Landbruk og fiske er primærnæringar

Kva er eigentleg ei primærnæring? Korleis fungerer landbruket og fiskeindustrien i Noreg, og i andre stader i verda?

Accessibility icon Landbruk og fiske er primærnæringar

Landbruk

Landbruk er ei primærnæring. Då blir råvarer dyrka som blir brukte til å laga mat.

Råvarer er det ein treng for å laga mat du kjøpar i butikken. Ei råvare me produserer mykje av, er korn.

For å laga andre ting enn mat, treng me andre råvarer. Det kan vera metall eller olje. Nesten alle land kjøper eller sel råvarer.

Jegerar, sankarar og jordbruk

Dei første menneska dyrka ikkje jorda. Når det vart tomt for mat ein stad, flytta dei til ei ny stad.

Dette var ein tid kor mennesket var jegerar og sankarar. Dei jakta på dyr, fuglar og fisk, og dei sanka bær, sopp og fugleegg.

Jordbruksrevolusjon

For omtrent 10 000 år begynte menneske å bu på faste stader. Det skjedde i områda i Midtausten og langs elva Nilen i Afrika. Dei starta å dyrke jorda. Då slapp dei å flytte rundt for å finne mat.

Dette forandra måten mennesket levde på, og me kallar det jordbruksrevolusjonen.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Hvete
Hvete

Frå sjølvforsyning til handelsjordbruk

Dei fleste var sjølvforsynte med mat fram til 1700-talet. Det meste dei dyrka eller jakta, vart ete av eigen familie.

På 1800-talet fekk vi maskiner og betre reiskapar. Då produserte ein meir enn ein sjølv trong,  og ein kunne selje eller byte mat med andre. Dette blir kalla handelsjordbruk.

Grønnsaker
Grønnsaker

Jordbruket i Noreg

Berre 3 prosent av Noreg eignar seg til dyrking av mat. Likevel produserer vi omtrent halvparten av maten vi treng. Resten kjøper vi frå andre land.

I Noreg er det derfor mange som driv med blandingsjordbruk. Då produserer ein korn, frukt og grønsaker, men har også dyr til kjøtt og egg.

Utfordringar i landbruket

Noko av matjorda i verda blir brukt for å dyrka mat. Andre område blir brukte som beiteområde for husdyr. Det hender at matjord blir brukt som beiteområde. Bonden tener ofte meir på kjøtt enn på korn.

Vatn er viktig når ein driv med jordbruk. Nesten 70 prosent av alt ferskvatnet på jorda blir brukt for å vatna jordbruksområde.

I land med mykje tørke må ein pumpa opp grunnvatn for å få nok vatn. Det kjem for lite regn.

Grunnvatnet ligg langt nede i jorda. Til slutt kan det gå tomt for grunnvatn, og då kan ein ikkje dyrka jorda lenger.

Auka avlingar

Ei anna utfordring med landbruket er at jorda “går tom” for næring. Bonden dyrkar den same jorda for mange gonger.

Giftige sprøytemiddel og gjødsel blir brukt for å få større avlingar. Gjødsel gir næring til jorda, og sprøytemiddel gjer at insekt og skadedyr held seg unna.

Økologisk landbruk

Mange er redde for at sprøytemiddel kan føre til helseskadar hos menneske.

Nokre bønder satsar derfor på økologisk landbruk. Dei bruker ikkje sprøytemiddel og kunstgjødsel, og dei forureinar ikkje naturen.

Det er mange som ønskjer å kjøpe økologisk mat, fordi slik mat ikkje inneheld giftstoff. Ulempa er at maten ofte er dyrare enn annan mat. Kvifor det, trur du?

Nok kjøtt til alle?

Me blir fleire og fleire menneske på jorda.

Då kan det bli vanskeleg å produsera nok mat til alle. Ikkje minst fordi veldig mange et kjøtt.

For å produsera 1 kilo storfekjøtt, krevst det 7 kilo korn. Mange meiner derfor at me bør eta mindre kjøtt og meir korn og grønsaker.

Laboratoriekjøtt

Forskarar har klart å dyrke fram kjøtt i laboratorium. Då slepp ein å bruka så mykje av matjorda til beiteområde.

Mange er likevel skeptiske til kjøtt som ikkje kjem frå levande dyr. Eit anna alternativ er at vi må ete meir insekt framfor kjøtt.

Forrige avsnitt

1 / 6

Neste avsnitt

Fiske

Langs kysten av Noreg finst det mykje fisk. Her er det mellom anna torsk, hyse, makrell, sild og laks. Vi finn òg krabbar, reker og hummar.

Vi skil mellom matfisk og industrifisk. Matfisk er fisk vi et. Industrifisk blir male opp og brukt som dyrefôr. Noreg sel mykje fisk til andre land – spesielt laks og torsk.

Fiskeskøyte
Fiskeskøyte

Moderne fiskeindustri

Etter kvart har fiskebåtane vorte større, og dei fangar meir fisk. I dag er det store fabrikktrålarar som fangar fisk i havet. Dei bruker mellom anna ekkolodd for å finne ut kvar fisken er.

På dei største fabrikktrålarane omarbeider ein fisken og frys han med ein gong. Slik held han seg ferskast mogleg fram til vi får han på middagsbordet.

Kvotar på fisk

Når me fangar meir fisk, blir det mindre fisk i havet. Nokre artar kan til og med utryddast og forsvinna for alltid.

Derfor er det innført kvotar for kor mykje fisk det er lov å fanga.

Færre og færre i Noreg jobbar med fisk. Kvifor er det slik, trur du?

Oppdrettsfisk

Fordi det har vorte mindre fisk i havet, er det mange som satsar på oppdrett av fisk. Då blir fisken nesten som eit husdyr.

Fisken vert samla i eit stort nett (ein merd) langs kysten og lever der frå han blir fødd til han blir slakta.

I Noreg er det vanlegast med lakseoppdrett.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Mange merder i et oppdrettsanlegg for fisk.
Mange merder i et oppdrettsanlegg for fisk.

Kven eig havet?

Det er ingen som eig havet, men ein har laga nokre grensar for kor dei enkelte landa kan fiske. Vi kallar dette for økonomiske soner. 

Nokre havområde blir kalla for internasjonalt farvatn, og her kan alle fiske.

Fiskebåt som trekker et stort garn etter seg i ganske urolig sjø med massevis av måker flyvende rundt.
Fiskebåt som trekker et stort garn etter seg i ganske urolig sjø med massevis av måker flyvende rundt.

Kjelder:

  • Christensen, Sigmund; Bratberg, Even: jordbruk i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 16. februar 2022 frå https://snl.no/jordbruk
  • Syverud, Gunnar; Bratberg, Even; Almås, Reidar: jordbruk i Norge i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 16. februar 2022 frå https://snl.no/jordbruk_i_Norge
  • Helgesen, Jan E.; Hallenstvedt, Abraham: havrett i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 16. februar 2022 frå https://snl.no/havrett

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images