Med ei klype salt

Salt er livsviktig for oss, men vi skal ikkje ha for mykje av det. Salt er eit kjemisk samband mellom natrium og klor, og det finst mange stader på jorda. Kan du tenke deg å ete hardkokt egg utan salt, eller droppe salt på popcornet?

Accessibility icon Med ei klype salt

Med ei klype salt

Hva betyr eigentleg uttrykket «å ta noko med ei klype salt»?

Språkrådet forklarer det slik: «Å ta noko med ei klype salt betyr å ikkje ta det heilt bokstaveleg, eller å godta noko sjølv om ein skjønner at det er overdrive.»

Når vi lagar mat hender det òg at vi tilset ei lita klype salt – men kor mykje salt er det eigentleg?

Dame som drysser salt i en bolle med mel
Dame som drysser salt i en bolle med mel

Ikkje standardiserte måleininger

Det er ikkje godt å seie nøyaktig kor mykje ei klype salt er, men det er ikkje veldig mykje.

Ei klype salt er ikkje ei standardisert måleining. Vi kan diskutere kor mykje dette er – er det 1 gram, 2 gram eller 5 gram?

I mange gamle oppskrifter var ein ikkje alltid så nøyaktig med mengda av ingrediensane. Eit anna døme på dette er måleininga «kopp». Nokre gongar står det at ein skal ha 3 koppar mjøl i ei kakeoppskrift. Kor mykje det blir, avheng jo heilt av kva slags kopp ein brukar.

Det gjer det mykje enklare med standardiserte måleiningar som gram, kilo, desiliter og liter. Då veit alle nøyaktig kor mykje som skal til av ingrediensane.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Jente som veier opp mel til baking
Jente som veier opp mel til baking

Salt er viktig for oss

Kroppen vår treng salt for å fungere normalt. Salt er òg viktig for smak og konservering av matvarer. Dette les du meir om seinare i denne artikkelen.

Samtidig et vi altfor mykje salt. Dei fleste bør redusere mengda. Å ete for mykje salt kan føre til helseskadar.

Kva er salt?

Salt (NaCl) består av grunnstoffa natrium (Na) og klorid (Cl). Salt blir derfor kalla natriumklorid.

Kroppen treng natrium, men behovet er berre cirka 0,6 gram natrium (1,5 gram salt) om dagen for vaksne. Ei teskei rommar 7 gram salt. Vi snakkar altså om ganske små mengder.

Saltinntak

I snitt et kvar av oss 10 gram salt kvar dag. Det er over seks gongar så mykje som den anbefalte mengda.

Det er vitskapleg dokumentert at:​

  • inntak av for mykje salt aukar risikoen for høgt blodtrykk og hjarte- og karsjukdommar hos både kvinner og menn.
  • inntak av saltholdige matvarer aukar risikoen for kreft.
Kva brukier vi salt til?

Vi bruker salt til å setje smak på mat, eller for å verne matvarer betre. Men det er ikkje berre i maten vi brukar salt – eller natriumklorid.

Natriumklorid blir brukt blant anna til framstilling av glas, til glasering av keramikk og for å tine snø og is. Derfor kan du sjå «saltbilen» på vintervegane våre.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Fingre som holder en saltkrystall. Rosa bakgrunn.
Fingre som holder en saltkrystall. Rosa bakgrunn.

Salt – ei lita kjærleikshistorie

Salt oppstår gjennom ein kjemisk reaksjon mellom natrium og klor. Alle atom liker å ha fulle elektronskal rundt seg. I det inste skalet er det plass til to elektron, og i det ytste er det plass til åtte elektron. Natrium er veldig misnøgd med at det har eitt elektron for mykje. Samtidig er klor misfornøgd fordi det manglar eit elektron i det ytste skalet sitt.

Når natrium og klor reagerer med kvarandre, får begge fulle elektronskal. Klor får nemleg det eine elektronet som natriumet vil kvitte seg med. Dei blir begge lykkelege, og den kjemiske prosessen med å flytte elektronet fører til at det blir frigjort varme. Her snakkar vi altså om ei heit kjærleikshistorie.

Resultatet blir saltet vi bruker kvar einaste dag. Ei lykkeleg historie for oss alle!

Kjemisk reaksjon når natrium og klor møtes
Bakgrunn med tekstur av salt
Bakgrunn med tekstur av salt

Lage is utan frysar?

Du kan lage din eigen iskrem sjølv om du ikkje har ein fryseboks. Du treng berre snø og salt, men du kan bruke isbitar òg.

Du lagar først ei fløyteblanding og har ho i ein tett boks. Deretter tek du 2 delar snø og 1 del grov salt i ein bøtte. Bland godt. Hell så fløyteblandinga over i bøtta. Litt avhengig av kor mykje fløyteblanding du har, er isen ferdig  etter 8-10 timar.

Du kan òg lage softis med isbitar og salt. Då har du fløyteblandinga i ein plastpose. Det må vere ein del luft i posen. Knyt godt igjen. I ein annan plastpose har du 25 isbitar og 20 matskeier med salt. Legg posen med fløyteblanding i posen med isbitar og salt. På litt under ein halvtime skal softisen vere ferdig.

Her er to oppskrifter du kan prøve deg på:

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Kuleis i kjeks. Ulike smaker. Blå bakgrunn.
Kuleis i kjeks. Ulike smaker. Blå bakgrunn.

Salt var viktig for samfunnsutvikling

Før i tida måtte ein ete kjøt, fisk og fugl raskt etter at maten var fanga. Då hadde ein ikkje kjøleskap og fryseboksar slik som i dag.

Det førte til at ein måtte bu i nærleiken av der maten var. Ein trong ikkje å fange eller fiske meir enn det ein trong for ein dag eller to.

Då nokon forstod at salt kunne brukast i maten, vart kjøt og fisk salta og tørka. Då vart det meir haldbart. På den måten kunne ein òg reise lenger, og ikkje berre bu akkurat der maten var.

Tørfisk til tørk på snor
Tørfisk til tørk på snor

Saltutvinning

Vi får tak i salt på ulike måtar. Salt finst nokre stader inne i fjellet. Vi kallar det steinsalt. For å få det ut må ein lage gruver inne i fjellet. Steinsaltet oppstod for mange millionar år sidan. Havvatn fylte holrom i fjellet og fordampa. Då låg berre saltet igjen.

I vår tid kan ein få salt gjennom å fordampe havvatn.

I mellomalderen var salt kostbart, og i Noreg finst det ikkje steinsalt. Her måtte ein derfor vinne ut salt frå havvatn. Ein liter havvatn inneheld 3,5 gram salt. Ein hadde havvatn i jerngryter som stod på ein eldstad. Når vatnet begynte å koke, fordampa det og etterlét seg salt i gryta.

I varmare strøk vil sola varme opp vatnet slik at det fordampar, og vi får det som blir kalla saltavleiringar. Dette saltet kan då samlast opp.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Saltutvinning fra havet på Kanariøyene. Bildet tatt i solnedgang
Saltutvinning fra havet på Kanariøyene. Bildet tatt i solnedgang

Kjelder:

  • Haraldsen, Haakon; Waaler, Bjarne A.; Pedersen, Bjørn: natriumklorid i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 11. august 2021 frå https://snl.no/natriumklorid
Bakgrunn med tekstur av salt
Bakgrunn med tekstur av salt

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Skolerom / Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
Bakgrunn med tekstur av salt
Bakgrunn med tekstur av salt