Læreplantilkobling

Fag

Samfunnskunnskap

Samfunnsfag

Core Kjerneelementer

  • Samfunnskritisk tenking og samanhengar
  • Demokratiforståing og deltaking
  • Identitetsutvikling og fellesskap
  • Undring og utforsking
  • Berekraftige samfunn
  • Medborgarskap og berekraftig utvikling
  • Identitet og livsmeistring
  • Undring og utforsking
  • Perspektivmangfald og samfunnskritisk tenking

Cogs Tverrfaglig tema

Demokrati og medborgerskap

Folkehelse og livsmestring

Bærekraftig utvikling

Læreplan Kompetansemål

7. trinn
Samfunnsfag
  • utforske og presentere ei global utfordring ved berekraftig utvikling og kva for konsekvensar ho kan ha, og utvikle forslag til korleis ein kan vere med på å motverke utfordringa og korleis samarbeid mellom land kan bidra
7. trinn
Samfunnsfag
  • utforske korleis menneske i fortida livnærte seg, og samtale om korleis sentrale endringar i livsgrunnlag og teknologi har påverka og påverkar demografi, levekår og busetjingsmønster
7. trinn
Samfunnsfag
  • samtale om menneske- og likeverd og samanlikne korleis menneskerettane er blitt og blir varetekne i ulike land
10. trinn
Samfunnsfag
  • beskrive ulike dimensjonar ved berekraftig utvikling og korleis dei påverkar kvarandre, og presentere tiltak for meir berekraftige samfunn
10. trinn
Samfunnsfag
  • samanlikne korleis politiske, geografiske og historiske forhold påverkar levekår, busetjingsmønster og demografi i forskjellige delar av verda i dag
10. trinn
Samfunnsfag
  • utforske korleis teknologi har vore og framleis er ein endringsfaktor, og drøfte innverknaden teknologien har hatt og har på enkeltmenneske, samfunn og natur
10. trinn
Samfunnsfag
  • reflektere over likskapar og ulikskapar i identitetar, levesett og kulturuttrykk og drøfte moglegheiter og utfordringar ved mangfald
10. trinn
Samfunnsfag
  • vurdere korleis arbeid, inntekt og forbruk kan påverke personleg økonomi, levestandard og livskvalitet
VG1/VG2
Samfunnskunnskap
  • drøfte samanhengen mellom økonomisk vekst, levestandard og livskvalitet i eit globalt og berekraftig perspektiv
VG1/VG2
Samfunnskunnskap
  • drøfte korleis personleg økonomi, kommersiell påverknad og forbruk påverkar enkeltpersonar, grupper og samfunnet
VG1/VG2
Samfunnskunnskap
  • utforske ei utfordring eller ein konflikt på lokalt, nasjonalt eller globalt nivå og drøfte korleis utfordringa eller konflikten påverkar forskjellige grupper

Kvifor veks byane så raskt?

I 2021 var vi nesten 8 milliardar menneske på jorda. Kvar skal alle desse menneska bu? Kvifor er det så mange som flyttar inn til byane?

Accessibility icon Kvifor veks byane så raskt?

Kvifor veks byane så raskt?

Verdas befolkning aukar. Stadig fleire flyttar til byane. I dag bur over halvparten av jordas befolkning i byar. Kvifor er det sånn?

Den industrielle revolusjonen

England opna mange fabrikkar på slutten av 1700-talet. Då kunne dei produsere raskare, billigare og mange fleire varer enn før. Det var mange som flytta frå landsbygda til byane for å få jobb. Dette kallar vi den industrielle revolusjonen.

I Noreg og USA starta dei med fabrikkar rundt 1850. I Russland begynte dei ikkje før på starten av 1900-talet. Men mange land i verda har ikkje kome i gang før i vår tid.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Håndtegning av en fabrikk fra 1800-tallet.

Migrasjon og flytting

Når menneske flyttar frå eit land til eit anna, kallar vi det migrasjon. Det blir òg kalla innvandring og utvandring. Når menneske flyttar innenfor sitt eige land, kallar vi det flytting.

Årsaker til migrasjon kan vere krig eller fattigdom. Flytting i eige land handlar ofte om jobb. Mange av jobbane finst i dei store byane.

I dag er det mange som ønskjer å innvandre til Noreg i håp om å få jobb her. Det er mange land som har større arbeidsløyse enn i Noreg. Andre rømmer frå heimlandet sitt fordi det er krig.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Sort hvitt nærbilde av en hånd som bærer en koffert.

Befolkningsvekst

Tal frå FN viser at det levde 8 milliardar menneske på jorda i 2021. I Kina og India bur omtrent ein tredjedel av jordas befolkning. FN reknar med at det kjem til å vere 11 milliardar menneske på jorda i 2100.

Vekst i befolkninga handlar om kor mange som fødest og døyr. Men òg om kor mange som buset seg i andre land. I rike land blir det fødd færre barn enn i fattige land. I rike land blir vi eldre enn i fattige land. Kvifor trur du det er slik?

Kor godt det er å leve i eit land, handlar om fleire ting. Vi må ha moglegheit til å gå på skule. Det må vere trygge sjukehus. Folk må ha jobb der dei tener nok til mat og hus. Butikkane må ha god mat som alle har råd til å kjøpe. I mange fattige land er det ikkje slik. Då blir det fødd mange barn slik at flest mogleg kan skaffe pengar til familien.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Vi ser jordkloden fra verdensrommet, og den er full av mennesker.

Slumområde

Mange byar veks raskt uten at det er arbeidsplasser og hus til alle. Mangel på gode hus gjer at mange må bu i slumområde. Der er folk fattige og bur i veldig dårlege hus. Ofte med berre veggar og tak. Mange får alvorlege sjukdommar, men har ikkje råd til å gå til lege. Slumområdet i Brasil blir kalla favela. 1 av 4 menneske i verda bur i slumområde i 2021.

📷  Favela i hovudstaden i Brasil, Rio de Janeiro.
Dårlige hus bygget tett i tett i Brasil.

Fabrikkar flyttar utenlands

I fattige land er det ikkje så dyrt å drive fabrikkar. Lønningane er låge. Det dei treng for å produsere varer (råvarer), er mykje billigare. Råvarer kan vere korn, bomull, olje eller metaller. Dei som eig fabrikkar, flyttar ofte fabrikkane frå rike til fattige land. Då vil dei tene meir pengar sjølve! Det er ikkje nok jobbar til alle, og då godtek mange dårleg løn og lange arbeidsdagar.

Nokre fabrikkar tilset barn og ungdom fordi dette er billig arbeidskraft. Dei jobbar ofte med farlege og fysisk tunge arbeidsoppgåver. Slikt barnearbeid er forbode! Ikkje alle bryr seg om det.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Ung gutt jobber i en saksefabrikk er arbeidsforholdene ikke er så gode.

Korleis kan vi snu utviklinga?

FN har sett seg nokre mål for å gjere verda betre for alle. Dette blir kalla berekraftsmål. Byane må bli betre å bu i, og dei må ikkje øydeleggje klimaet. Byar står i dag for 75 prosent av forureininga i verda. I framtida må byane derfor forureine mindre og gi innbyggjarne eit trygt og godt liv.

Noreg har ein avtale med Busetjingsprogram om å forbetre situasjonen til dei som bur i slumområde.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En forurenset elv som renner gjennom et slumområde på Filippinene.

Handel mellom land

Mange land handlar med kvarandre. Når vi kjøper noko frå eit anna land, blir det kalla import. Når vi sel noko til eit anna land, blir det kalla eksport.

Mange land produserer svært billige varer. Derfor blir det importert slike varer frå utlandet. Norske produsentar kan ikkje alltid konkurrere på pris, og dei får selt mindre. Derfor må dei som importerer varer, betale noko som heiter toll. Då blir importvarene ofte like dyre som dei varene vi produserer sjølve. Slik overlever mange av produsentane i Noreg.

Mange land i Europa er medlemmar av EU – Den europeiske unionen. Det gjer at det blir billigare å handle med kvarandre. Noreg er ikkje medlem, men har likevel eit økonomisk samarbeid med EU.

Noreg har òg ein avtale med fleire fattige land. Desse landa kan selje nokre typar varer til Noreg utan å betal toll. På den måten kan fattige land lettare få selt varer til rike land.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Lastebil, tog, fly og containerskip som illustrerer hvordan handelsvarer transporteres i verden.

Kva kan vi gjere?

I Noreg har vi ikkje store slumområde og enorm fattigdom i byane. Likevel kan vi gjere byane våre betre å leve i. Vi må ta vare på parkar og skogar. Fleire kan gå, sykle eller ta kollektivtransport. Vi kan handle mindre og dermed kaste mindre. Og ikkje minst kan vi sleppe ut mindre forureining.

Den raske veksten av byar aukar fattigdom. FN har eit mål om å utrydde fattigdom. Vi kan hjelpe til med dette på fleire måtar. Ikkje minst kan vi bidra med pengar, vere engasjerte, spreie kunnskap og vere eit godt førebilde.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Liten gutt plukker søppel på en enorm søppelfylling for å selge det til inntekt for familien.

Kjelder:

  • Tønnessen, Marianne; Solerød, Hans: befolkning i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 6. desember 2021 frå https://snl.no/befolkning

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images