Læreplantilkobling

Fag

Samfunnsfag

Samfunnskunnskap

Core Kjerneelementer

  • Samfunnskritisk tenking og samanhengar
  • Demokratiforståing og deltaking
  • Identitetsutvikling og fellesskap
  • Undring og utforsking
  • Berekraftige samfunn
  • Medborgarskap og berekraftig utvikling
  • Identitet og livsmeistring
  • Undring og utforsking
  • Perspektivmangfald og samfunnskritisk tenking

Cogs Tverrfaglig tema

Bærekraftig utvikling

Demokrati og medborgerskap

Folkehelse og livsmestring

Læreplan Kompetansemål

7. trinn
Samfunnsfag
  • utforske og presentere ei global utfordring ved berekraftig utvikling og kva for konsekvensar ho kan ha, og utvikle forslag til korleis ein kan vere med på å motverke utfordringa og korleis samarbeid mellom land kan bidra
7. trinn
Samfunnsfag
  • utforske korleis menneske i fortida livnærte seg, og samtale om korleis sentrale endringar i livsgrunnlag og teknologi har påverka og påverkar demografi, levekår og busetjingsmønster
7. trinn
Samfunnsfag
  • samtale om menneske- og likeverd og samanlikne korleis menneskerettane er blitt og blir varetekne i ulike land
10. trinn
Samfunnsfag
  • beskrive ulike dimensjonar ved berekraftig utvikling og korleis dei påverkar kvarandre, og presentere tiltak for meir berekraftige samfunn
10. trinn
Samfunnsfag
  • samanlikne korleis politiske, geografiske og historiske forhold påverkar levekår, busetjingsmønster og demografi i forskjellige delar av verda i dag
10. trinn
Samfunnsfag
  • utforske korleis teknologi har vore og framleis er ein endringsfaktor, og drøfte innverknaden teknologien har hatt og har på enkeltmenneske, samfunn og natur
10. trinn
Samfunnsfag
  • reflektere over likskapar og ulikskapar i identitetar, levesett og kulturuttrykk og drøfte moglegheiter og utfordringar ved mangfald
10. trinn
Samfunnsfag
  • vurdere korleis arbeid, inntekt og forbruk kan påverke personleg økonomi, levestandard og livskvalitet
VG1/VG2
Samfunnskunnskap
  • drøfte samanhengen mellom økonomisk vekst, levestandard og livskvalitet i eit globalt og berekraftig perspektiv
VG1/VG2
Samfunnskunnskap
  • drøfte korleis personleg økonomi, kommersiell påverknad og forbruk påverkar enkeltpersonar, grupper og samfunnet
VG1/VG2
Samfunnskunnskap
  • utforske ei utfordring eller ein konflikt på lokalt, nasjonalt eller globalt nivå og drøfte korleis utfordringa eller konflikten påverkar forskjellige grupper

Kvifor veks byane så raskt?

I 2021 var vi nesten 8 milliardar menneske på jorda. Kvar skal alle desse menneska bu? Kvifor er det så mange som flyttar inn til byane?

Accessibility icon Kvifor veks byane så raskt?

Kvifor veks byane så raskt?

Befolkninga i verda aukar, og stadig fleire flyttar til byane. I dag bur over halvparten av jordas befolkning i byar. Ifølgje FN vil 60 prosent av menneska bu i byar i 2030. Kvifor er det sånn?

Den industrielle revolusjonen

Den industrielle revolusjonen starta i England på slutten av 1700-talet. Då starta fabrikkproduksjon av varer. Det førte til at varer kunne produserast raskare, billigare og i større omfang enn tidlegare. I same perioden vart jernbane, kanalar og dampskip utvikla, og det vart lettare å frakte varer og menneske. Under den industrielle revolusjonen var det mange som flytta frå landsbygda til byane for å få jobb. Vi kallar dette for urbanisering.

Den industrielle revolusjonen har gått føre seg til ulike tider i ulike delar av verda. I Noreg, Tyskland, Frankrike og USA starta han rundt 1850. I Russland begynte han på starten av 1900-talet, men var først ordentleg i gang på slutten av 1920-åra. Mange land i verda er framleis i starten av overgangen til industrielle samfunn.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Håndtegning av en fabrikk fra 1800-tallet.

Migrasjon og flytting

Migrasjon er eit ord som blir brukt når menneske flyttar over landegrenser. Dette blir òg kalla innvandring og utvandring. Når menneske flyttar innanfor landegrensene, kallar vi det flytting, innflytting eller utflytting.

Årsakene til at migrasjon oppstår kan vere konfliktar, fattigdom og aukande globalisering. Flytting innanfor landegrensene skjer oftast frå landsbygd til byar. Mange av dei som flyttar, gjer det for å kunne få jobb. Dei fleste som flyttar, gjer det innanfor landegrensene.

Mange flyttar på seg til andre land. Dei utvandrar då frå heimlandet og er innvandrarar i det nye landet. Mange nordmenn utvandra til dømes til Amerika på 1800-talet for å skape seg eit nytt liv der.

I dag er det mange som ønskjer å innvandre til Noreg i håp om å få jobb her, fordi dei ikkje har dei same moglegheitene i heimlandet sitt. Andre rømmer frå heimlandet sitt fordi det er krig, eller fordi dei blir forfølgde av politiske årsaker.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Sort hvitt nærbilde av en hånd som bærer en koffert.

Befolkningsvekst

Tal frå FN viser at det i 2021 var nesten 8 milliardar menneske på jorda. Det er fleire enn nokon gong tidlegare i historia. I dei mest folkerike landa i verda, India og Kina, bur det omtrent ein tredel av jordas befolkning. Befolkningsveksten var høgast på 1960- og 1970-talet, men har sokke dei siste åra. FN reknar med at befolkningsveksten stoppar opp, og at det kjem til å vere 10,8 milliardar menneske på jorda i 2100.

Befolkningsveksten i eit land avheng av kor mange som blir fødde, kor mange som døyr og migrasjon/flytting. I rike land blir det fødd færre barn, samtidig som forventa levealderen aukar. I fattige land blir det fødd fleire barn, men det er lågare forventa levealder enn i rike land. Derfor er det fleire barn og unge i fattige land, medan det er fleire eldre i rike land.

Økonomisk og sosial utvikling avgjer levekåra i eit land. Levekår handlar mellom anna om velferdstilbod innanfor utdanning og helse, god økonomi og tilgang på teknologi. Betre levekår fører til mindre befolkningsvekst. Det betyr at befolkninga aukar i fattige land. Ved å auke levekåra i desse landa, vil veksten bli bremsa.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Vi ser jordkloden fra verdensrommet, og den er full av mennesker.

Slumområde

Dårlege levekår og få jobbar på landsbygdene fører til at mange menneske vel å flytte til byar. Mange byar veks raskt, utan at det er arbeidsplassar og bustader til alle. Mangel på bustader gjer at mange må bu i slumområde.

I slumområde er folk fattige og har dårlege buforhold. Det er ofte mangel på vatn og renovasjon. Mange får alvorlege sjukdommar, utan at dei har råd til å gå til lege. Det mest kjende slumområdet er favelaene i Brasil. FN fortel at 1 av 4 menneske i verda bur i slumliknande område i 2021, og dei er bekymra for at den delen skal auke.

📷  Favela i hovudstaden i Brasil, Rio de Janeiro.
Dårlige hus bygget tett i tett i Brasil.

Fabrikkar flyttar utenlands

I fattige land er det lågare lønningar og billigare råvarer. For å få høgare forteneste har ein del bedrifter frå rike land flytta produksjon av varer til fattige land. Dette har ført til fleire arbeidsplassar og auka tilflytting til byar med produksjon. Det er ikkje nok jobbar til alle som ønskjer det. Mange arbeidarar godtek derfor dårleg løn og farlege arbeidsforhold. Fortenesta av produksjonen går til bedriftseigarane og bidreg ikkje til auka velferd i lokalsamfunnet eller til betre levekår for dei fattige.

Enkelte fabrikkar bruker barnearbeidarar fordi dette er billig arbeidskraft. Barn og ungdom må jobbe med farlege og fysisk tunge arbeidsoppgåver. Verdssamfunnet har reagert kraftig på barnearbeid, og mange bedrifter har måtta slutte med det. Internasjonalt er tungt og farleg barnearbeid forbode.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Ung gutt jobber i en saksefabrikk er arbeidsforholdene ikke er så gode.

Korleis kan vi snu utviklinga?

Berekraftige byar og lokalsamfunn

Det eine berekraftsmålet til FN handlar om å skape berekraftige byar og lokalsamfunn. Byar står i dag for 75 prosent av klimagassutsleppet i verda. I dei store slumområda i byane er det mykje dårlegare levekår for befolkninga. Byane vi skal ha i framtida, må bli utvikla slik at innbyggjarane får betre buforhold og tilgang på nødvendige tenester. Forureining og klimagassutslepp må bli redusert, og ressursar må bli brukt på ein berekraftig måte.

Noreg har ein avtale med Busetjingsprogrammet til FN om å støtte og styrke utviklinga av byområde. Denne organisasjonen jobbar spesielt med å forbetre situasjonen til dei som bur i slumområde i verda.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En forurenset elv som renner gjennom et slumområde på Filippinene.

Handel mellom land

Mange land handlar med kvarandre. Når vi kjøper noko frå eit anna land, blir det kalla import. Når vi sel noko til eit anna land, blir det kalla eksport.

Mange land kan produsere varer billigare enn vi klarer sjølve, og derfor blir det importert slike varer frå utlandet. Vi ønskjer at dei som produserer varer i Noreg, skal få selt varene sine òg i Noreg. Derfor blir det lagt på toll og andre avgifter på importvarene. Då blir importvarene ofte like dyre som dei varene vi produserer sjølve. Dette bidreg til at norske produsentar ikkje blir utkonkurrert, og at dei dermed overlever.

Mange land i Europa er medlemmar i EU - Den europeiske unionen. Noreg er ikkje medlem, men har eit økonomisk samarbeid med EU gjennom EØS. Varer, pengar og arbeidskraft skal flyte fritt mellom medlemslanda. Det er derfor ikkje toll og avgifter når landa handlar med kvarandre.

Noreg er med i ein internasjonal frihandelsavtale, GSP - General System of Preferences, som gjer at fattige land kan selje nokre typar varer til Noreg utan ordinær toll. På denne måten kan fattige land lettare få selt varene sine til rikare land, og dermed kan ein redusere fattigdom og auke velferd.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Lastebil, tog, fly og containerskip som illustrerer hvordan handelsvarer transporteres i verden.

Kva kan vi gjere?

I Noreg har vi ikkje utfordringar med slumområde og utbreidd fattigdom i byane. Vi kan likevel gjere noko for å sikre berekraft i lokalsamfunnet vårt. FN peikar på at vi kan ta vare på grøne lunger rundt oss, støtte berekraftige samfunn, gå, sykle eller ta kollektivtransport, ete og handle lokalt og vere ein god nabo.

For å bidra til at veksten av byar internasjonalt blir berekraftig, kan vi bidra til å redusere fattigdom i verda. Tal frå FN viser at den raske veksten av byar aukar fattigdom. FN har eit mål om å utrydde fattigdom. Vi kan bidra til betre internasjonale levekår ved å delta i internasjonalt samarbeid, å vere medvitne forbrukarar og å spreie kunnskap.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Liten gutt plukker søppel på en enorm søppelfylling for å selge det til inntekt for familien.

Kjelder:

  • Tønnessen, Marianne; Solerød, Hans: befolkning i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 6. desember 2021 frå https://snl.no/befolkning

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images