Matpakken – drivstoff gjennom dagen

Ein næringsrik og mettande lunsj er viktig for å halde oppe konsentrasjonen – og ikkje minst humøret – gjennom ein lang dag i klasserommet. Lunsjen vil også bidra til ein betre skuledag, både fagleg og sosialt. Men korleis kan vi vite om matpakken gir oss den næringa vi treng?

Accessibility icon Matpakken – drivstoff gjennom dagen

Kva kjenneteiknar ein god matpakke?

Det mest tradisjonelle formatet for matpakken er den gode, gamle brødskiva med gulost eller leverpostei. Men ein matpakke kan bestå av mykje anna også. Han kan for eksempel innehalde middagsrestar eller ein salat. Men korleis kan vi vite om han gir oss den næringa vi treng?

To matbokser i glass på marmormønstret benkeplate. Ene boksen har toast og tomater, den andre avokado, kokt egg, blåbær og banan.
To matbokser i glass på marmormønstret benkeplate. Ene boksen har toast og tomater, den andre avokado, kokt egg, blåbær og banan.

Tanken bak matpakken

Vi et mat for å få i oss næring som kroppen omdannar til energi. Det er mykje som kan klassifiserast som næring. Men ikkje all næring er god næring, og ikkje alle matvarer er like næringsrike.

Når storefri endeleg er her, og vi er klare for lunsj, har vi allereie hatt fleire timar med undervisning. Det er lenge sidan frukost, og framleis lenge til middag.

For å halde oppe konsentrasjonen – og ikkje minst humøret – heilt til vi kjem heim att, må vi sørgje for å ete sunt når vi først kan. Det vil bidra til ein betre skuledag, både fagleg og sosialt.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Plastboks med en skrukkete stekt pølse.
Plastboks med en skrukkete stekt pølse.

Tre kategoriar

Uavhengig av om matpakken inneheld ei brødskive, restemat eller ein salat, er det viktig at han dekkjer nokre kategoriar av matvarer:

  1. grove kornprodukt
  2. grønsaker, frukt eller bær
  3. protein (fisk, linser, bønner, erter, ost, egg eller kjøt)
Tallerken og bestikk tegnet med skisset strek. Tallerkenen er delt i tre like store deler, alle i ulike farger. Hvert del inneholder henholdsvis en matgruppe: frukt og grønt, kjøtt, fisk og egg, samt brød og pasta.
Tallerken og bestikk tegnet med skisset strek. Tallerkenen er delt i tre like store deler, alle i ulike farger. Hvert del inneholder henholdsvis en matgruppe: frukt og grønt, kjøtt, fisk og egg, samt brød og pasta.

Kvifor grove kornprodukt?

Mest av alt er det fordi grove brødvarer held deg mett lenger. Dei inneheld store mengder kostfiber. Magen din må jobbe ekstra lenge for å fordøye fiberrik mat, og dermed vil du føle deg mett lenger.

Fiber er også  bra for ei rekkje andre ting:

  • effektivt mot forstopping
  • fremjar dei sunne bakteriane i mage og tarm
  • stabiliserer blodsukkeret
  • bidrar til å senke kolesterolet
  • bidrar til betre tannhelse – tygging av fiber gir auka spyttproduksjon, som igjen reinsar munn og tenner meir effektivt

Grove brød er også ei god kjelde til protein. Ei skive grovt brød på 40 gram gir tre til fire gram protein. Proteinet i brød er hovudsakleg gluten.

I tillegg gir grove kornprodukt deg stoff som tiamin, folat, jern, sink og E-vitamin. Alle desse er viktige for at kroppen skal fungere godt.

Feittinnhaldet i brød og reint korn er lågt, og feittypen er av den betre typen; hovudsakleg ein- og fleirumetta feitt.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Surdeigsbrød med vakkert mønster på rustikk fjøl oppå benkeplate i marmor.
Surdeigsbrød med vakkert mønster på rustikk fjøl oppå benkeplate i marmor.

Kvifor grønsaker, frukt og bær?

Frukt, grønnsaker og bær er kjempeviktige i det daglege kosthaldet. Det har du høyrt før. Mange gongar. Men det kan ikkje seiast ofte nok. Denne matgruppa bør vere ein del av alle måltid fordi ho inneheld mange vitamin, mineral og mykje fiber, samtidig som ho gir lite feitt og få kaloriar.

Frukt og grønsaker inneheld altså mengder av næringsstoff som vi treng, utan å gje oss kaloriar og feitt, som vi stort sett allereie har meir enn nok av i kosthaldet vårt.

Frukt og grønsaker gjev også effektiv forebygging av sjukdommar som kreft, hjarte- og karsjukdommar, høgt blodtrykk, overvekt og diabetes. Dei inneheld ei rekkje stoff som ikkje kan erstattast av dei same dosane i pille- eller pulverform. For å sikre at vi får i oss nok av desse stoffa, er det heilt avgjerande at denne matgruppa blir ein del av alle måltid vi har gjennom dagen – også matpakken!

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Brokkoli og erter på en rustikk fjøl, mot en mørk grå benkeplate. Naturlig lys med mye skygger.
Brokkoli og erter på en rustikk fjøl, mot en mørk grå benkeplate. Naturlig lys med mye skygger.

Kvifor protein?

Du har kanskje høyrt somme kalle protein for «byggjesteinane i kroppen»? Det er fordi det bokstavleg talt er nettopp det dei er.

I Noreg dekkjer vi proteinbehovet med eit vanleg kosthald. Men på verdsbasis døyr fleire millionar barn kvart år av sjukdommar som kjem av proteinmangel.

Protein er molekyl som består av lange kjeder med aminosyrer. 22 av desse aminosyrene er livsnødvendige. Nokre kan kroppen lage sjølv etter behov, men fleire av dei må vi få gjennom maten vi et. Desse er dei såkalla essensielle aminosyrene: valin, isoleucin, leucin, lysin, metionin, fenylalamin, tryptofan og treonin.

Aminosyrer blir i all hovudsak berre produserte i planteriket, og derfor må vi få dette gjennom kosten vår. Det oppnår vi ved å ete produkt av planteetande dyr og ulike plantar og kornvekstar.

Mattypar som inneheld alle desse essensielle aminosyrene, kaller vi fullverdig protein. Dette er for eksempel kjøt, fugl, fisk, egg, mjølkeprodukt, ost og soyabønner.

Vegetariske kjelder som kan kombinerast for å få fullverdig protein, er korn, ris, mais, bønner, erter, linser og nøtter.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Rått egg i knust skall og to hele egg i en skål, mot en mørk bakgrunn.
Rått egg i knust skall og to hele egg i en skål, mot en mørk bakgrunn.

Skive med sveitt ost

Skulemåltidet skal hjelpe deg gjennom ein lang og krevande skuledag. Men ofte går det fleire timar frå matpakken blir tillaga, til han skal etast på skulen. Då er det ikkje alltid like freistande å ete maten, uansett kor sunt og godt innhaldet er for kroppen din.

Her er nokre tips til å halde matboksen kald i sekken gjennom skuledagen:

  1. Ha matboksen i ein litt mindre sekk saman med eit kjøleelement.
  2. Frys ned drikkeflaska di over natta. Legg henne saman med matboksen i sekken. Då har du både frisk mat og kald drikk til lunsjen.
  3. Viss du liker yoghurt til lunsj, kan du fryse ned yoghurten og ha han frosen opp i matboksen. Då held han skivene kalde, samtidig som han tinar akkurat i tide til storefri.
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Ulike drikkeflasker med vann i en fryserboks
Ulike drikkeflasker med vann i en fryserboks

Matpakkeeksperimentet

Kva skjer hvis du serverer kebab og cola til lunsj til ein gjeng seksåringar? Sjekk eksperimentet til Helsedirektoratet:

 

Kjelder:

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Helsedirektoratet – YouTube