Frå ape til dominerande pattedyr

Homo sapiens var jegerar og sankarar i nesten 200 000 år – mykje lenger enn me har vore bønder, og nesten ei æve i forhold til den tida me har hatt industri. Det var på denne tida me gjekk frå å vera berre ein «ape på to bein» til å bli det dominerande pattedyret på planeten.

Menneskets evolusjon, fra ape til dominerende pattedyr

Utbreiing

Menneska oppstod i Afrika, men spreidde seg til alle kontinenta i verda. Arten vår vandra først til Midtausten. Derfrå drog nokon vidare til Asia og Australia, andre til Europa. Etter kvart nådde me Amerika. Det var ikkje meir enn kanskje eit par millionar jegerar og sankarar i kvar verdsdel, og dei hadde meir plass å boltra seg på enn noko eit moderne menneske kan drøyma om.

⬅  Helleristning av jegerar i Canyonlands National Park, USA.

Helleristning av jegere i Canyonlands National Park, USA
Helleristning av jegere i Canyonlands National Park, USA

Oppdagarar

Jegerane og sankarane var modige oppdagarar. Dei var stadig på farten, anten dei vandra med årstidene for å finna nye, fruktbare område, eller dei drog frå stad til stad etter kvart som dei hadde hausta maten som fanst i eit område. Medan dei vandra utforska dei grotter, skogar og elver på jakt etter alt som kunne etast. Dei hadde berre med seg det aller viktigaste dei trong for å overleva. Når dei ikkje sov i ei grotte eller under greiner, låg dei ved bålet og kikka opp på den merkelege stjernehimmelen.

Huleboer
Huleboer

Mat og ernæring

Jeger- og sankarlivet var hardt, og mange døydde unge. Men folk var fysisk aktive og i svært god form. Dei åt variert mat og fekk i seg alle næringsstoffa dei trong. Etter kvart slo nokon seg ned på stadar der det var rikeleg med mat heile året – til dømes ved elver og sjøar, der dei fiska med garn, krok, spyd eller med hendene.

Når dei slo seg til ro for ein periode, kunne dei sy klede, veva vesker og laga keramikk. Dei måla krukker, laga armband og kjeder av dyreknoklar, skar ut kreative figurar og måla imponerande holemåleri. Nokre av kunstverka dei la igjen etter seg, har overlevd til i dag.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Huleboer tegner på veggen
Huleboer tegner på veggen

Frå sankarar til jakt

Jegerane og sankarane åt først og fremst plantar, bær, nøtter, frø, røter og frukt som dei hausta. Slik mat var lett å finna og lite krevjande å eta. Men å jakta var meir freistande. Det var rett nok vanskeleg å fella store byttedyr, men det gav mykje: kjøt, skinn, pels og bein, og nokre gongar elfenbein. Det var ein premie det var verd å kjempa for.

Store hjernar og dyktige jegerar

Jegerane og sankarane kunne takka den store hjernen sin for at dei var så flinke til å jakta. Nokre forskarar trur faktisk at desse oldtidsmenneska hadde større hjerne enn me har i dag. Ein jeger og sankar utan godt vett, i dårleg fysisk form og som ikkje er fingernæm, ville ikkje overleva lenge. Det var dei smarte og sterke menneska som overlevde og førte desse eigenskapane vidare til den neste generasjonen.

I tillegg til reiskapar som klubbe, øks, spyd og pil utvikla nomadane oppfinnsame taktikkar for å fella farlege byttedyr. Dei kunne til dømes omringa dyreflokkar og jaga dei utfor høge skrentar. Så kunne gruppa hausta fleire tonn med mat, og så røyka, turka eller frysa kjøtet for at det skulle halda seg over tid.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Flint kniv fra steinalderen
Flint kniv fra steinalderen

Eld

Det farlegaste våpenet menneska hadde, var elden. Bruken av eld har vore avgjerande for historia til mennesket. Elden kunne ein bruka til å verna seg mot rovdyr i mørket, varma seg når det var kaldt, gjera uetande mat om til festmåltid og til å brenna ned skogar for å rydda beitemarker.

Jeger- og sankarsamfunn i dag

Jordbruk la beslag på stadig større landområde, og jegerane og sankarane blei omringa. Men sjølv i dag finst små nomadegrupper igjen i Afrika, Asia, Sør-Amerika og Arktis. Her lever dei i tråd med den eldgamle jeger- og sankarkulturen.

Sentineleserane i Bengalbukta har budd på Andamanøyene i fleire tusen år, og dei nektar kontakt med omverda. Dei har drepe fiskarar som er komne for nær, og skote piler mot båtar og helikopter. Andre stammar, som hadza-stammen i Tanzania, har vore meir gjestmilde, men står no i fare for å bli fordrivne. No er dei tvungne til å leva i skogen, med sterk varme, malariamygg, mangel på drikkevatn og kvegbønder som tek seg til rette.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Jegere med flammer i et møte med en mammut
Jegere med flammer i et møte med en mammut

Kjelder:

  • Historien om mennesket – Junior (2020)
    Orage Forlag AS

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Thinkstock
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Ukjent