Med handa på rattet – ta gode val

Det er du som skal vere sjåfør i eige liv. Du skal ikkje vere ein passasjer der andre bestemmer kvar du skal. Du må lære deg å manøvrere trygt på livets reise. Verda ligg for føtene dine.

Kvar gong du tek eit val, er det som å setje kursen mot eit nytt eventyr. Nokre gongar er det lett å finne fram. Andre gongar kan det kjennast som om du har køyrt deg bort og ikkje veit heilt kvar du skal. Men viss du lærer å velje rett, blir du betre rusta til å finne rett veg!

Å ta gode val

Å ta gode val er som å vere ein flink sjåfør som finn vegen dit du skal. For å gjere det treng du rette verktøy:

  • Mål: Det er viktig å vite kvar du skal. Set deg eit mål, og hald stø kurs mot dette. 
  • God skilting: Lytt til magekjensla. Ho er som skilta langs vegen og fortel deg kva slags veg du bør velje, når du bør snu, når du må ta ein pause, og når det berre er å gasse på.
  • Gode fjernlys: Sjå for deg kvar du vil vere om fem eller ti år. Kva slags person vil du bli? Ikkje mist målet av syne, sjølv om det av og til kan verke langt borte.
  • Clutchpedalen: Nokre gongar er det lurt å tråkke på clutchen og kanskje gire ned. Treng du å stoppe opp og tenkje før du tar eit val? Kanskje du må stoppe på ein rasteplass før du kan halde fram på reisa.

Slik tar du gode val

  • Tenk deg om: Ta deg tid til å vurdere moglegheitene dine. Kva blir konsekvensane av valet ditt? Kven andre blir påverka av det du vel?
  • Snakk med andre: Det er alltid lurt å snakke med nokon du stolar på, anten det er ein venn, nokon i familien din eller ein lærer. Dei kan gi deg råd og hjelpe deg å sjå ting på ein ny måte.
  • Lær av feil: Hugs at alle gjer feil. Det viktigaste er ikkje feilen, men kva du lærer av han.
  • Ver modig: Nokre gongar krev det mot berre å ta eit val. Det er ikkje alltid du kan vite på førehand om det er heilt perfekt. Tru på deg sjølv og evna di til å velje rett.
Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
En hånd på rattet i en bil.
En hånd på rattet i en bil.

Dine draumar,
ditt val!

Har du nokon gong tenkt på framtida di? Kanskje du har lyst til å bli ein berømt fotballspelar, ein verdskjend kunstnar eller ein kjend forfattar? Ser du for deg eit liv fylt med venner og stadig nye eventyr? Uansett kva du drøymer om, er framtida full av spennande moglegheiter!

Då du var liten, drøymde du kanskje om å leike og ha det gøy. Men draumane dine har forandra seg etter kvart som du vart eldre. Tenk på alt du kan gjere! Vil du bu i byen eller på bygda? Kanskje du vil reise til eit land langt borte?

Ungdomstida er perfekt for å utforske kven du er og kva du ønskjer deg. No skal du lære å bestemme over ditt eige liv. Kva drøymer du om å bli?

Denne tida er perfekt for å utforske, lære og bestemme sjølv. Kva vil du prøve først?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En gutt står i en gate, foran han er et verdenskart
En gutt står i en gate, foran han er et verdenskart

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!