Klarer vi oss
utan dyra?

Til alle tider har mennesket drept dyr for å overleve. No må vi begynne å spare liva til dyra for å overleve. Det er ikkje sikkert vi menneske klarer oss utan alle dyra.

Mange dyr gir oss den maten vi treng, og nokon dyr hjelper oss innan forskning og medisin. Andre dyr er farlege for oss. Har dei farlege dyra rett til liv?

Vi kjenner ikkje til alle artane på jorda fordi det er så mange av dei – ikkje minst insekt, fuglar og fiskar. Nokre av desse ukjende dyra kan vi vere heilt avhengige av, utan at vi veit det. Løyndommane til naturen er framleis mange.

📷 Orangutangen er trua av utrydding.
Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Orangutang
Orangutang

Masseutrydding

Gullpadde, svart nashorn og hawaiisk kråke er alle utrydda. Neste på lista kan vere orangutang, elefant og sverdfisk. Mange dyr har vorte utrydda etter at mennesket dukka opp for mange millionar år sidan. Nokre av årsakene til dette er overdriven jakt, avskoging og forureining.

I WWF Verdsnaturfondets årsrapport frå 2016 kan vi lese at artane forsvinn så raskt at vi er vitne til ei sjette masseutrydding.

Jorda har til no opplevd fem masseutryddingar. Den verste skjedde for 252 millionar år sidan. Då døydde 95 prosent av alt liv på jorda. Mest kjent er nok likevel utryddinga av dinosaurane for 66 millionar år sidan.

Dei fem tidligare masseutryddingane har hatt sine naturlege årsaker. Den utryddinga fleire forskarar meiner foregår no, er det menneska som forårsaker.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Utrydningstruet isbjørn
Utrydningstruet isbjørn

Nedgang eller utrydding?

Biolog Dag O. Hessen ved Universitetet i Oslo seier at utrydding av artar er eit enormt tap. Vi får aldri desse dyra tilbake.

Ifølgje Hessen viser ein fersk studie ein nedgang på 50 prosent av dyr i verda dei siste 40 åra.

Nedgang handlar om at det blir færre individ av ein framleis eksisterande art. Ei utrydding betyr artsdød.

Vi som lever i dag, må førebu oss på å døy i ei verd som er halvparten så rik på plante- og dyreliv som den verda vi vart fødde inn i, seier Hessen.

For Hessen er nedgangen av amfibium eit tankevekkande døme. Dei har eksistert i nær 400 millionar år, men er no i kraftig tilbakegang verda over.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Salamander
Salamander

Kva tek livet av dyra?

Anne Sverdrup-Thygeson er biolog ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU). Ho meiner at ressursbruken til mennesket på jorda går på bekostning av dyr og plantar.

Kvar gong vi høgg ned ein skog, tørkar ut ei elv eller utvidar kornåkrane, får det konsekvensar for dei dyra som lever der. Kvifor det, trur du?

Regnskogen i Amazonas blir hoggen ned i rekordfart. Vegarbeid og jordbruk her heime betyr færre blomsterenger og gammal skog. Dette er stader som insekta og krypdyra elskar.

Ein del av problemet er derfor mangel på leveområde. Dyr, fiskar, fuglar og insekt får mindre plass. Mennesket overtek med kjøpesenter, vegar, jordbruk, golfbanar og hytter.

– Det finst ikkje éin flik igjen av jorda som ikkje er påverka av mennesket, fortel Sverdrup-Thygeson.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Skogen forsvinner
Skogen forsvinner

Verneområde

I “Jurassic Park”-filmane prøver forskarar og investorar å skape eit verneområde for attskapte dinosaurar. Dei som har sett filmane, veit at det ikkje lét seg gjere.

Eit verneområde blir påverka frå utsida, både av menneske, forureining og støy. Vi kan ikkje berre byggje ein park der dyra tilpassar seg reglane våre. Natur og dyr er sårbare for store forandringar.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Verneområde
Verneområde

Hengekøya

Mange har nok lege i ei hengekøye. Sjølv om køya har fått nokre små hol, legg vi oss oppi og satsar på at ho held ein sommar til.

Men kva skjer viss nokon sakte, men sikkert klypper over dei små trådane i køya? Det held ei stund, men til slutt vil du falle ned på bakken.

Hengekøye-samanlikninga stammar frå biolog Sverdrup-Thygeson. Fibrane i hengekøya er alle dyr og plantar i verda. Det kan godt hende vi klarer oss utan nokre av dei, men verda treng eit mangfald.

Vi kjenner ikkje funksjonen til alle artar. Dermed veit vi heller ikkje kva artar vi kan klare oss utan.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Hengekøye
Hengekøye

Vandredua

Det er over 100 år sidan verdas siste vandredue døydde. Det var den mest talrike fuglen i verda. Mennesket brukte berre nokre få generasjonar på å utrydde han.

Forfattar Carl Frode Tiller skriv noko å tenkje over i romanen «Begynnelsar» frå 2017. Han skriv at menneske bør leve slik at dei andre artane vil sakne oss den dagen vi er borte frå kloden.

Mennesket bør leve slik at medskapningane våre òg får ein sjanse til å leve liva sine. Det som er bra for oss, bør òg vere bra for artane rundt oss. Vi har berre éi jord!

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kjelder:

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images