Lær deg å velje klokt
Når du vel klokt, er det lettare å føre bilen trygt forbi overraskingar og hindringar du møter på vegen. Alle møter hindringar i livet, anten det er på skulen, på jobben eller andre stader.
Livsval
Nokre gongar er det vanskeleg å velje, men hugs at det er lov å ombestemme seg. Livet handlar om å prøve seg fram medan ein lærer og utviklar seg. Kvart val fører deg nærare draumane dine, og kvart skritt er ein del av livseventyret ditt.
Små og store val
Kvar dag dag tek du mange små «kvardagsval». Kva skal du ete til frukost? Kva skal du ha på deg? Korleis møter du familien din om morgonen? Korleis oppfører du deg overfor venner?
Og så tek du nokre store val, som kvar du skal studere. Både dei små og store vala er eit skritt på vegen mot ditt framtidseg.
Ta styringa
Når du lærer å ta smarte val, blir du ein god sjåfør i ditt eige liv. Du styrer mot målet medan du utforskar nye moglegheiter.
Korleis velje rett?
Når du tar dei små kvardagsvala eller dei store livsvala dine, kan det vere vanskeleg å vite kva som er rett.
Her er nokre ting å tenkje på:
- Vel det som gjer deg glad.
- Skap ei framtid du trivst med.
- Kjenn deg trygg på at du er ein god sjåfør på di eiga reise.
Hugs at alle vel feil i blant, det viktigaste er å lære av dei erfaringane du gjer.