje sleppe dei, og Gud straffa egyptarane. Blant anna vart alle egyptiske førstefødde barn drepne. 

For at dødsengelen skulle skilje mellom egyptarar og jødar, måtte jødane ofre eit lam og stryke blodet på dørkarmane. Lammet vart eit offer for å redde andre sitt liv.

Pesach

Under pesach, den jødiske påska, fortsette jødane å ofre lam i tempelet i Jerusalem. Lammet skulle steikast heilt og etast same kvelden saman med bitre urter og usyra brød

Etter at tempelet brann ned i år 70 e.Kr. stoppa jødane denne tradisjonen. Jødane slaktar ikkje lenger påskelam, men bruker gjerne ein knoke som eit symbol under det tradisjonelle sedermåltidet. Dette måltidet skal minne jødane om den tøffe tida i Egypt.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Saueflokk på vei til slakting
Saueflokk på vei til slakting

Påskeheks

Ifølge folketrua er påskeheksa mest vanleg i Sverige og Finland. Skjærtorsdag flyg påskeheksa på sopelime til Bloksberg for å treffe Djevelen. På langfredag er  beskyttelsen frå Gud på sitt lågaste. Då passa heksene på å herje med folk. For å beskytte seg brann folk store bål.

Svensk og finsk påske er svært annleis enn i Noreg. Dei et meir fisk, og barna kler seg ut som hekser og går frå hus til hus for å få godteri. Nokre gøymer bort alt ein kan fly på i tilfelle det kjem ei heks innom på skjærtorsdag. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Heks
Heks

Påska i tal

Påske er viktig for dei fleste. Statistikk frå 2017 viser kva vi likar best. 

Omtrent halvparten av oss reiser på hytta i påska. Over 1 million følgjer påskenøttene på NRK og ser påskekrim på TV. Det blir selt masse krimbøker og quizbøker.

Påska er ei kristen høgtid, men berre fire prosent av oss går i kyrkja. Påska er ei bevegeleg høgtid, og 1. påskedag kan falle på 35 ulike datoar. I påska et vi 24 millionar egg og 300 tonn bacon. Vi et tre Kvikk Lunsj kvar, og vi et ein appelsin dagleg.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Påskeøya

Påskeøya er ei øy som ligg i Stillehavet. Den er mest kjend for sine 887 statuar av stein kalla moai. Øya fekk namnet fordi dei første frå Europa kom dit 1. påskedag 1772. Dei som bur der, kallar øya  Rapa Nui (Store Rapa), Te Pito o te Henúa (Verdas navle) eller Mata-ki-te-Rangi (Auge mot himmelen). 

På 1200-talet flytta dei første menneska til Påskeøya. Den norske arkeologen Thor Heyerdahl trudde dei første menneskja kom dit frå Amerika. Denne teorien har fått lita støtte. DNA-undersøkingar viser at forfedrane mest sannsynleg kom frå Asia. I dag bur det berre nokre hundre menneskjer på øya.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kjelder:

  • Thuesen, Nils Petter; Thorsby, Erik Stein: Påskeøya i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 24. februar 2021 frå https://snl.no/påskeøya