Landbruk og fiske er primærnæringar

Kva er eigentleg ei primærnæring? Korleis fungerer landbruket og fiskeindustrien i Noreg, og i andre stader i verda?

Accessibility icon Landbruk og fiske er primærnæringar

Landbruk

Landbruk blir rekna som ei primærnæring. Primærnæringar er yrke som framstiller råvarer innan jordbruk, skogbruk, fiske og fangst.

Ei råvare er det ein treng for å produsere ei ferdig vare. Det kan vere korn, fisk, metall eller olje. Nesten alle land kjøper eller sel råvarer.

Jegerar, sankarar og jordbruk

Dei første menneska dyrka ikkje jorda. Dei flytta rundt og sanka mat. Når det vart tomt for mat ein stad, flytta dei til ei ny stad. Dette var ein tid kor mennesket var jegerar og sankarar. Dei jakta på dyr, fuglar og fisk, og dei sanka bær, sopp og fugleegg.

Jordbruksrevolusjon

For omtrent 10 000 år begynte menneske å bu på faste stader. Det skjedde i områda i Midtausten og langs elva Nilen i Afrika. Dei starta å dyrke jorda. Då slapp dei å flytte rundt for å finne mat. Dei gjorde det naturlege landskapet om til kulturlandskap. Det er eit landskap der menneske utnyttar naturen for å skaffe mat og råvarer.

Hele denne prosessen kaller vi  jordbruksrevolusjonen.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Hvete
Hvete

Frå sjølvforsyning til handelsjordbruk

Heilt fram til 1700-talet dyrka folk sin eigen mat. Vi kallar dette å vere sjølvforsynte.

På 1800-talet fekk vi maskiner og betre reiskapar. Då produserte ein meir enn ein sjølv trong,  og ein kunne selje eller byte mat med andre. Dette blir kalla handelsjordbruk.

Med betre maskiner og reiskapar trong ein færre folk i arbeid.

Grønnsaker
Grønnsaker

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!