Klarer vi oss
utan dyra?

Til alle tider har mennesket drept dyr for å overleve. No må vi begynne å spare liva til dyra. Det er ikkje sikkert vi menneske klarer oss utan alle dyra.

Mange dyr gir oss den maten vi treng, og nokre dyr er viktige for at vi skal lage medisinar.

Vi kjenner ikkje til alle artane på jorda fordi det er så mange av dei. Ikkje minst insekt, fuglar og fiskar. Nokre av desse ukjende dyra kan vi vere heilt avhengige av, utan at vi veit det.

📷 Orangutangen er trua av utrydding.
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Orangutang
Orangutang

Masseutrydding

Gullpadde og svart nashorn er allereie utrydda. Neste på lista kan vere orangutang, elefant og sverdfisk. Mange dyr har vorte utrydda etter at mennesket dukka opp for mange millionar år sidan. Kvifor det, trur du?

Jorda har opplevd fem store utryddingar. Den verste skjedde for 252 millionar år sidan. Då døydde 95 prosent av alt liv på jorda. Mest kjent er nok utryddinga av dinosaurane for 66 millionar år sidan.

Dei fem store utryddingane skjedde av naturlege årsaker. Den utryddinga som skjer no, er menneska ansvarlege for.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Utrydningstruet isbjørn
Utrydningstruet isbjørn

Nedgang eller utrydding?

Dag O. Hessen ved Universitetet i Oslo seier at utrydding av artar er eit stort tap. Vi får aldri desse dyra tilbake.

Over 50 prosent av dyra i verda har forsvunne i løpet av dei siste 40 åra.

Nedgang betyr at det blir færre dyr, men nokre overlever. Ei utrydding betyr at heile arten døyr.

Nedgangen av amfibium, som frosk og salamander, er eit tankevekkande døme. Dei har eksistert i 400 millionar år, men forsvinn meir og meir over heile verda.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Salamander
Salamander

Kva tek livet av dyra?

Anne Sverdrup-Thygeson er biolog. Ho er ekspert på alt levande i naturen. Ho meiner at mennesket øydelegg for mange dyr og plantar.

Kvar gong vi høgg ned ein skog, tørkar ut ei elv eller utvidar kornåkrane, får det konsekvensar for dei dyra som lever der.

Problemet blir at dyra får mindre plass. Mennesket overtar med kjøpesenter, vegar, jordbruk, golfbanar og hytter.

– Det finst ikkje éin flik igjen av jorda som ikkje er påverka av mennesket, fortel Sverdrup-Thygeson.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Skogen forsvinner
Skogen forsvinner

Verneområde

I “Jurassic Park”-filmane prøver forskarar å skape ein trygg park – eit verneområde – for attskapte dinosaurar. Dei som har sett filmane, veit at det ikkje lét seg gjere.

Eit verneområde blir påverka frå utsida, både av menneske, forureining og støy. Vi kan ikkje berre byggje ein park der dyra tilpassar seg reglane våre. Natur og dyr er sårbare for store forandringar.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Verneområde
Verneområde

Hengekøya

Mange har nok lege i ei hengekøye. Sjølv om køya har fått nokre små hol, legg vi oss oppi og satsar på at ho held ein sommar til.

Men kva skjer viss nokon sakte, men sikkert klypper over dei små trådane i køya? Det held ei stund, men til slutt vil du falle ned på bakken.

Det er biologen Anne Sverdrup Thygeson som har samanlikna livet på jorda med ei hengekøye. Fibrane i hengekøya er alle dyr og plantar i verda. Det kan godt hende vi klarer oss utan nokre av dei, men verda treng eit mangfald.

Vi kjenner ikkje funksjonen til alle artar. Dermed veit vi heller ikkje kva artar vi kan klare oss utan.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Hengekøye
Hengekøye

Vandredua

Det er over 100 år sidan verdas siste vandredue døydde. Det var den mest talrike fuglen i verda. Mennesket brukte berre 100 år på å utrydde han.

Forfattar Carl Frode Tiller har skrive at menneske bør leve slik at dei andre artane vil sakne oss den dagen vi er borte frå kloden. Får vi til det?

Mennesket bør leve slik at alle dyr får ein sjanse til å leve. Det som er bra for oss, bør òg vere bra for artane rundt oss. Vi har berre éi jord!

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kjelder:

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images