Kvifor veks byane så raskt?

I 2021 var vi nesten 8 milliardar menneske på jorda. Kvar skal alle desse menneska bu? Kvifor er det så mange som flyttar inn til byane?

Accessibility icon Kvifor veks byane så raskt?

Kvifor veks byane så raskt?

Befolkninga i verda aukar, og stadig fleire flyttar til byane. I dag bur over halvparten av jordas befolkning i byar. Ifølgje FN vil 60 prosent av menneska bu i byar i 2030. Kvifor er det sånn?

Den industrielle revolusjonen

Den industrielle revolusjonen starta i England på slutten av 1700-talet. Med fabrikkar kunne ein produsere varer mykje raskare, billigare og i større omfang enn tidlegare. I same perioden vart jernbane, kanalar og dampskip utvikla. Det vart derfor lettare å frakte varer og menneske. Under den industrielle revolusjonen var det mange som flytta frå landsbygda til byane for å få jobb. Dette blir kalla urbanisering.

I Noreg, Tyskland, Frankrike og USA starta den industrielle revolusjonen rundt 1850. I Russland begynte han på starten av 1900-talet. Mange land i verda er framleis i starten av overgangen til å bli industrielle samfunn.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Håndtegning av en fabrikk fra 1800-tallet.
Håndtegning av en fabrikk fra 1800-tallet.

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!