Med handa på rattet

Det er du som skal sitje i førarsetet og vere sjåfør i livet ditt. Kvart val du gjer, fører deg mot nye eventyr. Viss du lærer å velje rett, blir du betre rusta til å finne rett veg!

Å ta gode val

Du treng rette verktøy for å ta gode val:

  • Mål: Set deg eit mål, og styr mot det.
  • God skilting: Magekjensla di er som skilta langs vegen. Ho fortel deg kvar du skal, når du skal svinge, og når du har køyrt feil.
  • Gode fjernlys: Ikkje mist målet av syne sjølv om det kan verke langt borte.
  • Clutchepedalen: Tenk deg at du av og til må tråkke inn clutchen og gire ned. Då får du tid til å tenkje deg om, før du kan køyre vidare.

Slik tar du gode val

  • Tenk deg om: Ta deg tid til å vurdere konsekvensane av valet ditt. 
  • Snakk med andre: Snakk med nokon du stolar på viss du treng råd. 
  • Lær av feil: Alle gjer feil. Prøv å lære noko av dei.
  • Ver modig: Tru på at du klarer å velje rett!

Bruk desse råda til å navigere trygt gjennom livet.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
En jente står foran på en seilbåt og ser fremover
En jente står foran på en seilbåt og ser fremover

Dine draumar,
ditt val!

Kva vil du gjere i framtida? Vil du bli ein berømt fotballspelar? Vil du ha eit liv fullt av morosame eventyr? Eller liker du litt rolegare dagar, utan for mykje styr?

Draumane dine endrar seg etter kvart som du blir eldre. Vil du bu i byen eller på landet? Kanskje du vil reise mykje?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En gutt står i en gate, foran han er et verdenskart
En gutt står i en gate, foran han er et verdenskart

Ler deg å velje klokt!

Når du har teke eit gjennomtenkt val, er det lettare å tole hindringar og overraskingar du møter på vegen.

Livsval

Det kan vere vanskeleg å vite kva ein skal velje. Livet handlar om å prøve seg fram medan ein lærer og utviklar seg. Kvart val fører deg nærare draumane dine.

Små og store val

Kvar dag tek du små «kvardagsval». Du vel å stå opp med ein gong klokka ringjer, du vel å seie hyggeleg god morgon til foreldra dine, og du vel å jobbe hardt med skuleoppgåvene dine.

Du tek òg nokre store livsval, som kvar du skal søkje vidaregåande. Både store og små val er eit skritt på vegen mot ditt framtidseg.

Korleis vel ein?

Du tar allereie mange val kvar dag. Nokre er lette, andre er vanskelege. Her er nokre tips for å velje rett:

  • Vel det som gjer deg glad.
  • Tenk at du skal skape ei framtid du trivst med. 
  • Ver ein god sjåfør, og før ditt eige liv på smarte vegar.
  • Alle vel feil i blant, det viktigaste er at du lærer av erfaringane dine.
Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
En jente står i klesskapet og prøver å finne ut av hva hun skal ha på seg
En jente står i klesskapet og prøver å finne ut av hva hun skal ha på seg

Tenk over:

  • Draumar om framtida: Kva har du lyst til å gjere i framtida?
  • Val og moglegheiter: Kva for spennande val må du ta dei neste åra?
  • Lære av val: Har du teke eit val som vart heilt feil? Kva lærte du av det?
  • Di rolle i framtida: Kva trur du er viktig for å gjere di eiga framtid spennande og meiningsfull?

Du bestemmer over ditt eige liv

Det er viktig at du blir godt kjent med deg sjølv når du skal velje kva veg du skal i livet. Kvart val lærer deg noko som hjelper deg vidare mot ditt framtidseg.

  • Ta gode val: Lær deg forskjellen på gode og dårlege val. Hugs at kvart val fører til ein ny stad i livet. 
  • Set deg nye mål: Set deg nye mål, og jobb for å nå dei.
  • Lær av erfaringane dine: Du lærer alltid noko av vala dine, anten du taper eller vinn. 

Kvart val er eit skritt på vegen mot å bli den du ønskjer å vere.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt