Matpakken – drivstoff gjennom dagen

Ein næringsrik og mettande lunsj er viktig for å halde oppe konsentrasjonen – og ikkje minst humøret – gjennom ein lang dag i klasserommet. Lunsjen vil også bidra til ein betre skuledag, både fageig og sosialt. Men korleis kan vi vite om matpakken gir oss den næringa vi treng?

Accessibility icon Matpakken – drivstoff gjennom dagen

Kva kjenneteiknar ein god matpakke?

Den tradisjonelle matpakken er den gode, gamle brødskiva med gulost eller leverpostei. Men ein matpakke kan også bestå av middagsrestar eller ein salat. Men korleis kan vi vite om han gir oss den næringa vi treng?

To matbokser i glass på marmormønstret benkeplate. Ene boksen har toast og tomater, den andre avokado, kokt egg, blåbær og banan.
To matbokser i glass på marmormønstret benkeplate. Ene boksen har toast og tomater, den andre avokado, kokt egg, blåbær og banan.

Tanken bak matpakken

Vi et mat for å få i oss næring som kroppen omdannar til energi. Men ikkje all næring er god næring, og ikkje alle matvarer er like næringsrike.

Når storefri endeleg er her, og vi er klare for lunsj, har vi allereie hatt fleire timar med undervisning. Det er lenge sidan frokost, og det er framleis lenge til middag.

For å halde oppe konsentrasjonen, og ikkje minst humøret, må vi ete riktig når vi først har høve til det. Det vil gjere skuledagen betre, både fagleg og sosialt.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Plastboks med en skrukkete stekt pølse.
Plastboks med en skrukkete stekt pølse.

Tre kategoriar

Uansett kva slags matpakke du har, er det viktig at han inneheld desse matvarene:

  1. grove kornprodukt
  2. grønsaker, frukt eller bær
  3. protein (fisk, bønner, erter, ost, egg eller kjøt)
Tallerken og bestikk tegnet med skisset strek. Tallerkenen er delt i tre like store deler, alle i ulike farger. Hvert del inneholder henholdsvis en matgruppe: frukt og grønt, kjøtt, fisk og egg, samt brød og pasta.
Tallerken og bestikk tegnet med skisset strek. Tallerkenen er delt i tre like store deler, alle i ulike farger. Hvert del inneholder henholdsvis en matgruppe: frukt og grønt, kjøtt, fisk og egg, samt brød og pasta.

Kvifor grove kornprodukt?

Grove brødvarer held deg mett lenger. Dei inneheld store mengder kostfiber. Magen din må jobbe ekstra lenge for å fordøye fiberrik mat, og dermed vil du føle deg mett lenger.

Fiber er også veldig bra for andre ting:

  • effektivt mot forstopping i tarmen
  • styrkjer dei sunne bakteriane i mage og tarm, og det reduserer risikoen for sjukdom
  • stabiliserer blodsukkeret slik at kroppen får rett mengde energi
  • bidrar til å senke kolesterolet slik at feitt ikkje festar seg på innsida av blodårane
  • bidrar til betre tannhelse – tygging av fiber gir auka spyttproduksjon, som igjen reinsar munn og tenner meir effektivt

Grove brød er også ei god kjelde til protein, som er byggjesteinane i kroppen. Ei skive grovt brød på 40 gram gir tre til fire gram protein. Proteinet i brød er hovudsakleg gluten.

I tillegg gir grove kornprodukt deg stoff som jern, sink og E-vitamin. Alle desse er viktige for at kroppen skal fungere godt.

Feittinnhaldet i brød og korn er lågt, og feittypen er hovudsakleg ein- og fleirumetta feitt. Denne typen feitt gjer at du får mindre kolesterol i blodet.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Surdeigsbrød med vakkert mønster på rustikk fjøl oppå benkeplate i marmor.
Surdeigsbrød med vakkert mønster på rustikk fjøl oppå benkeplate i marmor.

Kvifor grønsaker, frukt og bær?

Frukt, grønsaker og bær er kjempeviktige i det daglege kosthaldet. Det har du høyrt mange gongar før. Men det kan ikkje seiast ofte nok.

Denne matgruppa inneheld mykje vitamin og fiber, samtidig som ho gir lite feitt og energi.

Frukt og grønsaker gir oss mengder av næringsstoff som vi treng. Denne maten gir oss ikkje energi og feitt, men det får vi nok av uansett.

Frukt og grønsaker er også veldig effektivt i forebygging av alvorlege sjukdommar. Vi kan lettare unngå å få kreft, hjartesjukdommar, overvekt og diabetes.

Dei inneheld fleire stoff som ikkje kan erstattast av pillar eller pulver. For å sikre at vi får i oss nok av desse stoffa, er det heilt avgjerande at denne matgruppa blir ein del av alle måltid – også matpakken!

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Brokkoli og erter på en rustikk fjøl, mot en mørk grå benkeplate. Naturlig lys med mye skygger.
Brokkoli og erter på en rustikk fjøl, mot en mørk grå benkeplate. Naturlig lys med mye skygger.

Kvifor protein?

Du har kanskje høyrt at protein er byggjesteinane i kroppen? Og det er heilt rett!

I Noreg vert proteinbehovet dekt med eit vanleg kosthald. Men på verdsbasis døyr fleire millionar barn kvart år på grunn av proteinmangel.

Protein består av lange kjeder med aminosyrer. 22 av desse aminosyrene er livsnødvendige. Nokre kan kroppen lage sjølv, men fleire av dei må vi få gjennom maten vi et.

Aminosyrer vert i all hovudsak produserte i planteriket. Derfor må vi få dette ved å ete planteetande dyr og ulike plantar og kornvekstar.

Mattypar som inneheld dei viktigaste aminosyrene, kallar vi fullverdig protein. Dette er for eksempel kjøt, fugl, fisk, egg, melkeprodukt, ost og soyabønner.

Dei som er vegetarianarar, kan få i seg fullverdig protein ved å ete korn, ris, mais, soyabønner, erter, linser, frø og nøtter.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Rått egg i knust skall og to hele egg i en skål, mot en mørk bakgrunn.
Rått egg i knust skall og to hele egg i en skål, mot en mørk bakgrunn.

Skive med sveitt ost

Matpakken skal hjelpe deg gjennom ein lang og krevjande skuledag. Men ofte går det fleire timar frå matpakken blir smurd, til vi skal ete han på skulen. Då er det ikkje alltid like freistande å ete maten.

Her er nokre tips til å halde matboksen kald i sekken gjennom skuledagen:

  1. Ha matboksen i eit mindre rom i sekken, saman med eit kjøleelement.
  2. Frys ned drikkeflaska di over natta. Legg henne saman med matboksen i sekken. Då har du både frisk mat og kald drikk til lunsjen.
  3. Viss du liker yoghurt til lunsj, kan du fryse ned yoghurten og ha han frosen opp i matboksen. Då held han skivene kalde, samtidig som han tiner akkurat i tide til storefri.
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Ulike drikkeflasker med vann i en fryserboks
Ulike drikkeflasker med vann i en fryserboks

Matpakkeeksperimentet

Kva skjer viss du serverer kebab og cola til lunsj til ein gjeng seksåringar? Sjekk eksperimentet til Helsedirektoratet:

 

Kjelder:

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Helsedirektoratet – YouTube