Påskeharen 

Harepusen har for mange blitt eit symbol på påske. Han legg egga sine i alle regnbogens fargar, og han gøymer dei rundt i hus og hage. På påskeaftan er det om å gjere å finne så mange egg som mogleg. I tidlegare tider leita barna etter dekorerte hønseegg, men med tida blei desse bytte ut med sjokoladeegg eller pappegg fylte med godteri.  

Den første skriftlege kjelda om påskeharen, eller «osterhase», finn vi i ein tysk tekst frå 1682. Han er også omtalt i ein sveitsisk barnesong frå 1789. Tradisjonen om påskeharen er sannsynlegvis eldre enn dette. Borgarskapet i fleire europeiske byar starta tradisjonen med å leite etter påskeegg tidleg på 1700-talet. Dette viser at påskeharen har levd i folketrua i fleire hundre år. Men kvifor legg påskeharen egg? 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kvifor legg påskeharen egg? 

Det er fleire teoriar om kvifor haren legg egg til påske. Teoriane er baserte på mytar og bortforklaringar, men vi kan ikkje vite heilt sikkert opphavet til påskeharen. 

Frå fugl til hare 

På tysk heiter påske «oster», og på engelsk «easter». Desse namna kjem frå den greske gudinna Ostara. Ho var vårgudinna, og ho vart forbunden med egg og harar. 

I ein gresk myte får fuglen Lepus hjelp av Ostara til å omskape seg til hare. Guden Orion hadde knust alle egga, og Lepus bad om hjelp for å sleppe unna den farlege jegeren. Ostara gjorde fuglen om til ein hare, men Lepus sakna å kunne leggje egg. Derfor fekk Lepus lov til å gjere det når vi feirar påskehøgtida. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Altfor mange egg 

Protestantiske byar i Europa starta ein tradisjon tidleg på 1700-talet. Tidleg påskemorgon skulle barna leite etter påskeegg i hagen. Det var så mange egg at fleire begynte å spørje seg kor alle egga kom frå. 

Høns legg vanlegvis ikkje meir enn eitt egg om dagen, men harane var kjende for å få mange ungar. Derfor fekk påskeharen «skulda» for alle egga. 

Dette var ei svært tynn bortforklaring, for barn på den tida visste godt forskjell på høner og harar. Påskeharen vart ein protestantisk tradisjon for å forklare kvifor det var så mange egg. Sanninga var at den katolske skikken med faste gjorde at egga hopa seg opp. I fasta fekk ein ikkje lov til å ete kjøt og egg. Protestantane ønskte ikkje å lære barna sine om den katolske fasta, og dei kom opp med forklaringa om påskeharen.  

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Påskeharen i Norden 

Mange trur at tradisjonen med påskeharen kjem frå USA, på linje med julenissen som drikk Coca-Cola. Amerikanske leiketøys- og godterifabrikantar kommersialiserte påskeharen utover på 1900-talet, og kalte han «Easter Bunny».   

Men ei kvinne frå Trondheim skreiv om at dei leika med påskeharar allereie på slutten av 1800-talet. Barna var heilt sikre på at påskeharen eksisterte.

Eggrulling utanfor Det kvite huset 

I USA og andre land er det tradisjon for å «rulle» egg 2. påskedag. Dette er symbolsk for å minnast at steinen framfor  Jesu grav vart rulla bort.  

Eggrulling utanfor Det kvite huset i 1929.  ⮕

Fleire tusen barn blir inviterte til Det kvite huset for å delta på dette saman med presidentfamilien og Easter Bunny. Her rullar dei egg på graset med hjelp av ei stor skei.  

Første gongen ein president inviterte til dette, var måndag 22. april 1878. Sidan har dette vore ein fast tradisjon, og det vert berre avlyst når det er  ekstremt dårleg ver. 

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Påskekyllingen 

I Norden er påskekyllingen veldig populær. I USA og Europa elles er påskeharen meir vanleg. 

Kyllingen og egget er symbol på det nye livet. I mørketida legg høns færre egg, men når våren nærmar seg, tek verpinga til for fullt. Derfor et vi mykje egg i påska. Den vesle kyllingen som bryt seg ut av skalet, er også eit symbol på Jesus som braut seg ut av grava 1. påskedag. 

Påskekyllingar dominerer når vi skal pynte. Vi finn dei på pappegg, serviettar og som figurar i alle størrelsar. Dei kan også vere element i blomsteroppsatsar og quizbøker. 

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Påskekylling

Offerlam 

I 1. Mosebok kan vi lese om då israelsfolket var slavar i Egypt. Moses klarte – med hjelp frå Gud – å redde dei ut, men ikkje utan dramatikk. Farao ville ikkje sleppe dei, og Gud sendt derfor ti landeplager over landet. Blant anna vart alle egyptiske førstefødde barn drepne. For at dødsengelen skulle skilje mellom egyptarar og jødar, måtte jødane ofre eit lam og stryke blodet på dørkarmane. Lammet vart eit offer for å redde andre sine liv. 

Pesach 

Under pesach, den jødiske påska, fortsette jødane å ofre lam i tempelet i Jerusalem. Lammet skulle steikast heilt og etast same kvelden saman med bitre urter og usyra brød. Etter at tempelet brann ned i år 70 e.Kr., stoppa jødane med denne tradisjonen. 

Jødane slaktar ikkje lenger påskelam, men bruker gjerne ein knoke som eit symbol under det tradisjonelle sedermåltidet. Dette måltidet skal minne jødane om den tøffe tida i Egypt. 

Guds lam

I Johannesevangeliet kallar Johannes døyparen Jesus for «Guds lam». Han bar alle verdas synder og vart det nye «offerlammet». Kristne skulle sleppe å ofre til Gud, for Jesus var det siste offeret som opna vegen inn til Gud. 

Påskemåltid 

Mange et lam i påska, men ofte har ikkje dette noka religiøs betydning. Det har blitt ein tradisjon på linje med påskeegg og appelsinar. 

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Saueflokk på vei til slakting

Påskeheks 

Ifølgje folketrua er påskeheksa mest vanleg i Sverige og Finland. Skjærtorsdag flyg påskeheksa på sopelime til Bloksberg for å treffe Djevelen. På langfredag var beskyttelsen frå Gud på det lågaste, og då passa heksene på å herje med folk. For å beskytte seg brann folk store bål. Skikken kom frå Nederland på 1700-talet. 

Svensk og finsk påske er svært annleis enn i Noreg. Dei et meir fisk, og barna kler seg ut som hekser og går frå hus til hus for å få godis. Nokre gøymer også bort alt ein kan fly på i tilfelle det kjem ei heks innom skjærtorsdag. Heksene  kunne til og med fly baklengs på ei ku, og då kunne ein hindre det ved å måle eit kors på fjøsdøra.  

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Heks

Påska i tal 

Påske er viktig for folk flest, og statistikk frå 2017 viser kva vi set mest pris på. 

Omtrent halvparten av oss reiser på hytta i påska. Over 1 million følgjer påskenøttene på NRK og ser påskekrim på TV. Det blir selt store bunkar med krimbøker og quizbøker. Før påske blir salet mangedobla. 

Påska er ei kristen høgtid, men berre fire prosent av oss går i kyrkja i den stille veka. Påska er ei bevegeleg høgtid, og 1. påskedag kan falle på 35 ulike datoar. I påska et vi 24 millionar egg, og 300 tonn bacon. Vi et tre stykke Kvikk Lunsj kvar i påska, og vi et ein appelsin dagleg. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Påskeøya 

Påskeøya er ei øy som ligg i Stillehavet. Ho tilhøyrer Chile, og er nok mest kjend for dei  887 steinstatuene kalla moai. Øya fekk namnet då dei første europeiske besøkande kom dit 1. påskedag 1772. Andre lokale namn er Rapa Nui (Store Rapa), Te Pito o te Henúa (Verdas navle) eller Mata-ki-te-Rangi (Auge mot himmelen). 

Øya blei befolka på 1200-talet, og den norske arkeologen Thor Heyerdahl meinte på 1950-talet at dei første menneska kom dit frå Amerika. Denne teorien har fått lite støtte. DNA-undersøkingar viser at forfedrane mest sannsynleg kom frå Asia. I dag bur det berre nokre hundre menneske på øya.  

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kjelder:

  • Thuesen, Nils Petter; Thorsby, Erik Stein: Påskeøya i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 24. februar 2021 frå https://snl.no/påskeøya

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. The White House Historical Association / The Obama White House YouTube
    7. Øisteins Blyant YouTube
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Getty Images
    11. Getty Images
    12. Getty Images